Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 6 - 2020.


Som oftast når eg går heim frå jobb, legg eg turen opp grasbakkane i Damefallet. Der er underlaget mjukt, utsikta grøn og livet fredeleg. Somme spring bakkedrag.

Men her om dagen tok eg Sognsvegen som har felt for både gåande, syklande og bilande. Den stig sine 100 høgdemeter på ca. 2 km, og i den forma eg er i, blir eg både andpusten og varm i trøya berre av å gå.

Kjensle av respekt

Allereie tidleg i bakken kvapp eg litt til. Ei ikkje heilt ung dame, sikkert på min alder, sykla forbi meg i jobbklede på ein heilt vanleg ikkje-elektrisk sykkel. Oj, det er det lenge sia sist eg har sett, tenkte eg, og det kom over meg ei kjensle av respekt. Tommel opp, så fint at du orkar trø opp når så mange andre bruker både hjelpemotor og hovudmotor.

Det gjekk berre eit halvminutt så kom neste syklist forbi. Ein kar, truleg litt yngre enn både dama og meg. Ganske så uanstrengt fauk han opp bakken, og med hjelp av el-motoren hadde han raskt teki att og fari ifrå dama.

Så demotiverande for ho, tenkte eg. Sjølv demotiveringscoach Henning Lauridsen i storform kunne knapt klart det betre.

Fleire av dei el-endige følgde på, men jammen kom det ikkje nokre av dei gammaldagse òg. Til og med eit par på tur i lag. Han med vogn med unge oppi på slep og ho syklande like bak med tung sekk på ryggen. Kanskje på tur til Sognsvann for å bade, tenkte eg, og visst kunne eit kjølande bad smaka godt for dei som sveitta seg opp bakkane.

Til trimmen

Etter kvart vart eg òg passert av eit par treningssyklistar på smekre racarar, og sjølv om eg vart glad òg for å sjå dei, så fekk eg ikkje den same godhugen som den eg hadde fått for jobbdama og barnefamilien som trødde seg opp på langt tyngre doningar.

Klart flest i talet var dei som køyrde bil. På tur heim frå jobb. Til Sognsvann for å springe eller bade – eller kan hende til Maridalen for å sykle eller gå på rulleski.

Godt at folk kjem seg ut på ein så fin dag, tenkte eg. Enten dei fraktar seg sånn eller sånn, enten dei fraktar seg til trimmen eller frakta er trimmen. Eg skulle sjølv på fellestreninga til langdistansegruppa i Vidar etter ein snartur heimom for å sette ifrå meg sekken.

Fast i minnet

Men det var dama på den gammaldagse bysykkelen som beit seg fast i minnet. Ho som ikkje hadde lati kommunen sponse seg med el-sykkelstøtte. Som ikkje let seg demotivere av at det kom yngre el-sykkelkarar og eit tog av bilar susande forbi.

Ho var av den gamle sorten, som gjorde det på sin måte, som ho alltid hadde gjort. Hurra for henne, tenkte eg, i fleire dagar etterpå.

Sjølv om ho for alt eg veit berre hadde el-sykkelen og bilen inne på reparasjon samstundes, og difor fann fram gammalsykkelen frå ein liten bod inst i garasjen for å bruke han denne eine dagen.

Men eg trur ikkje det. Eg trur ho var ei slik som trødde for eiga kraft, kvar dag, opp den same bakken.

Og eg kjente at ho gjorde meg glad. 
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957