Rapport frå arrangøren:

Bertine-Helene Færø gjorde eitt av dei beste løpa sine i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. På tida 7.29 var ho klart best av kvinnene. I herreklassen vart det ein ny duell mellom brørne Jo-Harald og Magnus-Johan Færø. Også denne gong var Jo-Harald raskast i spurten.

Under dei litt tunge forholda med regn heile tida, var det mange sterke løp som vart presterte. Fleire løparar sette personbeste i karuselløypa.

bertine-helene-f5320-n1500.jpgBertine-Helene Færø var sju sekund etter bestenoteringa si frå 2011, og det er berre søstera Sara-Rebekka Færø Linde som har sprunge fortare.

f-r--duell5304-n1500.jpgJo-Harald skaffa seg ei luke til Magnus-Johan omtrent der dei runde siste bakketoppen. Magnus Johan greidde aldri å tetta den, sjølv om han nærma seg litt dei siste meterane. Men han kunne i alle fall gle seg over ny personbeste i løypa med 6.45, sekundet raskare enn før.

På tredjeplass kom veteranen Sverre Johansen (f. 1976) som med 7.26 betra bestetida frå 2013 med 24 sekund. Ein suveren personforbetring stod Nikolai Færø for på tida 8.02, heile 53 sekund betre enn det beste han har gjort før.

Fleire jenter synte også  solid framgang. 17-årige Ida Nes Sjursen noterte 8.51 som var 48 sekund betre enn ho hadde i november i fjor. Like bak henne på 8.54 kom 13-årige Ida Herland Sæthre som dermed var 46 sekund raskare enn for eitt år sidan. Hedda Eikanger, også ho 13 år, kutta ti sekund av si gamle betetid og kom i mål på 9.00.

Men alle desse måtte sjå seg slått av 12-årige Amalie Kallestad som sprang på 8.49.
 

Vinterkarusell 2018-19, 1. løp.
Eikanger 13. oktober 2018
Arr.: Eikanger IL
Regn, stille,  + 11-12° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Jo-Harald Færø         6.44
2. Magnus-Johan Færø 6.45
3. Sverre Johansen       7.26
4. Bertine-Helene Færø 7.29
5. Nikolai Færø            8.02
6. Grethe Jørgensen    8.09
7. Einar Skrede            8.17
8. Atle Austrheim         8.29
8. Arvid Hauge            8.29
10. Gaute Sørli Verlo    8.41

Det neste løpet på Eikanger går laurdag 3. november.


Alle resultater samt flere bilder på Eikanger IL sin hjemmeside