Kondismedlem Sponset innhold

Storehesten Opp suksess i regn, skodde og vind

Det var kjempeoppslutning i premiereløpet for Storehesten OPP. 840 deltakarar tok seg til mål på Storehesten! 136 i konkurranseklassa som løp 11,2 km og 1209 høgdemeter og 704 i trimklassa som gjekk 6 km og 800 høgdemeter i regn, skodde og vind! Mange gjekk opp utan å registrere seg. Arrangøren talde over 1000 som passerte toppen av skaret 750 moh.

Tekst og foto: Christian Prestegård
Kr 32.000 blei delt ut i pengepremiar til dei 3 beste damene og herrane. Frå venstre Hilde Håkenstad, Roterud IL (nr. 3, tid: 1.34.58), Ingunn Schei, Ås IL (nr. 2, tid: 1.33.06), Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL (nr. 1, tid: 1.30.05 ), Jon Tvedt, Gular IL (nr. 1, Tid: 68.04) og Bjarne Nes, Sogndal IL (nr. 3, Tid: 72,16).
Med regnskuren rett mot
Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, passerer toppen av skaret 750 moh i det regnskuren kjem horisontalt "rett i trynet". Anita var glad ho brukte BUFF som vern mot regn, vind og haglsskur, men ho skulle hatt meir varme kle i sekken for det blei kaldt på toppen etter målpassering sjølv om hennar 11. siger (av 12) i motbakkeløp varma.
Jon Tvedt i suveren leiing
Like før Jon Tvedt passerte fotografen i suveren leiing, kom det ein kraftig regnskur horisontalt som fylte kameralinsa med vatn. Difor er dette bildet noko uklart, men ein flott illustrasjon av den beste motbakkeløparen i Noreg som løp frå konkurrentane med over 4 minuttar.
Morten Skarstad hang på Jon Tvedt i 5 km
Morten Skarstad, Namdal Løpeklubb, klarte å følge Jon Tvedt i om lag 5 km, men fekk det tøft då Jon sette inn høggiret oppover i det bratte terrenget. Her ved 750 moh ligg han framleis på 2 plass om lag 40 sek. foran Morten Eilifsen og Bjarne Nes. I mål blei Skarstad nr. 4 vel 4 min. bak Jon Tvedt.
Morten Eilifsen
Morten Eilifsen, Rindals-troll har 2. plassen i sikte og klarar også ta igjen Morten Skarstad. Eilifsen overraska i fjor med å bli nr. 4 NM i motbakkeløp berre nokre sekund bak Hjelmeset og Gjerdrem på 2. og 3. plass. I år vil han forbedre den plasseringa når NM går i Ørsta i Saudehornet opp 5. august. Han har også ambisjonar om å korte inn på forspranget til Tvedt i Turtagrø-Fanaråken Opp 12. august. Tvedt (40 år) er nesten dobbelt så gamal som Morten på 22 år.
Sindre Hoff tok 5. plassen
Sindre Hoff, Gloppen Friidrett, kan du lese meir om i siste nr. av Kondis (5 -2006) som kommer i postkassa denne veka. Han blei nr. 5 på 74.10.
Andre Haugsbø på heimebane
Andre Haugsbø, Gaular IL, som er frå arrangørbygda Bygstad, blei nr. 7 på tida 75.40
Det fyrste KM i motbakkeløp
16-åringen Hallvard Haugen, Bjørn IL, tek Storehesten Opp som oppkøyring fram mot Turtagrø-Fanaråken Opp med det fyrste KM i motbakkeløp i Norges-historia den 12. august. Då er det start på Turtagrø 868 moh og mål 8,4 km seinare på Fanaråken 2.068 moh ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte.
Liv Astrid Losnegaard vann igjen
Liv A. Losnegaard. BFG Fana held eit høgt nivå og har klippekort på klassesigrar i kl. 60-64 år. Her på veg mot ny siger på tida 1.47.49, berre 17 minuttar bak totalvinnar Anita Håkenstad Evertsen.
Begeistring i styggeveret
Løpsleiar og primus motor Helge Kårstad fekk ikkje vergudane på si side i premiereløpet, men motbakkeløparrangørar taklar også andre typar motbakkar. Vergudane klarte ikkje å øydelegge entusiasmen og begeistringa for den store oppslutninga om løpet. Her ved starten for trimløpet har Helge fått to av dei tre som kniva om 2. plassen trygt ned frå uveret på toppen. Bjarne Nes, Sogndal IL til vestre og Morten Eilifsen, Rindals-Troll IK til høgre. Kondis, ved underteikna, har ved fleire høve gjeve Helge Kårstad ros for det enorme PR-arbeidet og den entusiasme og begeistring han har vist saman med funkjonærstaben sin.

Dette gav meirsmak og Helge lovar å halde trøkket oppe til neste år. Då får han nok langt over 1000 registrerte på toppen av Storehesten nesten uansett ver. For det kan då ikkje bli verre enn i år?
Kledd for vestaveret
Over 700 deltok i trimklassa og mange av dei, men langt frå alle, hadde kledd og utstyrt seg like godt som denne dama for å takle ver og vind i tillegg til motbakkane