John Sombol var knappe to minutt bak vinnartida si frå i fjor, og sleipt underlag og skodde på toppen var nok noko av forklaringa på det. Fram til bonus-grensa på 1 time var det over 6 minutt. Han hadde uansett mest fire minutts forsprang til Øyvind Heiberg Sundby på andreplass. Vidare ned til Joel Dyrhovden på tredjeplass var til gjengjeld avstanden minimal med berre 1 sekund. Årets norske motbakkekomet, 19 år gamle Asbjørn Barland, måtte denne gongen nøye seg med fjerdeplass, dryge fire minutt unna pallplassering.

I kvinneklassen var det store avstandar mellom dei fem beste. Merete Helgheim, som vann i fjor, vart nummer to ca. 2 minutt bak May Britt Buer. Therese Sjursen tok tredjeplassen ytterlegare eit femminutt bak. Anna Tråve i 55-59-årsklassen imponerte stort med å ha berre seks ungdommar framføre seg. Avstanden opp til pallen var heller ikkje stor.

Storehesten Opp hadde også i år auke i talet på konkurranseløparar. Mosjonistklassen er vorten svært stor, og alt i alt deltok heile 1247 konkurrerande og mosjonerande deltakarar.

Sia berre løparar som spring for norske klubbar tel i Norges-cupen i motbakkeløp, leiar no Øyvind Heiberg Sundby føre Joel Dyrhovden. Heiberg Sundby og Dyrhovden vart nummer to og tre - etter John Sombol - òg i Hovlandsnuten Opp som var det første løpet i cupen. May Britt Buer vart der nummer tre, men ingen av dei som slo ho den gongen var med no. Dermed leiar Gular-jenta i samandraget, føre Merete Helgheim og Therese Sjursen. 
 

DEI BESTE UAVHENGIG AV KLASSE
 

Kvinner  
1 May Britt Buer, Gular  01:21:39
2 Merete Helgheim, Gloppen  01:24:24
3 Therese Sjursen, BFG Fana 01:29:53
4 Elisabeth Hildenes, Eid IL 01:33:35
5 Audhild Hestad, Gaular IL 01:35:20
6 Malene Haukøy, Kyrkjebø  01:35:47
7 Anna Margrete Tråve, SK Vidar 01:35:52
8 Marit Tveite Bystøl, IL Eldar 01:37:44
Menn  
1 John Sombol, Barakarunner  01:06:02
2 Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve  01:10:14
3 Joel Dyrhovden, Samnanger  01:10:15
4 Asbjørn Berland, Samnanger  01:14:31
5 Sindre Hoff, Viksdal  01:14:56
6 Thomas Henriksen, Fossum IF 01:15:25
7 André Haugsbø, Gaular IL  01:15:54
8 Kjetil Dyrvik, Voss Friidrettslag  01:19:54
9 Gjøran Tefre, Førde IL  01:19:57
10 Ole-Petter Soltvedt, Kalandseid IL  01:20:25



Alle resultat

Heimesida til Storehesten Opp med bilete frå løpet                     Suveren seier til John Sombol på 1.06.02



Starten: Etter at pulsklokkene er startet kan 124 konkurranseløpere ta fatt på 11 km med over 1200 høydemetre på vei opp til toppen av Storehesten.

 

De beste herrene: John Sombol, Øyvind Heiberg Sundby, Joel Dyrholvden og Asbjørn Berland   






























De beste damene:
May Britt Buer, Merete Helgheim og Therese Sjursen



Idyll: Noen på vei opp og noen på vei ned igjen i tåke og gjørme, men det ble likevel en flott dag på fjellet.



Nesten i mål:
Mange kranset løypa i innspurten.



Folksomt på toppen:  Selv om det ble en del færre deltakere enn i fjor, så er 1250 påmeldte et tall arrangøren er godt fornøyd med. Som i fjor var det drøye 100 i konkurranseklassen mens det i den nye mosjonsklassen med tidtaking var 38 løpere.