Starten er heilt nede ved sjøen, og den første halve kilometeren er flat etter grusveg. Deretter svingar ein inn i lia, og følgjer Noregs brattaste kløvjaveg i vel 2,2 kilometer til Rimstigen. Kontrollmålingar viser ein stigningsprosent på kring 32 % i den bratte delen, men stien er god og sikker og slyngar seg jamnt oppover dalsida heilt til topps.
Starttider
Løpet startar klokka 12.00, medan dei som vil delta i turklassen må i veg mellom 10.00 og 11.00. Trimmarane ventar på toppen slik at dei kan vera med på å heia konkurranseløparane i mål. Deretter vert det retur til idylliske Bakka, og premieutdeling ved grendahuset. Her vert det selt mat og drikke, ein kan ta seg eit forfriskande bad i fjorden og nyta det mektige landskapet i Nærøyfjorden.
God premiering
Alle som deltek får ei flott T-skjorte, det er pengepremiar til tre beste kvinner og menn, klassevinnarpremiar, gevinstar på loddtrekning og dessutan ei ekstra påskjøning til konkurranseløparane under 18 år.
Løyperekordar
Rimstigen Opp inngår som eit av seks løp i Voss Oppturar Cup. Øyvind Sundby Heiberg, IK Tjalve har løyperekorden i herreklassen med 25.55. I dameklassen er det May Britt Buer, Gular som har bestetida med 30.05. Det vert lagt til rette for parkering i Gudvangen og transport tur/retur Bakka.
Rimstigen opp 2012