Kondismedlem Sponset innhold

Frå Storehesten Opp til EM i motbakkeløp 8. juli

75% av det norske herrelaget til EM i Motbakkeløp i Frankrike 8. juli tok OPPkøyringa til EM i Storehesten Opp 30. juni. Jon Tvedt, Øystein Sylta og Tormod Tjørnhom dekorerte pallen og dokumenterte at EM-uttaket ikkje var tilfeldig.
Tekst og foto Christian Prestegård

Her finn du komplett resultatliste

Sjå også reportasjen til Kristin Roset

Meir info om løpet finn du på www.storehestenopp.no
Storehesten Opp vart ei særs vellukka siste konkurranse-gjennomkøyring før EM i motbakkeløp 8. juli for Øystein, Jon og Tormod !
Dei 6 raskaste menn:
1. Jon Tvedt, Gular IL, 1.06.08 ( Ny løyperekord )
2. Øystein Sylta, SK Vidar, 1.09.27
3. Tormod Tjørnhom, KIF, 1.10.34
4. Bjarne Nes, Sogndal, 1.13.18
5. Morten Eilifsen, Rindals Troll, 1.14.40
6. André Haugsbø, Gaular IL, 1. 15.11

Den 11 km lange Storehesten Opp-løypa med 1209 høgdemeter mellom start og mål er ei særs relevant løype som gjennomkøyring til EM. Den gjennomsnittlege stigninga er 11%. Men viktig løypeinfo kjem ikkje fram i desse tala fordi den samla stigninga i Storehesten Opp-løypa er på 1280 meter i iflg min Polar Pulsklokke med høgdemålar som også registrerer samla stigning "total climb" ! Klokka viser at det er unnabakkar i løypa som tilsaman utgjer 70 høgdemeter !

I EM i Cauterets i Frankrike er herreløypa 12,5 km lang med 1374 høgdemeter mellom start og mål. Dvs. 11,4% gjennomsnittleg stigning. Kvinneløypa er 8,5 km lang med stigning på 975 meter. Dvs. snittstigning på 11,5%.

Sjå info om EM her !

I Storehesten Opp imponerte Jon Tvedt med ny løyprekord trass i ei særs tøff oppladning der han sist måndag mista sin for tidleg fødde son som hadde lege i respirator. Det kan sjå ut til at Jon bokstaveleg tala spring fortare jo brattare og tøffare motbakkane er. Til avisa Firda sa Jon etter løpet at hard trening og fysisk smerte har vore terapi mot sorg. Firda har hittil skreve 4 heilsider etter Storehesten Opp og er den fremste avisa i Noreg til å dekke motbakkeløp i motbakkeløp-fylket nr 1 i Noreg. Og no startar oppkøyringa mot Turtagrø-Fanaråken Opp 11. august med NM i motbakkeløp for senior og veteran og Skåla 1848m rett opp 18. august.

Øystein Sylta kom direkte frå eit 3000m hinder-løp i Danmark kvelden før og var nok ikkje heilt restituert til Storehesten Opp, men Øystein fekk den gjennomkøyringa han trengte for å være klar til EM. Også Tormod Tjørnhom fekk det svaret han ville ha frå kroppen. No er han på opptur mot EM og Noreg har fått eit godt lag til lagkonkurransen som absolutt bør kunne forbedre 13 plassen frå EM i 2005.
Medan Jon Tvedt måtte sette seg i bilen for å køyre attende til Bergen etter løpet kunne Øystein og Tormod slappe av i Bygstad på garden til primus motor Helge Kårstad. Eg fekk gleda av å springe ein praktfull morgontur saman med dei dagen derpå. I bakgrunnen ruvar Storehesten 1209 moh. For å markere at no er fokus EM i motbakkeløp sprang vi morgonturen i EM-T-Skjorta som er sponsa av GRIEG Gruppen og BUFF som er offisielle sponsorar for det norske EM-laget og utvalet for motbakkeløp i Norges Fri-idrettsforbund.

I tillegg til Jon, Øystein og Tormod spring også Svein Inge Buhaug , SK Vidar , på det norske herrelaget i EM. I lagkonkurransen kan kvart land delta med 4 løparar og 3 tel i konkurransen.

På det norske damelaget deltek Noreg med 3 løparar som alle tel i lagkonkurransen,
Det er Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre, Kirsten Melkevik Otterbu, BFG Fana og Christina Bus Holth, SK Vidar.

Det ambisiøse målet i år er å ta ein medalje i lagkonkurransen for damer el. individuelt. I fjor vart Anita nr. 4 i VM og Kirsten nr. 8. Dersom dei er på tilsvarande nivå i år og Christina spring opp mot sitt aller beste ( 35 blank på mila ) kan Noreg klare å ta ein historisk EM-medalje. Då må alt klaffe for i år er heile Europa-eliten frå 23 land på plass. I dameklassa er det påmeldt 71 løparar og 77 i herreklassa.
Dei beste damene i Storehesten Opp
Merete+Helgheim%2C+Gloppen+FIL%2C+p%E5+toppen+av+pallen+med+ny+l%F8yperekord+1.27.36.%0D%0ABodil+Ryste%2C+Hovdebygda+Il+vart+nr.2+og+Lene+R%F8rvik%2C+GTI+Stavanger+var+nr.+4.+%0D%0ANorunn+Stav%F8+%2C+Flor%F8+TIF+som+vart+nr+3+totalt+kunne+ikkje+m%F8te+opp+p%E5+premieutdelinga.+Ho+ramla+like+f%F8r+m%E5l+og+braut+handa%2C+men+klatre+%E5+fullf%F8re.
Merete Helgheim, Gloppen FIL, på toppen av pallen med ny løyperekord 1.27.36. Bodil Ryste, Hovdebygda Il vart nr.2 og Lene Rørvik, GTI Stavanger var nr. 4. Norunn Stavø , Florø TIF som vart nr 3 totalt kunne ikkje møte opp på premieutdelinga. Ho ramla like før mål og braut handa, men klatre å fullføre.
Dei 6 beste damene:
1. Merete Helgheim , Gloppen FIL 1.27.36 ( Ny løyperekord )
2. Bodil Ryste, Hovdebygda IL, 1.37.32
3. Norunn Stavø, Florø FIL, 1.39.22
4. Lene Rørvik, GTI Stavanger, 1.41.28
5. Vigdis G. Reigstad, IL Fri, 1.43.46
6. Eli Anne Dvergsdal, Jølster IL, 1.47.04
Gledene ved å være på TOPPEN med praktfullt utsyn, vidsyn , entusiasme og begeistring. Det er dette motbakkeløp opp på praktfulle fjelltoppar handlar om !
For+%E5+f%E5+teke+dette+biletet+m%E5tte+eg+hyle+og+dirigere+for+%E5+f%E5+denne+gladgjengen+til+%E5+snu+seg+rundt+fr%E5+utsynet+over+Bygstad.+Dette+skapte+mykje+liv+og+r%F8re+og+den+eine+fotografen+etter+den+andre+kom+springande+til+for+ogs%E5+%E5+forevige+dette+motivet+%21+Difor+vil+du+finne+att+denne+gladgjengen+i+fleire+artiklar+og+oppslag.+%0D%0A%0D%0AHeilt+til+venstre+st%E5r+Ole-Jakob+Sande+som+tok+meg+med+opp+p%E5+Storehesten+for+fyrste+gong+11.+mai+i+fjor+etter+at+eg+hadde+halde+eit+f%F8redrag+om+topp-motivasjon+og+motbakkel%F8ping+p%E5+Rytna+i+Bygstad+hj%E5+Helge+K%E5rstad.+Det+gav+meirsmak+p%E5+Storehesten+%21+Deretter+ser+vi+fr%E5+venstrer+i+fremste+rekke+m.a+Morten+Eilifsen%2C+Sindre+Hoff%2C+og+Kristin+Roset+som+no+skriv+bok+om+motbakkel%F8p+%21+Ytterst+til+h%F8gre+st%E5r+Bodil+Ryste.+Bak+fr%E5+venstre+ser+vi+m.a.+Andr%E9+Haugsb%F8%2C+Inge+%C5rdal+og+Bjarne+Nes.+Seinare+p%E5+kvelden+hadde+eg+den+store+gleda+av+%E5+delta+p%E5+ein+bankett+hj%E5+Thomas+Haugsb%F8+%28+far+til+Andr%E9%29+saman+med+denne+lystige+gjengen.+Det+og+blei+ein+ny+OPPTUR.+
For å få teke dette biletet måtte eg hyle og dirigere for å få denne gladgjengen til å snu seg rundt frå utsynet over Bygstad. Dette skapte mykje liv og røre og den eine fotografen etter den andre kom springande til for også å forevige dette motivet ! Difor vil du finne att denne gladgjengen i fleire artiklar og oppslag. Heilt til venstre står Ole-Jakob Sande som tok meg med opp på Storehesten for fyrste gong 11. mai i fjor etter at eg hadde halde eit føredrag om topp-motivasjon og motbakkeløping på Rytna i Bygstad hjå Helge Kårstad. Det gav meirsmak på Storehesten ! Deretter ser vi frå venstrer i fremste rekke m.a Morten Eilifsen, Sindre Hoff, og Kristin Roset som no skriv bok om motbakkeløp ! Ytterst til høgre står Bodil Ryste. Bak frå venstre ser vi m.a. André Haugsbø, Inge Årdal og Bjarne Nes. Seinare på kvelden hadde eg den store gleda av å delta på ein bankett hjå Thomas Haugsbø ( far til André) saman med denne lystige gjengen. Det og blei ein ny OPPTUR.
TOPP stemning på TOPPEN med 860 trimmarar som heia på 120 konkurranseløparar
Det+var+reine+fugleberget+med+entusiastiske+deltakarar+p%E5+topppen+d%E5+eg+kom+i+m%E5l+%21+Det+er+slik+eit+motbakkel%F8p+skal+arrangerast.+Sjeldan+har+eg+f%E5tt+s%E5+mykje+inspirasjon+dei+siste+metrane+til+topps.+Dette+er+sj%F8lve+suksesskonseptet+som+har+skapt+den+nasjonale+motbakkel%F8p-b%F8lja.+Trimmarane+kan+starte+n%E5r+dei+vil+fr%E5+tidleg+om+morgonen+slik+at+alle+kan+v%E6re+p%E5+toppen+for+%E5+lage+ei+praktfull+stemning+n%E5r+konkurransel%F8parane+kjem+i+m%E5l%3A+Det+er+trimmarane+som+lagar+showet+og+dei+er+like+store+vinnarar+som+dei+som+spring+raskast.+I+motbakkel%F8p+opp+p%E5+fjelltoppar+er+ALLE+VINNARAR+%21+Det+handlar+om+%E5+kome+til+topps+%21
Det var reine fugleberget med entusiastiske deltakarar på topppen då eg kom i mål ! Det er slik eit motbakkeløp skal arrangerast. Sjeldan har eg fått så mykje inspirasjon dei siste metrane til topps. Dette er sjølve suksesskonseptet som har skapt den nasjonale motbakkeløp-bølja. Trimmarane kan starte når dei vil frå tidleg om morgonen slik at alle kan være på toppen for å lage ei praktfull stemning når konkurranseløparane kjem i mål: Det er trimmarane som lagar showet og dei er like store vinnarar som dei som spring raskast. I motbakkeløp opp på fjelltoppar er ALLE VINNARAR ! Det handlar om å kome til topps !
Like+f%F8r+13+%E5ringen+Martin+Myklebust+fr%E5+Dale+kom+i+m%E5l+blei+det+ekstra+h%F8ge+heirop+og+eg+fekk+snudd+meg+rundt+og+teke+bilete+av+ein+13+%E5ring+som+akkurat+klatre+%E5+spurte+i+m%E5l+under+2+timar.+Tida+blei+1.59.42.+
Like før 13 åringen Martin Myklebust frå Dale kom i mål blei det ekstra høge heirop og eg fekk snudd meg rundt og teke bilete av ein 13 åring som akkurat klatre å spurte i mål under 2 timar. Tida blei 1.59.42.
Rett+bak+Martin+kom+Eldbj%F8rn+Magnus+Furnes+fr%E5+Bygstad+i+ein+rasande+fart.%0D%0AHan+fekk+nok+ekstra+energi+av+den+praktfulle+stemninga+p%E5+toppen+han+og.%0D%0AHadde+ein+ikkje+vist+betre+kunne+han+sj%E5+ut+som+han+hadde+vunne+heile+l%F8pet.+For+makan+til+sluttspurt+har+eg+ikkje+sett+i+s%E5+ulendt+terreng.+Han+burde+ha+starta+sluttspurten+tidlegare+s%E5+hadde+han+lett+l%F8pt+10+sekundar+raskare+og+kome+under+2+timar+ogs%E5+han.+No+har+han+i+allefall+eit+realistisk+m%E5l+til+neste+%E5r+med+%E5+kome+under+to+timar.
Rett bak Martin kom Eldbjørn Magnus Furnes frå Bygstad i ein rasande fart. Han fekk nok ekstra energi av den praktfulle stemninga på toppen han og. Hadde ein ikkje vist betre kunne han sjå ut som han hadde vunne heile løpet. For makan til sluttspurt har eg ikkje sett i så ulendt terreng. Han burde ha starta sluttspurten tidlegare så hadde han lett løpt 10 sekundar raskare og kome under 2 timar også han. No har han i allefall eit realistisk mål til neste år med å kome under to timar.
Nedturen blei også ein opptur !
Det+krydde+av+bergensarar+i+l%F8pet+og+p%E5+nedturen+passerte+eg+ein+gjeng+som+eg+kunne+h%F8yre+det+geografiske+opphavet+til+langt+unna.+Dei+hadde+absolutt+gjort+sitt+til+%E5+skape+ei+flott+stemning+ute+i+l%F8ypa.+Vi+ser+Lars+12+%E5r%2C+Gjermund+13+%E5r%2C+H%E5vard+10+%E5r+og+Ingebj%F8rg+15+%E5r.Dei+hadde+alle+teke+turen+fr%E5+Bergen+for+%E5+delta+i+l%F8pet+som+gav+dei+meirsmak.+Du+m%E5+skrive+at+vi+kommer+tilbake+til+neste+%E5r+sa+H%E5vard.+Dette+var+jo+kjempeg%F8y+%21%0D%0A+%0D%0A
Det krydde av bergensarar i løpet og på nedturen passerte eg ein gjeng som eg kunne høyre det geografiske opphavet til langt unna. Dei hadde absolutt gjort sitt til å skape ei flott stemning ute i løypa. Vi ser Lars 12 år, Gjermund 13 år, Håvard 10 år og Ingebjørg 15 år.Dei hadde alle teke turen frå Bergen for å delta i løpet som gav dei meirsmak. Du må skrive at vi kommer tilbake til neste år sa Håvard. Dette var jo kjempegøy !
Takk for oss ! Dette var ein praktfull generalprøve før NM i motbakkeløp neste år !
Denne+dagen+hadde+eg+ikkje+lyst+til+%E5+reise+tilbake+til+Oslo.+Med+Avinor+som+ekstra+vakthald+fekk+vi+l%F8yve+til+%E5+g%E5+ut+p%E5+flyplassen+p%E5+Bringeland+for+%E5+ta+ein+siste+farvel+med+Storehesten+for+denne+gongen.+Storehesten+1209+moh+ser+vi+rett+over+hovudet+til+l%F8psleiar+og+primus+motor+Helge+K%E5rstad.+Tormod+Tj%F8rnhom+og+%D8ystein+Sylta+gler+seg+allereie+til+%E5+kome+attende+til+neste+%E5r+d%E5+dei+kan+konkurrere+om+gjeve+NM-medaljar+i+motbakkel%F8p.+No+er+fokuset+EM+i+motbakkel%F8p+8.+juli+og+NM+i+motbakkel%F8p+11.+august+i+Turtagr%F8-Fanar%E5ken+Opp+der+arrang%F8ren+no+marknadsf%F8rer+trimklassa+ekstra+for+%E5+f%E5+til+det+same+som+Storehesten+Opp+med+eit+fugleberg+med+trimmarar+p%E5+toppen+n%E5r+konkurranseklassane+kjem+til+topps.+Sj%E5+www.fanaraaken.com+.+%0D%0ADeretter+g%E5r+det+slag+i+slag+med+Sk%E5la+1848m+rett+opp+allereie+veka+etterp%E5+den+18+august.+Og+der+m%E5+du+v%E6re+rask+med+p%E5meldinga+for+det+g%E5r+mot+ny+deltakarrekord+og+fullteikning+i+konkurranseklassa+med+600+deltakarar.+Det+kan+bli+over+1500+p%E5+toppen+av+Sk%E5la+den+18.+august.+Sj%E5+www.skaala.no
Denne dagen hadde eg ikkje lyst til å reise tilbake til Oslo. Med Avinor som ekstra vakthald fekk vi løyve til å gå ut på flyplassen på Bringeland for å ta ein siste farvel med Storehesten for denne gongen. Storehesten 1209 moh ser vi rett over hovudet til løpsleiar og primus motor Helge Kårstad. Tormod Tjørnhom og Øystein Sylta gler seg allereie til å kome attende til neste år då dei kan konkurrere om gjeve NM-medaljar i motbakkeløp. No er fokuset EM i motbakkeløp 8. juli og NM i motbakkeløp 11. august i Turtagrø-Fanaråken Opp der arrangøren no marknadsfører trimklassa ekstra for å få til det same som Storehesten Opp med eit fugleberg med trimmarar på toppen når konkurranseklassane kjem til topps. Sjå www.fanaraaken.com . Deretter går det slag i slag med Skåla 1848m rett opp allereie veka etterpå den 18 august. Og der må du være rask med påmeldinga for det går mot ny deltakarrekord og fullteikning i konkurranseklassa med 600 deltakarar. Det kan bli over 1500 på toppen av Skåla den 18. august. Sjå www.skaala.no