Det var opplettsvèr, 5 plussgrader, men litt kald vind i sesongens 6. løp i Vinterkarusellen i Strandebarm. Dette gjorde at det vart medvind på fyrste del av løpet, og motvind på tilbakeveg til Idrettsparken.

Som vanleg var det med folk i alle aldrar av begge kjønn. Det var også nokre nye påmelde denne kvelden. Det var flott innsats av alle deltakarar. Blant jentene var dei tre fyrste i mål Amalie Svåsand Måge, Torild Kveberg og Irene Tangerås. Fem gåvepremiar vart tekte på startnummer etter løpet. Det var to posar med diverse kjekt innhald og to buffar. Desse premiane vart vunne av Kjell Martin Fugleberg, Knut Johan Nerhus, Håkon Myklebust Skjelnes og Johan Aarekol Botnen. Hovudpremien var som vanleg eit gåvekort på kr. 500,- Det kan nyttast på Mo Sport i Norheimsund og vart vunne av Elisabet Aarekol.    

I tillegg til Stranbermingar var det fin deltaking også frå folk frå andre bygder, både lenger inne i Kvam, frå Fusa og frå Hatlestrandsområdet. Det var også deltakarar frå andre sida av fjorden. Ein av dei; Haakon Myklebust Skjelnes frå Rosendal men med røter i Strandebarm, var fyrste mann over målstreken på 14,12. Fem sekund etter kom Edvin Øygard frå Hålandsdalen, og like etter kom Strandebarms eigen Sondre Svåsand Måge. Alle desse tre er unge gutar med stor fart i løypa.

Neste løp vert tysdag 18. februar kl 19. Då er ein allerede komen fram til det nest siste løpet denne sesongen. Dersom ein er med på minst fem av dei åtte løpa, får ein vinterkarusellmedalje og er med i trekking om fleire gåvepremiar. Den gjevaste er gåvekort på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport. Karusellavslutninga vert på skulen, rett etter det siste løpet tysdag 10. mars.

5 raskaste jenter:

Amalie Svåsand  Måge 18,10
Torild Kveberg 18,18
Eli Skeie 19,22
Irene Tangerås 21,02
Triana K Nerhus 21,20

5 raskaste gutar:

Haakon Myklebust Skjelnes 14,12
Edvin Øygard 14,17
Sondre Svåsand Måge 14,20
Lars Måge 15,17
Ove Måge 15,17

 

3J6A1419.jpg
Torild Kveberg og Amalie Svåsand  Måge var dei raskaste både i dette løpet og i juleløpet i desember, der dette biletet er tatt.

VINTERKARUSELL STRANDEBARM 2019-20
6. løp, 28. januar 2020. 
Alfabetisk liste

Elisabet Aarekol 22,30
Erna Aarekol 26,25
Kirsten Aase 37,26
Liv Sigrid Almås 27,47
Bjørn Ove Berge 32,44
Håkon Berge 22,11
Kaia Berge 32,44
Kjell Egil Berge 32,44
Thomas Berge 32,44
Jakob Aarekol Botnen 16,21
Johan Aarekol Botnen 22,30
Anne Christin Børsheim 25,31
Liv Berit Bru Eide 22,12
Preben Ekerhovd 16,09
Even Tufta Flotve 34,22
Magnus Tufta Flotve 19,59
Mari Tufta Flotve 35,20
Kitty Marie Håbrekke Fosse 33,54
Magne Fosse 29,50
Tor Henrik Fosse 33,54
Kjell Martin Fugleberg 27,30
Vilde Bakkely Fugleberg 27,30
Reidun Samland Gravdal 25,27
Jannicke Grønning 22,05
Trine Handal 25,19
Fredrik Haugerud 22,06
Grethe Hjertaker 29,07
Ketil Karlsen 23,51
Herlaug Kvamsøy 45,00
Torild Kveberg 18,18
Mette Lammedal 23,59
Arthur Lillefosse 25,40
Egil Løken 22,19
Anne Fredheim Magnussen 39,44
Hanne Meyer 24,51
Benjamin Stave Mjåtvedt 27,10
Ann-Kristin Mykkeltvedt 32,44
Amalie Svåsand Måge 18,10
John Olav Måge 16,09
Lars Måge 15,17
Ove Måge 15,17
Solveig Måge 41,20
Sondre Svåsand Måge 14,20
Knut Johan Nerhus 25,31
Reidar Nerhus 19,58
Triana K Nerhus 21,20
Liv Nærnes 26,28
Jan Helge Romarheim 24,18
Franz Sekanina 28,11
Rhino Sekanina 26,09
Eli Skeie 19,22
Marit Slottelid Skeie 27,12
Haakon Myklebust Skjelnes 14,12
Bodil Stranden 27,24
Silje B Svåsand 35,44
Arvid Tangerås 22,22
Irene Tangerås 21,02
Sigrun Tufta 34,22
Britt Norunn Tveit 39,44
Alvhild Tveitnes 40,52
Richard Willemoes 16,11
Edvin Øygard 14,17