Kondismedlem Sponset innhold

Siger og løyperekord til Hafsås i maraton nr. 100

Siger og løyperekord til Hafsås i maraton nr. 100
Helge Hafsås hadde litt ekstra spenning i kroppen denne gongen. Kampen om den store 5-årspokalen skulle endeleg avgjerast i det femte og siste løpet der han leia etter fire år. På alle måtar vart det Helge Hafsås sin store dag, sjølv om han denne gongen fekk meir konkurranse enn vanleg.
Rune Opem, Stjørdal FIK debuterte på maraton og gav Helge skikkeleg kamp. Han leia etter to rundar, men fire km før mål i tredje runden greidde Helge å rive seg laus og vann til slutt med over eitt minutt på sluttida 2.32.32 - ny løyperekord og årsbeste Han vann også den store 5-årspremien føre Leif Feøy og Bjørn Gjerde

I tillegg fekk han utdelt trofeet for 100 fullførte maratonløp og er såleis ny medlem i 100-klubben.

Også i dameklassen vart det siger til Sogn og Fjordane: Gry Hege Melås (ex Leikanger) kom inn til løyperekord og ny pers på 3.26.09

På halvmaraton vann Kjell Hjelle, Strindheim IL (ex Heggjabygda i Eid) MV 50-54 på tida 1.19.22

Les meir på:

TRØNDELAGSSIDENE

100-klubben

Helge Hafsås si merittliste

Resultat 5-års løparstatuett SAMANLAGT
Rune+Opem+og+Helge+Hafs%E5s%0D%0AFoto%3A+Marit+Steinmo
Rune Opem og Helge Hafsås Foto: Marit Steinmo
Helge+mottek+trofeet+for+100+maratonl%F8p%0D%0AFoto%3A+Marit+Steinmo
Helge mottek trofeet for 100 maratonløp Foto: Marit Steinmo
-+og+s%E5+det+store+trofeet+etter+5+%E5r%0D%0AFoto%3A+Marit+Steinmo
- og så det store trofeet etter 5 år Foto: Marit Steinmo
-+og+her+er+damevinnaren+Gry+Hege+Mel%E5s+%28arkivbilete+fr%E5+2002%3A+Heming+Leira%29
- og her er damevinnaren Gry Hege Melås (arkivbilete frå 2002: Heming Leira)