Kondismedlem Sponset innhold
200_JoelDyrhovden_FotoChristianPrestegård

Joel Dyrhovden vann NM i motbakkeløp

22-åringen Joel Dyrhovden, Samnanger var raskaste nordmann av 176 i NM i motbakkeløp i Kvasshovden Opp i Ulvik i Hardanger. No 36 bilder inkl. VeteranNM.

Joel Dyrhovden ( ingressbildet ) vann i 2007 sitt fyrste NM gull i motbakkeløp for junior i Buff Fanaråken Opp. Det er 5 år sidan . I år er Joel 22 år og var påmeldt i Junior 22-klassa. Hadde han meldt seg på seniorklassa i staden for kunne han i dag også ha titulert seg som Norgesmeistar i seniorklassa for han var raskaste nordmann i mål på Kvasshovden. I staden for set han ein ny rekord med 3 NM-gull i juniorklassa i motbakkeløp med 5 år mellom fyrste og siste gullmedaljen. 

Joel fekk sluttida 49,18 medan Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve på 2. pl. vann seniorklassa på 49,40. i den 7,5km lange løypa med 1030m stigning.  Den som rett nok vann årets Kvasshovden Opp var den svenske orienteringsløparen Martin Johansson som i Noreg representerer Tyrving IL. Han vann på 48,28, dvs 50 sek raskare enn Joel.

Det vart mykje diskusjon og undring blant deltakarane over regelverket fordi samstundes kunne Kristen Skjeldal , Voss IL ta imot gullmedalje for siger i Veteran-NM i Motbakkeløp i klasse 40-44år og Sølvmedalje i Senior NM.  Sjå Artikkel i BA s. 44 Søndag 17. juli. Eg skal ikkje ta nokon diskusjon om  regelverket til Norges Friidrettsforbund for no skal me saman berre juble for eit praktfullt gjennomført NM i motbakkeløp der også værgudane var i godt humør med sol frå nesten skyfri himmel. Ulvik IL med eldsjela Johan Børsheim i spissen kan arok vann årets Kvasshovden Opp var den svenske orienteringsløparen Martin Johansson som i Noreg representerer Tyrving IL. Han vann på 48,28, dvs 50 sek raskare enn Joel.

Det vart mykje diskusjon og undring blant deltakarane over regelverket fordi samstundes kunne Kristen Skjeldal , Voss IL ta imot gullmedalje for siger i Veteran-NM i Motbakkeløp i klasse 40-44år og Sølvmedalje i Senior NM.  Sjå Artikkel i BA s. 44 Søndag 17. juli. Eg skal ikkje ta nokon diskusjon om  regelverket til Norges Friidrettsforbund for no skal me saman berre juble for eit praktfullt gjennomført NM i motbakkeløp der også værgudane var i godt humør med sol frå nesten skyfri himmel. Ulvik IL med eldsjela Johan Børsheim i spissen kan arrangere løp og ikkje minst å lage ei flott ramme rundt arrangementet.

Tekst og foto Christian Prestegård

 

640_KirstenMarathonMelkevik_FotoChristianPrestegaard

I seniorklassa for kvinner vann Kirsten Marathon Melkevik , BFG Fana sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp på tida 54,57 over minuttet framfor Heidi Weng, IL BUL 56,06. Dermed fekk ho også revansj etter at ho vart dømd bak Heidi i innspurten i Ulriken Opp. Heidi kunne også ha delteke i Junior 22-klassa, men valde å melde seg på i seniorklassa. Fjorårets NM-vinnar May Britt Buer , Gular vart nr. 3 på 56,26. Kirsten sette også ny løyperekord 1 min 42 sek bedre enn den gamle rekorden til May Britt Buer

Nedanfor er oversikten over medaljevinnarane i Junior og Senior. Den første delen av bildereportasjen har hovudfokus på Junior og Seniorklassa og den siste delen har fokus på VeteranNM.

For alle resultater og meir info sjå www.kvasshovdenopp.no . Vel 600 gjennomførte årets utgåve av Kvasshovden Opp noko som er ny deltakarrekord. Det var 360 i trimklassa og 246 som fullførte i konkurranseklassa.

 

640_MedaljevinnaraneNMmotbakkelop2011
640_JoelDyrhovden_FotoChristianPrestegaard

Joel Dyrhovden, Samnanger var raskast av alle i NM.

640TuvaToftdalStaver

Tuva Toftdal Staver, Strindheim IL vart Norgesmeistar i juniorklassa.

640_Oyvind_FotoChrPrestegaard

Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve, vann seniorklassa i år som ifjor.

640_Kirsten_i_Maal_FotoChrPr

Reine Tour de France-stemninga på Kvasshovden då Kirsten Marathon Melkevik , BFG Fana løp i mål til sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp. Hundrevis av trimmarar laga ei flott stemning då dei 246 deltakarane i konkurranseklassane kom stormande i mål....Merk at det var 176 av konkurranseløparane som var medlem av ein klubb med medlemstilknytning til Norges Friidrettsforbund og som dermed kunne delta i NM.

640_JohanBugge_fotoChrPrestegaard

Johan Bugge, Eidsvåg IL vart nr. 2 i JuniorNM og nr. 4 totalt i NM

640_OyvindBugge_FotoChrPrestegaard

Øyvind Bugge, Eidsvåg IL er bror til Johan Bugge. Øyvind vart nr. 3 i seniorNM med tida 51,26.

640_Heidi_FotoChrPrestegaard

Heidi Weng, IL i BUL, som kunne ha delteke i Junior22 meldte seg på i seniorklassa der ho vart nr 2.

640_KristenSkjeldal_FotoChrPrestegaard

Kristen Skjeldal, Voss IL vart nr 2 i Seniorklassa og nr. 1 i kl. 40-44 i veteranNM

640MayBrittBuer_FotoChrPrestegaard

May Britt Buer, Gular, vart Norgesmeistar i Senior i fjor. I år vart ho nr. 3.

640_TorbjornLudvigsen_EivindKnutsen_fotoChrPrestegaard

Torbjørn T. Ludvigsen, BFG Fana ( 165) var i favorittskiktet i NM-Gull i motbakkeløp, men det var før han forrige helg deltok i VM i terrengultra over 70km og blei nr. 4 !  Med Torbjørn på laget blei Noreg nr. 3 i lagkonkurransen. NM i motbakkeløp kom altfor tett på og Torbjørn var langt frå restituert. Då er det ein sterk prestasjon å bli nr. 5 i seniorNM på tida 51,50. Eivind Knutsen, KIF, som her tauar på Torbjørn omlag 150m før mål kom i mål 6 sek. bak Torbjørn og vart nr. 4 i JuniorNM.

640_RobertBergstaa_FotoChrPrestegaard

Robert Bergstå, Svarstad IL vart nr. 13 i JuniorNM med tida 57,07 medan broren Stian vart nr. 5  med tida 52,18. Løparen bak Robert kan illustrere kor vanskeleg det ofte er å vite kven ein har teke bilde av på slutten av motbakkeløpa. På Kvasshovden kom fleire enn normalt i denne posisjonen ...

640_ThereseSjursen_FotoChrPrestegaard

Therese Sjursen, BFG Fana, Nr. 4. i SeniorNM med tida 1.00.39. Dessutan vart i Norgesmeistar i veteranklasse 35-39 år.

640_Merete_fotoChrPrestegaard

Merete Helgheim, Gloppen FIL, Nr. 5 i SeniorNM. Merete har frå før fleire medaljar frå NM i motbakkeløp.

640_Gaute_FotoChrPrestegaard

Gaute Kvåle, Røldal IL vann kl. 16-17år på 52,49 og vart nr. 6 i juniorNM.

640SjurBorsheim_fotoChrPrestegaard

Sjur Børsheim, Ulvik IL, vart nr 9 i seniorNM med tida 55,28

640_KjellMundal_FotoChrPrestegaard

Kjell Mundal, Jølster IL, vart Norgesmeistar i kl. 45-49 år med tida 55,39 og nr. 10 i SeniorNM.

640_Geir_FotoChrPrestegaard

Geir Storetveit Skaten, Gular, i teten av denne kvartetten, vart nr. 3 i Klasse 35-39 år og fekk med seg ein bronsemedalje frå VeteranNM. 20. august skal Geir og klubben hans arrangere det nye motbakkeløpet Fløyen Opp www.floyenopp.no i Bergen. Fløyen Opp-løypa som går på veg er 3,2km lang med stigning på 320m. Løpet er ikkje minst eit løp for løparar som likar å springe fort og med jamn fart frå start til mål. Eg er ein av dei og er allereie påmeldt. 

640_Lilli_fotoChrPrestegaard

Lilli Marie Myhre Ofstad, Strindheim vart nr. 3 i juniorNM med tida 1.03.13

640_Ida_FotoChrPr

Ida Meli Narbuvoll, FIK Ren-Eng vann klasse 16-17år og vart nr. 5. i juniorNM

640_Martin_FotoChrPrestegaard

Den svenske orienteringsløparen Martin Johansson , som i Noreg løper for IL Tyrving, vann ein overraskande siger i  Kvasshovden Opp 50 sek framfor Joel Dyrhovden. Martin som ikkje kunne delta i NM fekk med seg 1. premien på kr. 5.000 i Kvasshovden Opp.

640_Oivind_Johnny_FotoChristianPrestegaard

Det er svært bratt omlag 300m før mål. Startnr. 225 er Øivind Bernes, Osterøy ( kl. 50-54) og 194 er Johnny Laupsa Borge Eidfjord IL

640_TomErik_fotoChrPrestegaard

Tom Eirik Eikanger , IL Gular (211) kunne juble for sigeren til sin gode venninne Kirsten Marathon Melkevik.

640_Anna_fotoChrPrestegaard

Bildet av Anna Magrethe Tråve, Lærdal IL får æra av å introdusere lista over GULL-medalhevinnarane i veteranNM i motbakkeløp. Anna vann ein suveren siger i si klasse 55-59 år på tida 1.05.31 og vart med det også nr. 8 totalt i SeniorNM. Anna er påmeldt til VM i opp og ned fjelløp for vetereraner i Italia i september , og der er ho er ein sterk medaljekandidat.

640_NorgesmeistraneNMVeteraner_ChrPr

Tidligere hadde vi planlagt en separat artikkel fra VeteranNM, men siden mange av de beste veteranene allerede er presentert i bildereportasjen overfor avslutter vi med en lett blanding bilder av deltakere i veteranklassene.

640_V_Dyrvik_FotoChrPrestegård

Kjetil Dyrvik , Voss IL (210) vart nr. 2 i kl. 45-45

640_V_EinafrikanarfraAurland_fotoChrPresstegård

Olav Terum, Aurland IL, vart nr. 3 i kl. 50-54 år. Det kan sjå ut til at han lever på solsida i Aurland for stort brunare er det vel ikkje mogeleg å bli når ein er fødd "100% kvit Sogning"

640_KjellMundal_FotoChrPrestegaard

Karine Fluge Ulleberg, Heming IL vart nr. 3 i kl. 35-39år

640_V_Mellingen_Foto_ChristianPrestegaard

Anbjørn Mellingen, IL Gular vart nr. 1 i kl. 55-59år

640_V_John_fotoChristianPrestegaard

John A. Andersen, Varegg IL, vart nr. 2 i kl. 60-64år

640_V_EinarF_fotoChrPr

Einar Færø, Eikanger IL vart nr. 3 i kl. 55-59 år

640_V_MayBenteWeng_fotoChrPr

May Bente Weng, IL i BUL vart nr. 1 i kl. 45-49år og nr. 6 totalt i damer senior.

640_V_Tveiten60-64_FotoChrPrestegaard

Per Øyvind Tveiten (307) Tørrvikbygd IL vart nr. 1 i kl. 60-64 år

640_V_Nancy_FotoChrPrestegaard