Anna Margrethe Tråve (58 år) frå Lærdal og Kjell Erling Mundal (49 år) frå Fjærland brukar Fanaråken Opp som oppkøyring til VM i motbakkeløp for veteraner 31. august i Tsjekkia. Anna har teke medalje i alle EM og VM i motbakkeløp som ho har delteke i.

Det blir også ein spennande duell mellom to lokale løparar som er landets aller fremste i si klasse M45-49 år. Det er Kjell E. Mundal , Fjærland og Arvid Brudevoll Vik. Kjell har stort sett vunne si klasse i alle motbakkeløp i Noreg, men så gjorde Arvid eit skikkeleg «kvantesprang» og slo Kjell i Molden Opp i år. Etterpå fekk Kjell revansje over Arvid i Vidasete Opp, og no er det ny duell i Fanaråken Opp på laurdag.

Siste: Joel Dyrhovden frå Samnanger gjer come-back i Fanaråken Opp etter tre års «Fanaråken Opp – pause» . Han sprang sitt fyrste motbakkeløp i Fanaråken Opp i 2006 som 17-åring. Han vart då nr, 2 totalt bak Jon Tvedt!  Året etterpå vann han junior-NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp. Deretter vann han to NM-gull til som junior i motbakkeløp. Joel vart også nr. 10 i VM i motbakkeløp for junior i 2008 og var også med på det norske laget som vann sølv i VM i motbakkeløp for junior i Sveits i 2008.

0098625
Anna Margrethe Tråve jublar saman med 600-700 på toppan av Fanaråken i fjorårets 10-års-jubileumsløp. Foto Christian Prestegård

Arrangør IL Fanaråk håpar i år på «reprise» av fjorårets 10-års-jubileumsløp Fanaråken Opp www.fanaraaken.com som vart ein knallsuksess og jubeldag med 550 deltakarar frå 10 land og 150 «tilskodarar» på toppen av Fanaråken 2068moh i praktfullt vær med sol frå  skyfri himmel. Aldri tidlegare har det vore fleire samla ved nord-europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta 2.068 moh og aldri har Fanaråken Opp vore arrangert i flottare vær. Deltakarane hadde praktfullt utsyn og vidsyn m.a. over 2000 høydemeter rett ned i Sognefjorden/Lustrafjorden , mot Europas største fastlandsisbre Jostedalsbreen med Skagstølstindane /Hurrungane som storslagne kulisser. Det er dette storslagne utsynet og vidsynet som heile verda assosierer med det beste av Noreg.

640_Kjell_Mundal
Kjell E. Mundal passerer 2000 moh på veg mot klar klassesiger i M45-49 i fjorårets jubileumsløp. Foto Christian Prestegård


Sjå stor bildereportasje med 40 foto på Kondis.no: http://www.kondis.no/jubeldag-for-700-i-fanaraaken-opp.5078183-127693.html

Sjå også reportasje på Bt.no med Video: http://www.bt.no/sprek/Anita-vant-Fanaraken-opp-2748497.html

TV2.no publiserte ein artikkel der dei spør om Fanaråken Opp-traseen er Norges vakraste joggeløype : http://www.tv2.no/sporty/loping/er-dette-norges-vakreste-joggeloeype-3835766.html

Fanaråken Opp løypa er nyleg kontrollmålt til 8,4 km frå starten på Turtagrø 868 moh til mål ved Fanaråkhytta 2068 moh. Den delen av løypa som TV2.no siktar til er dei siste 4 km av løypa med 1000m stigning opp til toppen. Store delar av denne løypetraseen er vorte utbetra av sherpaer frå Nepal som ledd i det omfattande stiprosjektet til Statens Naturoppsyn. Dette er tilsvarande arbeid og prosjekt som også er utført av i løypetraseen for Skåla Opp. Kva løype som er vakrast må du avgjere. Eg gjev Fanaråken Opp-løypa og Skåla Opp-løypa www.skaala.no delt 1. plass i Noreg!

Fjorårsvinnar Tomas Bereket  (Eritrea/SK Vidar) har også i år favorittstempelet i herreklassa.

«Bak» han gjer den triple junior-noregsmeistaren i motbakkeløp Joel Dyrhovden eit spennande comeback i Fanaråken Opp løypa, der han vann sitt fyrste junior-NM i 2007. Joel får tøff konkurranse av m.a. Johan Bugge, Eidsvåg, som i år vart beste nordmann i VM i motbakkeløp. Det blir også spennande å sjå korleis dei utanlandske løparane frå Skotland, Nederland , Polen, Frankrike og ikkje minst frå Sverige, hevdar seg..Sverige stiller med fleire unge lovande skiløparar..

I dameklassa er det pt. ingen klar favoritt sjølv om den skotske meistaren i fjelløping frå 2011, Eilidh Raistrick, stiller til start. Ho vart i fjor mor og er truleg ikkje heilt i toppslag enno. I favorittskiktet blant dei norske er m.a. den lokale løparen Merete Helgheim, Gloppen og Therese Sjursen Bfg Bergen. Merete vann m.a bronsemedalje i NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp i 2007.

Det skal utbetalast om lag kr 50.000 i pengepremiar til dei beste, og løpet har premiar for tilsaman om lag kr 100.000.

IL Fanaråk tek i mot påmeldingar på www.fanaraaken.com i konkurranseklassa fram til torsdag 8. aug. kl. 21.00. I trimklassa er det påmelding også løpsdagen ved starten på Turtagrø fram til kl. 10.00. Dei siste åra er det framfor alt trimmarane som har laga showet på Fanaråken. Det er flest trimmarar  som deltek i Fanaråken Opp. Dei startar tidleg om morgonen mellom kl. 08.00 og 09.30 og lagar reine «Tour de France-stemninga» på toppen når om lag 200 konkurranseløparar kjem stormande i mål ved Fannaråkhytta 2068 moh.

640_Melkesyre_Bergen_Foto_Christian_Prestegaard
Med mange påmeldte frå Team Melkesyre i Bergen også i år blir det garantert TOPP stemning ved mål på Fanaråken. Foto Christian Prestegård