Vignett-kondiskommentaren.jpgMen det er òg ein siste gong for alt. Eit siste kyss, ein siste ultratur, ein siste gong opp på Vettakollen eller sigerspallen. Det vi ein gong byrja med, skal vi òg ein gong slutte med. 

Likevel er det ikkje rart at det er den første gongen som blir feira mest. Vi hyller det grensesprengande, banebrytarane. Breaking Marathon Limits og Grete Waitz. Det er ikkje like mykje stas å sprenge dører som alt er opna. Det er fire år sia eg gjekk min første gule bulder, med tilhøyrande Facebook-oppdatering:

«I går klarte eg å gå mi første gule buldrerute. Ifølgje ein som forstår seg på slikt, skjer det berre ein gong i livet, og da er det verdt å glede seg. Det gjorde – og gjer – eg.»  

I skrivande stund har eg klatra så lenge at eg har notert 99 gule ruter i boka, og det kjem neppe nokon ny Facebook-rapport når nummer 100 er i boks.  

Vi vonar
Ein annan grunn til at vi i mykje mindre grad feirar den siste gongen enn den første, er at vi sjeldan veit om det er den siste. Vi vonar på fleire kyss og maratonløp og turar til toppen. 

Da eg sette maratonpersen min på 2.28.37, hadde eg ei sterk kjensle av at det var den tida som kom til å bli persen min for all framtid. Men eg visste ikkje at det òg ville vera siste løpet mitt under 2.30. 

Det veit eg no. Med veldig god margin. Eg klarer ikkje ein gong 800 m i den farten eg da heldt på maraton. Etter 15 år med maratonframgang kom 15 år med tilbakegang til eg i 2014 sprang min hittil siste maraton på 2.49.47. 

No fire år og to hæloperasjonar seinare har tanken dukka opp om å prøve å få til ein maraton til under 3 timar. Ikkje fordi det er noka bragd av ein 55-åring – det er mange langt eldre som klarer det – men rett og slett fordi eg har lyst på eit siste løp på den sida av 3-talet. 

Og fordi eg veit at det ikkje blir lett. Eg er langt unna å vera i sub 3-form no, og skal det gå, må eg vera både iherdig og lur og ha helsa, vêret og resten av marginane på mi side.  

Sosial reise
Og godt mogleg kan det òg bli ei sosial reise. Ein av favorittnevøane mine, Stian, driv mange ulike idrettar, men har i bakhovudet ein idé om å springe maraton under 3 timar – og aller helst 7 minutt fortare for å slå persen til faren. 

Min gode svoger Erling sprang mellom 2006 og 2015 sju maratonløp under 3.05 med 3.00.18 som best, men han kom seg aldri under den magiske grensa. No er han 55 og er klar for ein siste framstøyt. 

Vi har planar om å gjera det i lag i same løp til hausten om eit lite år. Er vi i om lag like god form, spring vi lagtempo i fart til 3 timar fram til 37 km, og så er det førstemann til mål derifrå. 

Kanskje kryssar vi alle mållina på 2.59. Stian for første, eg for siste og Erling for både første og siste gong på 2-talet.  

Da skal eg juble for oss alle som i ein liten augneblink fekk møtast i midten til fredeleg fight – enten vi er på tur opp eller på tur ned. 

Herleg haustdag
Kan hende burde eg slå slike tankar ifrå meg. Det kan fort bli skadar i oppkøyringa, smell undervegs og 3.30 i staden for 2.59. 

Men eg leikar med tanken lell. Om eit maratonsprell til. Berre for å sjå om det går. 

Gjer det det, skal gleda vera like stor som det ho var den herlege haustdagen bror Lars og eg sprang maraton for første gong. Det som starta med familiær lagtempo i Berlin i 1984 får kanskje sin slutt – eller framhald – i Frankfurt 2020. 

Sjølv om vi veit at ferda ein gong skal stanse, så er det fint med mål framføre seg. Og enda finare å ha eit felles mål i sikte. 

Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 8 - 2019

 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.