- Veldig gøy å vinne her. Det er eit flott løp i fine omgjevnader, uttalte Bjørn Johannessen til Fredrikstad Blad etter målgang.

Jorunn Rekkedal var òg nøgd med løpet, men skulle gjerne hatt hardare konkurranse. Ho brukte 1.20.30 på dei to milene som for ein stor del går på sti. På andreplass i kvinneklassen kom Wendy Fjellstad med 1.29.58. Bjørn Johannessen vann på 1.15.29, og nærmast han var Sigleif Johansen med 1.18.21. Imponerande av Sigleif som spring i klasse 55-59 år!

Begge vinnartidene var eit stykke bak løyperekordane. Jorunn Rekkedal har sjølv kvinnerekorden på 1.16.17 sett for ti år sia, medan Mats Haldin sette herrerekorden på 1.07.08 i 2002.


Alle resultat

Les meir i Fredrikstad Blad

Heimesida til Bjørn Johannessen