Vignett-kondiskommentaren.jpg

For idrettsleiarar likar å bli likt av ungdommen, ikkje minst sia dei som løyver pengar gjerne er ekstra rause dersom mottakaren speler på lag med dei unge. Og da kan det freiste å omfamne gamarane sjølv om e-sporten i stor grad står for det motsette av det som har kjenneteikna idrettsrørsla.

Medan dataspela innbyr til å sitje timevis i ro framføre ein skjerm, har kjerneverdien i idretten vori rørsleglede og fysisk aktivitet. Den kanskje viktigaste grunnen til den store offentlege støtta som blir idretten til del, har vori at den får folk opp av sofaen og i gang med helsefremjande aktivitet. Dermed blir det nokså ironisk dersom idretten sjølv skal inspirere neste generasjon til å setje seg i stolen og sjå inn i skjermen.

I haust har eg lesi Ole Petter Hjelles nye bok, «Sterk hjerne med aktiv kropp». Der fortel hjerneforskaren at gamingselskapa jobbar hardt for å overtyde oss om at dataspel er bra for hovudet. Forskinga viser imidlertid at slike spel ikkje har nokon generell utviklande effekt på hjernen. Dei gjer oss berre flinkare i det spelet vi held på med og til ein viss grad i liknande spel.

Det som ifølgje hjerneforskaren derimot har ein stor positiv effekt på hjernen, er fysisk aktivitet der ein får opp pulsen. Når vi trenar, skil kroppen ut fleire vekststoff som mellom anna stimulerer produksjonen av nye hjerneceller. Vi blir meir kreative, skjerpar hugsen og kjem i betre humør. I tillegg kjem alle dei positive effektane trening har på resten av kroppen.

Eg synest difor det er rart dersom den norske idrettsrørsla vil ta på seg ansvaret for å promotere stillesitjing framføre skjermen. Blir e-sport eit eige forbund på line med dei andre særforbunda, vil det få offentleg støtte som enten vil gå utover andre særforbund, eller så må styresmaktene løyve ekstra midlar – for å få ungdommen til å sitje meir i ro. Det tredje alternativet – at styresmaktene ser nøyare på kva som er verdt å støtte både innafor og utanfor NIF-systemet – har eg slutta å tru på.

Men eg trur at både idretten og folkehelsa tapar stort dersom bevegelsesglede og fysisk aktivitet ikkje lenger er eit hovudkjenneteikn ved idretten. Er det ikkje sterke nok krefter som påverkar oss til å drive på med dataspel om ikkje idretten skal oppmode til det?


(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 7 - 2018)

 

Runar Gilberg (53) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton