Løypa i motbakkeløpet Stalheimskleiva Opp går opp landets brattaste riksveg mellom Gudvangen i Sogn og Voss i Hordaland. Løypelengda er 2000m med ei stigning på 280m. Stalheimskleiva stig 18% på det brattaste.

I år, som i fjor kunne ein delta i konkurransen Trippelen eller Hardhausen der utøvarane først syklar, deretter går opp på rulleski og til sist spring i sjølve motbakkeløpet. 14 gjennomførte trippelen medan 95 sprang motbakkeløpet.

Asbjørn Berland, Samnanger ( ingressbildet, foto Martin Hindenes) vann motbakkeløpet på tida 9.10 som er berre 6 sek. bak løyperekorden til Jon Tvedt frå 2008. I fjor vann Torbjørn Ludvigsen BFG Fana på tida 9.18. 

Hilde Fenne , Voss Skiskyttarlag, vann motbakkeløpet etter ein spurtduell med Trude Andersen, Bjørgum IL. Dei fekk same tid 11.41. Hilde som deltok i trippelen hadde berre hatt omlag 15 min pause etter sykkelløpet og rulleskietappa då ho starta på motbakkeløpet.  I år vart  Hilde m.a verdsmeister i skiskyting for junior og i fjor vann ho Oppturcupen Voss Oppturar med 4 løp der Stalheimskleiva Opp er det fyrste.

Sjå info med resultatlister på www.vossoppturar.no

640_Nr2_damer_Foto_martin_hindenes

Det vart ein spennande sluttspurt mellom Trude Andersen(21) og Hilde Fenne (20). Hilde som her ligg litt bak kom sterkt på slutten og vart dømd fyrst i mål med same tid som Trude 11.41. Foto: Martin Hindenes.

640_HildeFenne_Sykkel

Hilde Fenne hadde før motbakkeløpet både sykla og gått på rulleski opp Stalheimskleiva som einaste kvinne i trippelen... Foto Christian Prestegård

640_Asbjorn_Foto_Martin_StalheimskleivaOpp2012

Asbjørn Berland fekk tøff konkurranse av Lars Erik Skjervheim Voss IL som her 300m før mål heng på som ein skugge. I mål var Skjervheim 7 sek. bak Berland. Foto Martin Hindenes

640_ 117_nr1_G12_15_FotoMartin

Magnus Haugo, Voss (117) vann yngste klasse gutar 12-15 år på 11.10. Det var denne klassa som hadde størst deltaking med 22 deltakarar. Her heng Magnus på Torkil Sekkingstad Terum , Aurland  IL. Torkil spurta i frå Magnus og klarte også å ta igjen far sin Olav Terum på målstreken. Torkil fekk tida 11.02 som gav 5pl i kl. 20-34 år, medan Olav vann klasse 50-54år på 11.03. Foto Martin Hindenes

640_Nr1_Sykkel15_fotoChrPrestegaard

Håkon Raanes, Stavanger SK, vann sykkeletappa på tida 9,03 og vart nr 2 totalt i trippelen. Tida 9,03 er eit sekund raskare enn løyperekorden til Jon Tvedt med løpesko...Foto Christian Prestegård

640_Rulleski2_Strnr3_FotoChrPrestegaard

Frå starten på rulleski-etappa. Asbjørn Wold, Vik IL (3)  tok teten frå start og vann rulleskietappa på 10.32. Asbjørn vann også trippelen samanlagt. Foto Christian Prestegård 

640_stalheimskleiva_trase

Løypetraseen