I fjor vart Øyvind nr 2 bak 19-åringen Asbjørn Berland, Samnager som var i knallform på forsesongen og vann på ny løyperekord 33,51. Øyvind var 14 sek. bak.  Øyvind har dei siste 10 månadene studert og trent i USA . I Storehaugen Opp fekk han vist at opphaldet i USA har hatt god effekt på løpsforma. Øyvind sletta løyperekorden til Berland med nesten minuttet og dei skal springe fort som skal hindre Øyvind i å vinne sitt andre strake NM-gull i motbakkeløp i år i Kvasshovden Opp 16. juli.

I dameklassa vart det også ein imponerande siger då 56-åringen Anna Margrethe Tråve frå arrangørklubben Lærdal IL vann på tida 41.55. Ho var berre 37 sek bak løyperekorden til Merete Helgheim frå 2009. Merete har dei siste åra vore i Norgestoppen i motbakkeløp med fleire medaljar frå seniorNM i motbakkeløp. Prestasjonen til Anna Margrethe Tråve er i verdstoppen i motbakkeløp for Veteraner. Det skal bli spennande å følgje med når Anna seinare i år skal delta i VM i fjelløping for veteraner i Italia 17. september.

Årets Storehaugen Opp vart ein praktfull motbakkefest der 430 deltakar sette ny deltakarrekord . I fjor deltok 355. Av dei 430 var 120 i konkurranseklassa. Sjå resultatlista

Tekst og foto: Anne Jenny Dvergsdal og Christian Prestegård

640_Oyvind_vistealleryggen2011_06_02_StorhaugenOpp 003

Vinnaren Øyvind Heiberg Sundby kom så raskt på fotografen at han det vart ei stilsudie bakfrå. Her er det bratt ! Den 3,4 km lange løypa med 900m stigning har ei gjennomsnittleg stigning på vel 26%.

640_Vinnarane_2011_06_02_StorhaugenOpp 033

Her blir vinnarane intervjua av lokalavisa Sogn Avis ved Terje Eggum som sjølv deltok med sekk i konkurranseklassa 55-59år.

640_Anna_2011_06_02_StorhaugenOpp

Vinnaren av dameklassa Anna Margrethe Tråve, Lærdal IL

640_70ogTjonneland2011_06_02_StorhaugenOpp

Nr 2 og 3 i herreklassa. Aril Een ( str. 70) og Jann Olav Tjønneland

640_Utsynfraaloypa_2011_06_02_StorhaugenOpp

Utsyn frå løypa omlag ved 500 moh

640_Bjorghild_2011_06_02_StorhaugenOpp

Arrangør Bjørghild Holien , Lærdal IL kom seg fri frå arrangøroppgåvene for å springe løpet sjølv. Trass i dårleg oppladning med ribbensbrot for nokre veker sidan klarte ho å springe omlag halvminuttet rakare enn i fjor og fek sluttida 48.39.

640_Nancy_+100_2011_06_02_StorhaugenOpp

Nancy Sommer, Varegg IL vann kl. K40-44 på 47.08 og vart nr. 4 totalt i dameklassa. Her tauar ho på Anders Sommer som vart nr. 2 i klassa 15 år og yngre. I mål var Anders fyrst av dei to med 46.52

640_SysterLivSigneogbrorAndersInge_2011_06_02_StorhaugenOpp

Syster og bror på (T)OPPTUR ! Kommunal-og regionalminister Liv Signe Navarsete (SP) som vaks opp i nabokommunen Sogndal , bur i dag i Lærdal . Ho deltok i trimklassa og hadde kome i mål på toppen av Storehaugen 908 moh då broren Anders Inge Hundere, Lærdal IL, kon stormande i mål som vinnar av klasse 60-64 år på tida 43.08.

640_ShowogTOPPstemning_2011_06_02_StorhaugenOpp

Show og TOPP stemning i løypa då mange av dei 310 trimmarane på nedtur applauderte dei 120 konkurranseløparane på OPPTUR .

640_NYStr43_30_2011_06_02_StorhaugenOpp

Per Oddvar Lien, Kyrkebø IL ( 43) og Herman Erdal. Førde (30)

640_Jorid_2011_06_02_StorhaugenOpp

Skiskyttaren Jori Mørkve, Eldar vart nr. 2 i kl. K23-34 og nr 7 totalt i dameklassa.

640_Stnr117_StorhaugenOpp

Per Olav Bøyum med det spesielle klubbnamnet Fylkesbaatane-flagget.

640_Strnr46og2_2011_06_02_StorhaugenOpp

Trond Sydskogen, Halden Roklubb (46) og Merita Sekse , Hafslo IL (2)

640_Nr1Kl70H_CBL_2011_06_02_StorhaugenOpp

Det var mange TOPP-resultat i dei eldste veteranklassane. Vinnaren av kl. menn 70 år + , Christian Børs Lind, Røa IL fekk vinnartida 49.30 ! Det er imponerande av ein 71-åring !

640_Nr55damer_2011_06_02_StorhaugenOpp

Linda Grepstad Grinde, Syril

640_bratt_JanOyvindBolstad

Storehaugen Opp har den brattaste innspurten som eg har opplevd i noko motbakkeløp. Iflg arrangøren er det 50% stigning når du har 150m til mål  ! Her er vinnaren av kl. 40-44 år,  Jan Øyvind Bolstad (41) på veg ned medan ein mix av trimmarar og andre konkurranseløparar er på veg opp. Jan Øyvind representerer IL Fanaråk som er arrangør av det internasjonale motbakkeløpet BUFF Fanaråken Opp 6. august som i år vert arrangert for 9de gong.

640_NY_Vinnar55_Stnr120_2011_06_02_StorhaugenOpp

Ove Arne Bernes, Mjøsdalen IL som vann kl. 55-59år på 41.05.

640_OlavTerum_FotoAnneJennyDvergsdal

Olav Terum, Aurland IL, vann kl. M50-54 år på 40.40

640_TrondSundby_2011_06_02_StorhaugenOpp

Som far så son og omvendt ! Trond Sundby , Balestrand IL er far til totalvinnar Øyvind Heiberg Sundby. I fjor sykla Trond rundt i Lærdal sentrum med ryggskade ute av stand til å gå eller springe Storeghaugen Opp. I år vart han nr. 3 i kl. 60-64 år med tida 48.25.

640_Spekekjotogflatbrod_2011_06_02_StorhaugenOpp

På nedturen fekk deltakarane servert spekemat og flatbrød ved drikkestasjon omlag halvvegs. Det smakte utruleg godt !

640_FamDP_mLivSigne2011_06_02_StorhaugenOpp

Med dette bildet takkar Kondis-teamet Anne Jenny, Christina, Olav og Christian for seg til arrangøren Lærdal IL ved Bjørghild, Jan Christian, Anna og Tor Anders,  Storehaugen Opp vart ein multidimensjonal opptur for familien Dvergsdal-Prestegård som vært lagra i den positive minnebanken til evig tid. Det sosiale høgdepunktet for Christian var gjensynet / møtet på toppen av Storehaugen med leikekameraten Liv Signe Navarsete ( den gong Hundere) frå Sogndalsdalen (på 1960-talet). Det måtte jo skje i Lærdal på TOPPEN etter ein praktfull OPPTUR !