Det har vore mykje prøving og feiling etter at PC-en til underteikna rauk etter nyttår. I dag såg vi endeleg lys i tunnelen. Dette betyr at heimesidene til underteikna er oppe og går att for første gong etter nyttår. Det er kjekt å få "bekymringstelefonar" frå folk som lurer på om ein er sjuke osb. Som nemnt tidlegare er eg frisk og ved godt mot. I morgon er det nytt løp i Fana med tilbod til dei fleste - frå halvmaraton til 100km. Dersom her framleis er feil ynskjer sjølvsagt underteikna å få melding om dette. 100-klubben

HURRA !
100-KLUBBEN ER OPPE OG GÅR IGJEN !
Problema er løyste og 100-klubben er igjen ajour
Siste medlemssaker
Annonse