Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgEg høyrde det i mikssona, der pressa møtte utøvarane, under friidretts-VM i London i sommar: «Eg spring for å vinne, for gjer eg ikkje det, så vinn eg iallfall ikkje.»

Og likevel såg eg fleire prov på det motsette – at utøvarar som ikkje trudde dei kunne vinne eller ta medaljar, gjekk hen og gjorde nettopp det.

Nekta å tru
Tydelegast var det da franskmannen Pierre-Ambroise Bosse sprang over mål som vinnar av 800 meteren. Han omtrent nekta å tru at han var først:

– Eg kunne ikkje skjønne korfor ingen passerte meg. Sjølv da eg kryssa mållina, kunne eg ikkje tru det, fortalde han speakeren etter målgang.

I semifinalen hadde han så vidt klart å gå vidare – som ein av dei to som kvalifiserte seg på tid. Det låg ikkje i korta – eller i hovudet til Bosse – at han skulle vinne finalen:

– Tru meg, eg hadde ikkje nokon konkurranseplan. Eg kom til London, og eg var ikkje i særleg god form. Eg overraska meg sjølv, og eg overraska alle andre, oppsummerte vinnaren da han hadde fått summa seg.

Skrik
Litt av det same såg vi da Karsten Warholm tok sin gullmedalje: Skrikuttrykket i fjeset som knappast kunne fatte at det var sant, fortalde det meste.

– Sant å seie så trur eg det ikkje. Eg har jobba så hardt for dette, men eg veit ikkje kva eg har gjort. Dette er ei fantastisk kjensle, var Warholm sin spontane reaksjon.

Den same opplevinga hadde amerikanske Courtney Frerichs som persa med 15 sekund og tok andreplassen på 3000 m hinder.

– Det kjennes som om eg er i ein draum. Dette er berre heilt uverkeleg. Halvvegs forventa eg på ingen måte medalje, var utsegna hennar rett etter løpet. Sjølv da ho vart intervjua hadde ho den uverkelege kjensla i seg:

– Somme gonger tek eg meg i framleis å undrast på om det verkeleg hendte. Og da eg i målområdet såg opp på tavla, var eg heilt sjokkert. Det verka alt for godt til å vera sant.

Uslåeleg
Før VM vart leiarane for den norske troppen kritisert for at dei ikkje reiste til London med ei klar målsetjing om å klare så og så mange medaljar eller finaleplassar. Så vart det likevel den beste norske meisterskapen på mange år.

Det er med andre ord ikkje slik at om ein ikkje trur ein kan vinne, så kan ein heller ikkje gjera det. Like lite som at sjølvtillit og høge tankar alltid fører fram. På pressekonferansen før VM i London omtala Usain Bolt seg som «uslåeleg», og da han vart spurt om han ville vurdere å stille på 200 meteren dersom han ikkje vann 100 meteren, svara han:

– Nei, det kjem aldri til å hende, så det problemet slepp vi.

Det er ikkje utan grunn at vi har fått ordtaket «hovmod står for fall».

Ut av det blå
Eg hugsar sjølv frå den tida det hendte at eg vann løp, at sigrane like gjerne kunne komma ut av det blå som ut av iherdig mental sjølvpreparering. No buldrar eg eit par gonger i veka, og somme dagar kjenner eg meg sterk og klar til å gå tunge ruter når eg er på veg til Klatreverket. Men trass i at eg mentalt kjenner meg på topp, så kan eg fort falle gjennom når eg er på plass i veggen. Flyten manglar. Andre gonger kan det sitja som det skal frå første bulder, sjølv om eg kom dit utan særlege forventningar.

Men sjølvsagt har òg det motsette hendt – at eg forventa lite og fekk til lite eller at eg trudde på store ting og klatra til topps.

Idretten er like mangfaldig som livet sjølv. Trua kan flytte fjell og få ein som knapt kan symje, til å gå på vatnet. Men det er òg mogleg å tvile seg til siger. Overraska og audmjuke vinnarar finst. 

Viktigare enn på førehand å overtyde seg sjølv og andre om kor god ein er, trur eg det er å utvikle evna til å vera heilt til stades i det ein skal gjera. Finn ein flyten og bli verande i den, kan store ting skje. Som da Bosse – utan ein slagplan – viste seg som sjef på 800 m:

– Eg berre sprang på kjensla.


Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7 - 2017

Emma Coburn og Courtney Frerichs kunne juble for amerikansk dobbeltseier. (Foto: Bjørn Johannessen)
Ingen - heller ikkje dei sjøve - hadde på førehand gjetta at Courtney Frerichs og Emma Coburn skulle ta sølv og gull på 3000 m hinder i VM. (Foto: Bjørn Johannessen)