Frå arrangøren ved Johnny Solheimsnes har vi fått dette:

Det er sommartid – det er snart juli og som vanleg første laurdag i juli er
det Jølster Maraton - i år for for 29.gong. Med andre ord: Dette er eit
arrangement med lange tradisjonar.

Påmeldingane kjem inn jamnt og trutt, og sånn det ser ut pr. no vert
deltakarantalet omtrent som det har vore siste åra, dvs. ca. 50 løparar på
heil- og ca. 80 på halvmaraton. Dei to andre distansane, 10km og 5km, er
verre å tippe, då veldig mange bestemmer seg same dag for om dei skal stille
eller ikkje.

Ut frå dei vi har påmeldt er det vanskeleg å tippe nokon favoritt. Helge
Hafsås
, som har vunne heilmaraton flest gonger, er ikkje påmeldt enno, men
ryktet seier at han kjem. Gjer han det er han nok i favorittsjiktet, sjølv
om han no vert trua av yngre folk. På halvmaraton er vel Alemayehu
Sitotaw
ein av favorittane.

I snart 10 år no har alle løp gått føre seg på fylkesvegen på sørsida av
Jølstravatnet. Grunnen til at vi ikkje spring rundt vatnet er først og
fremt sikkerheita til løparane. Trafikken på E39 har auka veldig siste åra.


Dersom veret og spesielt vinden er gunstig, er løypa i Jølster rekna som ei
av dei raskaste i Norge, og fleire av løparane legg opp til formtoppar
nettopp pga dette. Av ein eller anna grunn har vi hatt sommarens varmaste
helg akkurat den helga vi arrangerer Jølster Maraton. Slik har det vore i
mange år. I år ser temperaturvarselet meir moderat ut, då det er snakk om
ca. 16 grader, lettskya og svak vind frå aust. Det skulle bety maksimale
forhold!

Som sagt så er det 29. gongen vi arrangerer Jølster Maraton. 6 personar har
delteke alle åra – alle i sykkeltrimmen og alle er lokale folk frå Jølster.
Ein mann er likevel verd å nemne på maraton: Bjørn Gjerde frå IL i BUL er
den som har flest fullførte maratonløp. Han skal i år springe sitt 27.
heilmaraton i Jølster.

Med dette vil vi ynskje alle vel møtt i Jølster!


 Slik gjekk det i 2010

Meir opplysningar finn du på terminlista og heimesida