Årets største og mest praktfulle opptur !
   
 
17. august 2002 gjennomførte heile 360 deltakarar ( 147 i konkurranseklassane og 213 i mosjon utan tidtaking) Nord-Europas tøffaste motbakkeløp fra Tjugen i Loen og opp til toppen av fjellet Skåla 1848 m.o.h. Skåla er rekna som Nord-Europas høgaste fjelltopp som har foten i sjøen. Løpet har ei samla stigning på ca. 1830 meter og løpets lengde er berre 8200m. Det betyr at den gjennomsnittlege stigninga er på 21,5% !
Av Christian Prestegård
 
Resultater
 
Løpet som blei arrangert for fyrste gong i år er unikt i Nord-Europa og blei arrangementsmessig ein kjempesuksess der talet på deltakarar langt overgjekk det som både arrangøren ( Loen og Stryn Idrettslag i samarbeid med Hotell Alexandra ) og eg hadde trudd var mogeleg då marknadsføringa av løpet tok til i byrjinga av juli måned berre 6 veker før løpet.
 
Bakgrunnen for suksessen ligg utan tvil i den praktfulle naturen og løypetraseen.
Oppover løypa opplever du det beste av Vestlandet på ein tur frå fjord, gjennom skog til fjell og bre. På toppen får du ein praktfull ekstrapremie i den storslagne utsikten m.a. mot Lodalskåpa og Jostedalsbreen i aust og Loen og Nordfjorden i vest. På toppen av Skåla kan du dessutan varme deg i det mest spektakulere byggverket som er reist på nokon fjelltopp i Norge: Det runde Skålatårnet på 2 etasjar og med 22 sengeplassar. Dei 10 entusiastiske funksjonærane som hadde ansvar for målområdet gjekk opp til Skålatårnet kvelden før og overnatta her. Skålatårnet blei bygd på dugnad av lokalbefolkninga i Loen for over hundre år sidan etter initiativ frå den idealistiske doktor Klouman som ville bruke tårnet som ”tuberkulosesanatorium”, noko det aldri blei. Gamle Klouman ville nok sjølv vore særs glad både for å sjå dei 360 sporty deltakarane ved Skålatårnet og alle dei entusiastiske og positive funksjonærane som viste at dugnadsånda lever i beste velgåande i Loen !
 
På imponerande vis har arrangementskomiteen på 6 veker mobilisert og organisert ein funksjonærstab på ca. 40 funksjonærar som m.a. har transportert alt nødvendig utstyr ved hjelp av ”Apostlenes hestar” i ryggsekkar oppover fjellsida m.a. til dei 4 drikkestasjonane der det gjekk med ca. 500 liter drikke, til løypemerking og til tidtakingsutstyr til toppen. Dessutan stilte Olden Raude Kors Hjelpekorps med 7 personar fordelt oppover i løypa. Dei fekk lite å gjere. Det blei ikkje rapportert ein einaste skade blant deltakarane.
Motbakketrening,…. det er sunt og helsebringande det !
Etter målpassering på toppen tok alle deltakarane det med ro ned igjen. Det blei også tid til eit forfriskande bad i Skålavatnet ca. 1150 m.o.h. Rett nok må det seiast at ein av funksjonærane gav alt for å vise korleis det ikkje skal gjerast ! Han var ”sala på” både med ein stor svart søppelsekk og ryggsekk som ei blanding av kløvjehest og Sherpa og tryna medan han var i fullt ”firsprang” nedover fjellsida med heile børa på ryggen. Forslått og oppskrubba helt han fram i same farten heilt ned .
Konkurransefart i utforbakke,… det er farleg og skadeleg det !
 
Funksjonærstaben fekk også god hjelp av værgudane til å gjere arrangementet til ei solskinnshistorie i dobbel forstand (sjå dei 11 vedlagde bileta). Deltakarane i alle aldre frå 17 til 72 år og frå mange land m.a. New Zealand, Finland og Storbritannia strålte om kapp med sola !
 
To av dei som strålte aller mest var totalvinnaren i herreklassa Bjarne Nes frå Sogndal som fekk tida 1.20.03 og totalvinnaren i dameklassa Unni Ødegård frå Molde som kom i mål på 1.39.07. Imponerande tider !
 
Endeleg er det notert offisielle bestetider på turen opp til Skåla frå Tjugen i ein fast løypetrase som vil være lik frå år til år !
Eva Fuglestrand og Erik Brendefur i arrangementskomiteen seier at det er særs mange som opp gjennom åra har løpt opp bakkane til toppen av det populære fjellet Skåla for å slå rekordane som går på folkemunne. Dette er ein av hovudgrunnane til at løpet blei starta. I tillegg var det eit ynskje om å markere at 2002 er FN sitt internasjonale fjellår. 16. august 2003 er det nok mange som vil prøve å slå løyperekordane frå i år.
 
Kven er Bjarne Nes ?
denne for mange ukjente totalvinnaren av historiens første ”Skåla 1848 meter rett opp” som løp på fantomtida 1.20.03 ? Bjarne Nes er ein 21 år ( f. 1981) gamal skiløpar frå Sogndal som for tida studerer i Trondheim der han har gode treningsforhold for skiløping. Bjarne fortel at han siste sesong var første års senior og hadde sin beste sesong som skiløpar med m.a. 21. plass i senior NM på 30km. Han legg vekt på at han er ung som skiløpar og vil skunde seg langsamt mot nye høgder som som skiløpar. Fornuftige ord frå ein 21- åring som også denne 47-årige skribenten og mosjonisten skal ta med seg i ”oppkøyringa” mot 16. august 2003.
 
Ovanfor skriv eg at Bjarne løp på 1.20.03, men han seier sjølv at han nok gjekk meir enn han løp og legg til at denne løypa passar svært godt for skiløparar som trenar mykje skigang i motbakke. Bjarne fortel at han merka stor skilnad i stegfrekvens på løparar som sprang og skiløparar som gjekk ”skigang” med lange steg i starten. Løparane vann ingen ting på å springe i forhold til langrennsløparane som gjekk ”skigang” i motbakkane.
 
Bjarne viste godt kva han gjekk til då han starta. I fjor var han med på eit testløp opp til Skåla arrangert av Sogn og Fjordane Skikrins. Den gongen brukte han 1 time 23 min, men gjekk då ein ca. 800m kortare trasé rett opp ein bratt skogssti i starten, medan løpet føljer ein skogsbilveg i ca. 2 km.
 
Då er det også for oss ”gamle” løparar berre å sette i gong med å trene ”skigang” i motbakke
for å forbedre tida til neste år ! For 8 år sidan brukte eg sjølv 1 time 35 min på turen opp til Skåla og løp då minst 50% av tida. Mitt ”kondisjons- og løpsnivå” var då tilsvarande persen 2.41.39 på maraton som blei sett året etterpå.
 
Menneskekroppen er skapt for rask gang i motbakkane opp til Skåla !
 
Informasjonen frå Bjarne Nes er kjempemotivasjon for treninga til neste års Skåla 1848m rett opp. Du og eg treng ikkje å være i stand til å løpe for å få ei god tid. Dette skulle eg ha blitt minna på før start. I skrivande stund er kroppen til denne skribent i same skadeforfatning som den var i 1995 då eg måtte slutte med løping p.g.a. dei skadene som all asfaltløpinga påførte kroppen. Etter 7 års fysisk forfall og totalt fråvær frå løpsmiljøet var det ubeskriveleg herleg igjen å kunne få stå på startstreken med entusiastiske løparar og skiløparar for å gjennomføre det som for meg er den klare vinnaren når det gjeld fjellturar i Norge. I det praktfulle været tok det bokstaveleg tala ”av” i starten av løpet. Det store feltet med 360 deltakarar raste ut i stor fart og eg blei dregen med i det slake partiet: Etter berre nokre minuttar løping fekk eg klar melding frå både legg / achilles og lysken. Ta det med ro ellers blir det full stopp ! Etterkvart blei det ein praktfull fottur under mottoet nyt (na)turen ! med målpassering på Skåla på 2 t. og 5 min. På toppen møtte eg kun særs blide, kjempenøgde og entusiastiske deltakarar som var samstemte i at dette freistrar til gjentaking ! ”Alle” hadde planane klare om å forbetre tida til neste år. Det gjeld ikkje minst denne skribenten.
 
Det er illusjon å tru at du kan skildra arrangementet ”Skåla 1848m rett opp” utan å delta sjølv. Det er vanskeleg nok sjølv om du har delteke. I Aarbok 1926 frå Turistforeningen for Bergen By og Stift ( i dag Bergen Turlag) skriv sekretæren i foreninga:
” Sceneriet er slik at jeg vil avstaa fra ethvert forsøk på beskrivelse. Det må sees, opleves og ikke beskrives.. Har man klarvær har man et rundskue som sjelden byr seg selv i vort land, et Eldorado for fjeldelskere, for panorama-fotografer og malere….”
Sjølve traseen opp er i seg sjølv ei naturperle og på turen oppover er du omgjeven av utallige naturperler i den kontrastrike vakre naturen i Nordfjord. ( Sjå bileta under !)
 
 
Vær tidleg ute med påmeldinga til løpet neste år !
Det kan bli sett ei grense for kor mange som får delta.
Det at løpet fekk heile 360 deltakarar etter berre 6 veker marknadsføring seier mykje om den enorme interessa for dette praktfulle motbakkeløpet, ..og kva arrangøren kan vente seg av påmeldingar til neste år den 16. august !
 
For meir info ta kontakt med arrangøren ved Eva Fuglestrand på tlf 57 87 50 35 el Erik Brendefur på tlf 57 87 50 34.
 
Vil du lese meir om ”Skåla 1848 m rett opp” så kjem det ei større omtale med fyldig reportasje i KONDIS nr. 6 som kjem ut ca. 1. november.
Dersom du har innspel til artikkelen i KONDIS så må du innan 1. september gje ei tilbakemelding til cp@terra.as
Frå starten på Skåla 1848m rett opp 17. aug. 2002
   
Trykk på bildet for stor utgave
(foto: Chr. Prestegård)
360 glade og entusiastiske deltakarar like før starten på Nord-Europas vakraste og tøffaste motbakkeløp ”Skåla 1848 meter rett opp”. Vi ser totalvinnar Bjarne Nes (startnr. 40) med bar overkropp litt til høgre for midten og Andre Haugsbø som blei totalt nr. 3 til venstre for Nes.
Startnr. 112 er 48-åringen Gunnar Harstad som er ein av dei beste lokale veteranane både i løp og på sykkel. Han brukte 1.42,24 opp til Skåla.
Dei 3 beste herrane ved mål på Skåla 1848 m.o.h..
   
Trykk på bildet for stor utgave
(foto: Per Svein Reed)
Dei tre beste herrane. Frå venstre 30-åringen Roger Lillestøl frå Hornindal IL som blei nr. 2 på tida
1.21.31. Lillestøl blei klassevinnar i klasse 23-39 år. I midten totalvinnar 21-åringen Bjarne Nes frå Sogndal med vinnartida 1.20.03 og til høgre 23-åringen Andre Haugsbø frå Gaular IL som totalt blei nr. 3 med tida 1.21.47. Neste år får desse tre truleg drahjelp av den lokale skistjerna Odd Bjørn Hjelmeset, og då ser vi nok ei vinnartid godt under 1.20.
Dei tre beste i dameklassa
   
Trykk på bildet for stor utgave
(foto: Per Svein Reed)
Dei tre beste damene. Frå venstre 19-åringen Kristin Hatledal frå Markane IL som blei totalt nr. 3 på tida 1.55.14. I midten totalvinnar Unni Ødegård ( 28 år) frå Molde med vinnartida 1.39.07 og til høgre Bodil Ryste (23 år) frå Molde som totalt blei nr. 3 på tida 1.51.55
Totalvinnar Bjarne Nes like før han bryt målsnøret ved Skålatårnet 1848 m.o.h
   
 
Totalvinnar Bjarne Nes frå Sogndal like før han bryt målsnøret ved Skålatårnet 1848 m.o.h.
Nes brukar den påkreva sekken med minimumsvekt 2,5kg som einaste påkledning på overkroppen og sparte nokre gram på det ! Han har også ”minimalisert” startnummert og bretta bort sponsorane Alexandra og Terra. Neste år må heile startnummeret synast Bjarne ! Samtlege deltakarar må bruke sekk og det var kontrollveging av sekken både ved start og ved mål. Her hadde Bjarne god margin til minimumsvekta !
Totalvinnaren i dameklassa Unni Ødegård i den siste kneika før mål
   
 
(foto: Jan Rune Loen og Rune Øksenberg)
Unni Ødegård frå Molde på veg opp den siste kneika før målpassering på vinnartida 1.39.07.
I bakgrunnen har vi praktfullt utsyn sør-vestover ned mot Nordfjorden 1800 høgdemeter nedanfor.
Bodil Ryste frå Ørsta i siste kneika før mål på Skåla 1848 moh
   
 
(foto: Jan Rune Loen og Rune Øksenberg)
Bodil Ryste frå Ørsta i dei siste trappetrinna før målpassering på Skåla 1848 m.o.h.
Rett bak Bodil ser vi Vesleskåla som er 1270 m.o.h. og lenger sør ser mot to andre flotte turmål Seciliekruna 1717 m.o.h og Snønipa 1829 m.o.h.
Dei kom begge i mål på same tid 1t. 44 min. 39 sek.
   
 
(foto: Jan Rune Loen og Rune Øksenberg)
Dei lokale løparane Jan Erik Sandbakk frå Loen fremst og Øystein Heggheim frå Jølster bak i eit ”lettløpt” parti like før mål. Dei kom i mål på same tid: 1t. 44 min.39 sek.
Funksjonærgjengen på toppen har all grunn til å juble etter eit praktfullt arrangement
   
Trykk på bildet for stor utgave
(foto: Chr. Prestegård)
Funksjonærgjengen ved mål på toppen av Skåla har all grunn til å juble over eit praktfullt og særs godt gjennomført arrangement både av funksjonærar og deltakarar. I midten Anne Jenny Dvergsdal frå Oslo; med slektsrøter i Stryn, Utvik og Jølster, som dagen før løpet flytta seg over frå mosjon utan tidtaking til konkurranseklassen med tidtaking. Det angra ho ikkje på ! Tida blei 2t. og 13 min. og det plasserte ho totalt som nr. 9 av 19 damer i Konkurranseklassa. Det var mange ”mosjonistar” som etterpå angra på at dei ikkje også deltok i klassa med tidtaking !
Flott utsyn nedover øverste del av løypetraseen
   
Trykk på bildet for stor utgave
(foto Chr. Prestegård)
Flott utsyn nedover den øverste delen av løypetraseen frå Skålatårnet.
Nedturen blei også ein stor ”opptur” !
Frå den nederste delen av løypa på skogsbilvegen
   
Trykk på bildet for stor utgave
(foto Anne Jenny Dvergsdal)
Frå den nedre delen av løypa like før den svingar opp i den bratte skogsstien frå skogsbilvegen
etter ca. 2 km. I bakgrunnen flott utsyn mot Hotell Alexandra. Fotoet er ein ”rekonstruksjon”, ved artikkelforfattaren, frå løpet 5 timar tidlegare som blei gjort på nedturen frå Skåla. Då biletet blei teke var det + 26 grader celcius og strålande sol.
Unni Ødegård med det flotte bildet av Skåla som ho fekk i 1. premie
   
Trykk på bildet for stor utgave
Nr. 11
Til høgre for flagget bak Unni Ødegård ser vi Skåla ! Der løp Unni opp tidlegare på dagen på berre 1.39.07. Unni viser her fram den flotte litografien av Skåla som Reidun Kjærstad Gytri har laga.
Unni og Bjarne Nes fekk denne som premie for totalseieren i dame og herreklassa.
I tillegg hadde arrangøren teke på seg spanderbuksa og delte ut premiar til alle 15 klassevinnarane og dei 25% beste i kvar klasse. Dessutan var mange gåvepremiar uttrekte blant dei som fullflørte ! Alle deltakarane kan dessutan få kjøpt litografien for kun kr. 1.848 utan ramme. Ordinær pris er kr. 2.200,- Ta evt. kontakt med Eva Fuglestrand på tlf. 57 87 50 35.
RESULTATER
D 17-22 år 
1)Hatledal Kristin SFSK Markane IL 83 1;06;11 1;55;14
2)Skrede Agnete SFSK Markane IL 84 1;06;12 1;57;33
3)Hildenes Linda SFSK Eid IL 85 1;09;35 2;06;38
4)Hegrenes Eirin SFSK Førde IL 86 1;23;49 2;33;34
5)Hatledal Else-M. SFSK Markane IL 86 1;28;25 2;38;07

D 23-39 år
1)Ødegård Unni MOLDE 74 0;55;20 1;39;07
2)Ryste Bodil ØRSTA Strindheim Ski 79 1;03;15 1;51;55
3)Lindvik Anne SYKKYLVEN Ekornes BIL 66 1;09;00 2;00;56
4)Melheim Eli M.NORDFJORDEIDHeggjaby 74 1;07;37 2;05;37
5)Dvergsdal Anne Jenny MøllerGruppen 70 1;16;33 2;13;43
6)Starheim Anita SANDANE 73 1;18;40 2;22;11
7)Birkeland Mona 71 1;43;56 3;00;20


D 40-44 år
1)Gjerde Solveig Moe ÅLESUND KIB 59 1;30;44 2;44;29


D 45-49 år
1)Engen Gunn BØNES Stahl IL 54 1;20;14 2;22;53
2)Ekholt Anne Navus Aktiv forvaltning 56 1;25;37 2;35;45


D 50-54 år
1)Raftevold Anne HORNINDAL 49 1;16;30 2;17;13
2)Simonsen Halgjerd TÅRNÅSEN 50 1;46;39 3;12;38

D 60-64 år
1)Erstad Johanne Marie FJELL 42 1;30;07 2;56;42

M 17-22 år
1)Nes Bjarne SFSK Sogndal IL 81 0;46;53 1;20;03
2)Øyberg Thomas NORDBERG Sør-Fron IL 81 0;47;16 1;22;49
3)Årdal Asgeir SFSK Jølster IL 83 0;49;47 1;26;04
4)Ødegård Tore Malo MOI 84 0;49;31 1;26;32
5)Almås Anders Johan SFSK Syril IL 80 0;50;38 1;28;53
6)Mardal Kristian SANDANE Gloppen FIL 82 0;50;59 1;30;00
7)Høgheim Gjermund SFSK Syril IL 85 0;53;42 1;33;30
8)Magerøy Kristoffer SFSK Førde IL 86 0:55;43 1;35;13
9)Hoff Sindre VIKSDALEN Gloppen FIL 83 0;53;42 1;35;34
10)Barlund Henning SFSK Jølster 83 0;55;57 1;37;59
11)Haugen Bjarte SFSK Bjørn IL 85 0;56;18 1;39;38
12)Svarstad Sjur O. STRYN Markane IL 81 0;58;13 1;41;50
13)Opsahl Eivind Gjørven VANG SLF 83 0;58;13 1;42;00
14)Halland Jon Arild SFSK Jølster IL 83 1;01;15 1;43;15
15)Espe Idar HeimdalTorstad Telemark 79 1;01;15 1;43;58
16)Heggheim Øystein SFSK Jølster IL 86 0;58;46 1;44;39
17)Bjørset Kjartan FØRDE 85 1;01;15 1;46;07
18)Brandsarbakke Jan Trygve SKJÅK 81 1;46;09
19)Haugen Kay Roger LOEN 80 0;59;35 1;48;07
20)Risøy Endre SFSK Eid IL 86 1;03;30 1;48;30
21)Heimlid Henning STRYNMarkane IL 80 1;05;17 1;50;23
22)Aaland Reiner SFSK Hornindal IL 86 1;01;32 1;52;30
23)Hjelle Sveinung SFSK Eid IL 86 1;11;07 2;01;50
24)Kortepuro Jussi LAHTI Messila-Gole 80 1;07;15 2;04;34
25)Myksvoll Stian DEKNEPOLLEN 84 1;18;23 2;12;02


M 23-39 år
1)Lillestøl Roger HORNINDAL 72 0;47;29 1;21;31
2)Haugsbø Andre SFSK Gaular IL 79 0;47;25 1;21;47
3)Eriksson Magnus MOLDE 74 0;46;51 1;22;23
4)Olsen Even FØRDE Viddelaget 72 0;48;17 1;24;58
5)Årdal Inge SFSK Jølster IL 79 0;50;24 1;27;25
6)Kusslid Jon Inge FØRDE 78 0;50;36 1;29;44
7)Knivsflå Ingvald GEIRANGER 70 0;52;47 1;29;54
8)Lyngstad Kjell Jølster IL 71 0;50;37 1;31;27
9)Hafsås Helge OLDEN 66 0;56;39 1;32;13
10)Auflem Ole Dag LOEN 66 0;54;26 1;33;33
11)Hammersvik Jørund HOLSENS.F.E Bil 65 0;54;10 1;34;11
12)Nesdal Dag Sivert HAUGESUND 0;53;50 1;35;05
13)Kusslid Kjell Olav HAUKEDALEN 77 0;54;58 1;35;34
14)Berstad Ketil BERGEN HSI 63 0;54;09 1;35;40
15)Sande Ole Jakob SANDE Gaular IL 69 0;56;43 1;36;37
16)Ross Wakelin HØNEFOSSTistedalen 63 0;56;27 1;36;47
17)Mundal Kjell Erling VASSENDEN 64 0;55;05 1;37;52
18)Berge Jarle KYRKJEBØBKK Høyanger 69 0;55;57 1;38;03
19)Hauso Harald Ove VOSS 69 0;56;30 1;38;42
20)Akselsen Tom Ove FØRDE 71 0;56;26 1;40;51
21)Vad Jan Petter SOGNDAL Stordal IL 78 1;43;59
22)Sandbakk Jan Erik LOEN 79 0;59;36 1;44;39
23)Bukve Oddgeir ØVRE ÅRDAL Jotun IL 65 1;01;48 1;46;39
24)Hegrenes Ole Førde IL 66 0;59;29 1;46;55
25)Haddal Arve Volda TIL 70 1;03;13 1;47;57
26)Fuglestrand Olav SANDANE 63 1;03;47 1;51;19
27)Fiksdal Kjell Arne Vartdal TIL 67 1;03;45 1;51;44
28)Espe Svein Ove NORDFJORDEID Haugen 74 1;01;15 1;56;55
29)Nybø Per-Henninng KAUPANGER 69 1;05;57 1;57;04
30)Nesje Even Stryn Energi BIL 67 1;08;50 1;57;36
31)Endestad Per 67 1;09;30 2;00;41
32)Bonesmo Jens Arne 68 1;09;00 2;02;47
33)Solheim Vegard 67 1;11;18 2;06;58
34)Hjelmeland Jarle 64 1;14;25 2;08;52
35)Heisig Thomas 67 1;12;39 2;10;22
36)Mølster Olav Florø TIL 66 1;14;33 2;12;52
37)Gjørven Jan Egil 65 1;19;39 2;26;26
38)Dale Anders BERGEN 66 1;27;10 2;36;03
39)Skeie Helge Norwegian Hull Club 63 1;25;47 2;38;03


M 40-44 år
1)Baggetun Alfred HØYANGER 60 0;54;42 1;37;42
2)Johannessen Arne Hafslo 58 0;56;24 1;41;21
3)Haugen Magne Ålesund OC 60 1;01;15 1;42;57
4)Aune Bård Risasjøen Racers 62 0;58;57 1;43;33
5)Sæther Ole Johan Isfjorden IL 60 0;59;35 1;48;14
6)Haugen Geir LOEN 58 1;03;13 1;51;00
7)Fjelldal Hans Aksel Eid IL 60 1;08;11 1;57;41
8)Vemmålsvik Jon DEKNEPOLLEN 61 1;11;28 2;04;13
9)Kleiven Kjell Indre Sunnfjord turlag60 1;11;17 2;06;12
10)Rørhus Helge Brattvåg IL 62 1;23;37 2;32;15
11)Havre Leif BERGEN 59 1;23;14 2;38;47


M 45-49 år
1)Øyberg Sigvald Skjåk IL 53 0;55;06 1;36;34
2)Sandal Geir Spjelkavik 57 0;55;20 1;36;57
3)Harstad Gunnar HJELLEDALEN 54 0;59;11 1;42;24
4)Skylstad Nils Terje Velledalen IL 57 0;59;12 1;42;25
5)Sølvberg Anbjørn Stryn Energi bedr 55 1;01;15 1;47;08
6)Flisnes Kjell-Vidar Emblem Skiklubb 53 1;01;48 1;47;20
7)Dalaker Kåre Sauradnkameratadn 57 1;05;17 1;58;43
8)Bjørset Kjetil FØRDE Sparebanken 56 1;07;21 1;58;56
9)Hansen Jon Husabø 53 1;06;51 2;02;52
10)Prestegård Christian Terra Finans 55 1;07;15 2;05;40
11)Rindal Jostein NORDFJORDEID 55 1;11;57 2;07;17
12)Andenæs Arvid FØRDE Sparebanken S 54 1;13;47 2;10;11
13)Sollid Bent STRYN 56 1;16;48 2;15;59
14)Røisland Morten 57 1;16;06 2;18;55
15)Kalland Kjell Arne Tambarskjelvar 57 1;19;49 2;23;24
16)Ekholt Odd Navus Aktiv forvaltning 54 1;16;08 2;24;25
17)Johnsen Arne M.,LEIKANGER Fykel IL 57 1;25;47 2;24;37
18)Dahl Ivar Øko Kraft 53 1;28;49 2;37;32
19)Trones Gunnar Sula Kommune 57 1;22;08 2;42;48


M 50-54 år
1)Lotsberg Gunnar SOGNDAL Vegil 50 1;01;15 1;44;27
2)Kusslid Olav Kåre FØRDE 51 1;46;13
3)Torheim Jarle NORDFJORDEID Eid IL 52 1;02;45 1;47;20
4)Høgheim Sverre SOGNDAL 49 1;02;08 1;48;40
5)Wiik Kåre FØRDE Teletrim 49 1;01;57 1;49;54
6)Hillestad Trygve Bergen Politi 49 1;02;15 1;51;08
7)Dybevold Lars STRYN Hornindal IL 52 1;04;08 1;52;38
8)Kloster Magnar, Fitjar 50 1;05;45 1;53;44
9)Sundby Trond LEIKANGER Fykel IL 48 1;04;15 1;53;47
10)Engen Knut Olav BØNES Stahl IL 50 1;04;18 1;54;17
11)Indrebø Einar FØRDE 50 1;08;35 1;57;19
12)Lyslo Olav INNVIK 49 1;09;37 2;03;55
13)Simonsen Tor A.Sportsklubben Rye 50 1;04;48 2;07;07
14)Sanden Roald Loen IL 48 1;12;10 2;07;53
15)Torset Jan Petter 49 1;13;43 2;12;04
16)Thurn-Basberg Halvor Sauradnkamer 49 1;16;32 2;15;59
17)Bruun Ivar Fjellhug Vereide 48 1;14;32 2;16;50
18)Tuften Arne GAUPNE Bjørn IL 50 1;16;49 2;17;16
19)Førde Atgeir BERGEN 49 1;25;05 2;28;07


M 55-59 år
1)Bakke Jon SVELGEN Veidekke 47 1;03;15 1;49;21
2)Etterlid Andreas Førde IL 43 1;04;07 1;51;51
3)Sørensen Stein H. 4025 STAVANGER 43 1;07;20 2;01;46
4)Johansen Arnljot, Flora Cykleklubb 46 1;11;29 2;14;10
5)Nordal Geir Syvde IL 46 1;16;49 2;16;40
6)Breivik Jan G.Engelschiøn Marwell H.47 1;17;37 2;21;50
7)Kvalsvik Hans Bjørn 6900 FLORØ 44 1;19;22 2;26;13
8)Jenssen Harald 6230 SYKKYLVEN 47 1;35;09 2;46;29


M 60-64 år
1)Øverås Martin Svint 42 1;05;58 1;55;25
2)Bjørkavåg Kåre ÅLESUND DNL-Sunnmøre 42 1;05;10 1;56;38
3)Håheim Lars 5184 OLSVIK BIL - H.D.S.41 1;12;16 2;06;04
4)Carlsen Kjell M. A/L Gartnerhallen 42 1;35;16 2;54;22
5)Moen Einar 6868 GAUPNE Bjørn IL 40 1;33;24 2;57;47


M 65-69 år
1)Bø Rasmus 6783 STRYN 34 1;22;51 2;32;42
2)Borg Gunnar 6146 ÅHEIM 37 1;23;29 2;33;08


M 70 år +
1)Njaastad Johan Ludvig 1177 OSLO 30 2;04;30 4;03;55