Raskaste og best kledde nisse vert premiert, og det vert også litt utvida premiering trekt på startnummer. Pluss servering av julegodt til  deltakarane!

IMG_4772.jpg
Stanley Hauge og Bjørn Bjørsvik har full kontroll på påmelding og startnummer. Her er det ikke online påmelding og EQ-timing brikker. Slik har det blitt gjort i snart 40 år.

Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver ei veke seinare! Starten går som vanleg kl. 15.00. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Startkontingent:
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,- (vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
 

IMG_7618.jpg
Idyllisk løype

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.

Tidligere kondisreportasjer
2017: David Myers og Grethe Jørgensen best på Eikanger
2016: Færø-fest under Eikanger sitt jubileumsløp nr 300
2016: Halfdan-Emil Færø og Grethe Jørgensen raskest