Kondismedlem Sponset innhold

HELGE HAFSÅS MED NY LØYPEREKORD

Helge Hafsås
Med tida 2.30.40 senka Helge Hafsås sin eigen ti år gamle rekord i Hornindalsvatnet Maraton med eitt minutt og 34 sekund. I år som i fjor har vi vore så heldige å få "låne" reportasjen til lokalavisa "Fjordingen". Artikkelen og bileta er ved Hans Holmøyvik

Løpsekspressen frå Olden var usikker på forma før start i Lindvik. Sjukdom siste veka var ikkje den beste oppladninga. Men 38-åringen slo til og rykka frå resten av feltet straks startskotet gjekk. Og vel to og ein halv time seinare var løyperekorden eit faktum då Hafsås sprang i mål på Hornindal Idrettspark. Og det gjekk over kvarteret før andremann, Jan Halland dukka opp i målområdet.

Dette var det 13. Hornindalsvatnet Maraton. Løparane fekk både sol og regn med på ferda kring Europas djupaste innsjø. Temperaturen var på det næraste ideell for maratonløp. Konkurransen var også KM for Sogn og Fjordane. Bak Helge Hafsås kom Inge Asbjørn Haugen, Hornindal og Jon Henjum, Syril. For løpsgeneral Inge Asbjørn Haugen var dette maratonløp nummer 242 i karrieren. Berre trønderen Torleif Rekkebo har fullført fleire med sine 266.

To kvinner fullførte Hornindalsvatnet Maraton. Oline Yksnøy oppnådde beste tida med 4.04.51. Halvmaraton med start på Rognes og minimaraton samla også god deltaking.

Resultat:

MARATON


HALVMARATON


MINIMARATON
Helge+Hafs%E5s+rykka+fr%E5+resten+av+feltet+straks+startskotet+hadde+g%E5tt+i+Lindvik.+
Helge Hafsås rykka frå resten av feltet straks startskotet hadde gått i Lindvik.
Desse+tre+har+fullf%F8rt+alle+13+Hornindalsvatnet+maraton+som+er+arrangerte.+Honnd%F8lene+Olav+Rune+Seljeset+%28til+venstre%29+og+Inge+Asbj%F8rn+Haugen+flankerer+Per+Jan+Helset+%28Langev%E5g%29.
Desse tre har fullført alle 13 Hornindalsvatnet maraton som er arrangerte. Honndølene Olav Rune Seljeset (til venstre) og Inge Asbjørn Haugen flankerer Per Jan Helset (Langevåg).
Bj%F8rn+Gjerde+sprang+sitt+197.+maratonl%F8p+p%E5+ei+tid+under+tre+timar.+Totalt+har+han+fullf%F8rt+237+maratonl%F8p.
Bjørn Gjerde sprang sitt 197. maratonløp på ei tid under tre timar. Totalt har han fullført 237 maratonløp.
Oline+Yksn%F8y+var+raskaste+dame+fr%E5+Lindvik+til+Hornindal+Idrettspark
Oline Yksnøy var raskaste dame frå Lindvik til Hornindal Idrettspark
Helge+Lundquist%2C+Oppdal+IL+%2833%29+Marijke+von+Bokhorst+%281%29+og+Frank+Aalten+%285%29+-+begge+fr%E5+Nederland.+I+tillegg+til+fire+fr%E5+Nederland+deltok+ein+japanar+og+ein+franskmann+-+eit+internasjonalt+maratonl%F8p+%21%21%21
Helge Lundquist, Oppdal IL (33) Marijke von Bokhorst (1) og Frank Aalten (5) - begge frå Nederland. I tillegg til fire frå Nederland deltok ein japanar og ein franskmann - eit internasjonalt maratonløp !!!
Vinnaren+%3Cb%3EHelge+Hafs%E5s%3C%2Fb%3E+med+ny+l%F8yperekord+-+%3Cb%3E2.30.40%3C%2Fb%3E.
Vinnaren Helge Hafsås med ny løyperekord - 2.30.40.