Det var femte gongen løpet vart arrangert, og deltakinga har vorti stor på kort tid. På grunn av arbeid med stien på toppen vart løypa  ca. 700 m kortare enn normalt.

Blytungt

Med gode pengepremiar til dei fire beste kvinner og menn og heile 20 000 til vinnarane tiltrekk løpet seg mange av dei beste motbakkeløparane i landet. Og Thorbjørn Ludvigsen har i år vori sjef på herresida. 

- Dette var veldig bra. Men eg trivst endå betre i løp der ein er i terrenget og ikkje på grusvegar. Dette var blytungt for min del, uttala vinnaren til Firda etter løpet som òg har eit lengre parti med trapper. 

Torstein Tengsareid frå Egersund var ikkje meir enn 11 sekund bak medan Tjalve-løparen Øyvind Heiberg Sundby vart nummer tre, 1.17 bak. 

Baneløparen Marius Vedvik prøvde seg òg på dei 700 høgdemetrane, men klarte ikkje heilt å henge med spesialistane. Han vart nummer sju, knappe 4 minutt bak vinnaren.

- Eg forsøkte å slite ut dei andre i starten, men eg enda opp med å slite ut meg sjølv. Då vart det tungt på slutten, fortalte Vedvik til Firda

Kjempeglad

May Britt Buer var kjempeglad for både sigeren og at ho er tilbake etter skade med påfølgjande operasjon i vår. Ho fekk ei avriving i hamstringsmuskelen i påska og var redd heile  sesongen skulle ryke. 


– 15. mai skar dei opp heile låret og skrudde fast hamstringen som var roken av. Eg fekk beskjed om at det ville gå seks månader før eg var tilbake, og eg var veldig lei meg, sidan eg hadde sett for meg ein kjempesesong i år, fortalte Buer til NRK etter løpet.

– Eg får tydelegvis nytte av det eg har bygd opp i vinter og vår, likevel. Eg får ein bonus av det. Eg hadde aldri trudd at forma skulle komme så fort tilbake. Det er heilt fantastisk. sa ho til NRK.

Ned til Merete Helgheim på andreplass skilte det over 4 minutt medan unge Karoline Erdal på tredje var 7 minutt bak. 127 løparar sprang på tid medan resten deltok i trimklassa. 

May-Britt_Buer.jpg
May Britt Buer var glad for å vera tilbake i god form etter eit lengre avbrekk på grunn av skade. (Foto: Christian Prestegård)
 

  Kvinner    
1 Buer,May Britt Gular 33:54:00
2 Helgheim,Merete Gloppen friidrettsklubb 38:13:00
3 Erdal,Karoline Førde Il 40:52:00
4 Hildenes,Elisabeth Eid IL 41:34:00
5 Eikås,Janne Jølster IL 41:39:00
       
  Menn    
1 Ludvigsen,Thorbjørn Thorsen BFG Bergen 28:24:00
2 Tengsareid,Torstein Egersund IK Friidrett 28:35:00
3 Heiberg Sundby,Øyvind IK Tjalve 29:41:00
4 Skjervheim,Lars Erik Voss IL 30:18:00
5 Een,Arild Voss IL 31:21:00
6 Erdal,Ole Martin Førde Il 31:56:00
7 Vedvik,Marius IL Gular 32:04:00


Alle resultat

Foerde_Opp_2.jpg
Løypa i Førde opp er med sine 3,4 km og 700 høgdemeter temmeleg bratt. (Foto: Arrangøren)

Foerde_Opp.jpg
Etter å ha teki seg opp både trapper og grusveg ventar eit vakkert utsyn. (Foto: Arrangøren)