Sol og blå himmel ga den aller beste ramma for årets Hitraløp 14.april. Det vart ei fantastisk deltaking med nærare 450 aktive og mosjonistar, noko som var langt over det ein kunne håpe på. Ein solid auke frå fjoråret med 310
deltakarar. Dei aller fleste nytta fineveret til å gå 7 kilometerløypa. Andre sprang denne løypa, halv- eller heilmaraton.

På 7 km mosjon hadde mange bedrifter mobilisert. I forkant av løpet hadde bedrifter utfordra kvarandre i lokalavisa. Mest synleg var Lerøy Midnor som stilte med ca. 100 deltakarar.

På maraton fullførte 11, på halvmaraton 24 og 7 km konkurranse 34 løparar. Knappe 400 deltakarar nytta fineværet til å fullføre 7-kilometeren. Klubben ser fram til å arrangere neste års Hitraløp. 

Sjå også Hitra-Frøya 

RESULTAT MARATON:

Menn 21-34 år:
107 Rab Nawaz                                       Brutt
111 Roy Sandbakken, Joggegruppa lett på tå          Brutt

Menn 35-39 år:
109 Bård Gunnar Furunes, Joggegruppa lett på tå    3.53.10
106 Trond Vårvik, Tiller                           4.12.15
110 Bjørn Vidar Damgård, Joggegruppa lett på tå    4.44.14

Menn 40-44 år:
108 Rune Tidemann, Kondis                          3.18.02

Menn 55-59 år:
112 Tor Sødal, Kyrksæterøra IL                     4.06.50
102 Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL              4.48.51

Menn 60-64 år:
105 Mats Zetterlund, Sverige                       3.56.09
101 Øyvind Watne, Tiller                           4.19.23
104 Jan Sneisen, Mostadmark IL                     5.39.20 

Menn 65-69 år:
103 Bård Rødde, Lånke IL                           4.18.22
100 Leif Eriksen, Hitra FIK                        4.42.22

RESULTAT MARATON/HALVMARATON

Resultat Hitraløpet

 
Beste tid på maraton hadde Rune Tidemann, Kondis (108) på 3.18.02 Tor Sødal (112) ligg her like bak


Rune Jensen vann halvmaraton, sjølv om han sprang for langt
 

Frå venstre: Inge Asbjørn Haugen frå Kondis, Leif Eriksen og leiar i Hitra Friidrettsklubb Bente Arntsberg.
For Leif Eriksen i Hitra Friidrettsklubb blei dette ein spesiell maraton. 68-åringen fullførte sin 100. maraton, og er dermed medlem i den eksklusive 100-klubben. Dette blei markert på premieutdelinga. Haugen overrakte trofeet, medan Arntsberg kom med blomar frå Hitra FIK. Arrangøren stilte elles som vanleg med eit enormt premiebord.

 
Litt småkaldt då tidlegstarten gjekk på maraton kl 10.00


Andom Tekeste, Hitra Fik sprang 7 km og kom inn på andreplass
 

Solvor Ingunn Moen, Hitra FIK hadde beste tid i dameklassen på 7 km.
 

Mats Zetterlund, Sverige vann MV 60-64 på 3.56.09


Bård Gunnar Furunes, Joggegruppa lett på tå vann klasse MV 35-39 på 3.53.10


Trond Vårvik, Tiller 4.12.15


Bjørn Vidar Damgård, Joggegruppa lett på tå  4.44.14


Bård Rødde, Lånke IL vann klasse MV 65-69 med 4.18.22


Øyvind Watne, Tiller 4.19.23

Svein-Jarle Slenes har teke alle bileta og vore medforfattar av reportasjen.