Pressemelding frå Ulvik Idrottslag:

Kvasshovden Opp er eitt av seks løp i Norgescupen/Necon motbakkecup 2014 og av Ultrahardingen 2014.

Kvart år har det i gjennomsnitt vore nesten 500 deltakarar – med over 300 i mosjonsklassane.  Dette er eit stort folkehelsetiltak for å få folk ut i naturen. 

Motbakkeløpet Kvasshovden Opp er 7,5 km langt og stig frå 10 til 1030 moh. Løpet har vanlege konkurranseklassar der det er påbode med 2,5 kg ryggsekk.  

Konkurranseklassane startar klokka 11.30 på Brakanes. Påmeldingsfristen er onsdag 16. juli innan klokka 24.00. I tillegg til vanleg premiering er det pengepremiar til dei tre beste i både herre- og kvinneklassen. Førstepremien er 5000 kr frå BKK til beste mann og kvinne, andreplass gir  3000 kr og  trejdeplass 2000 kr. 

Dei beste motbakkespesialistane i Noreg stiller til start med rekordhaldar Øyvind Heiberg Sundby,Tjalve (nr. 4 i NM)  og Torstein Tengsareid, Egersund (nr, 2 i NM) i spissen i tillegg til OL-deltakarar i langenn som Sjur Røthe og Kristen Skjeldal frå Voss.  Av kvinnene er  May Brit Buer, Gular  (nr. 2 i NM) det sterkaste kortet.

I mosjonsklassen er det inga nedre aldersgrense og inga tidtaking. Mosjonsklassen kan starta frå klokka 07.30 og registrerar seg på kongressen på Brakanes hotell innan klokka 11.00. Ein får høve til å vere publikum når konkurranseklassane kjem opp mot mål, der Dag Lindebjerg er speaker.

Nytt av året er at du kan få med deg 10 Olav H. Hauge-dikt på veg mot toppen. I samarbeid med Haugesenteret er det laga skiltplater med 10 utvalde Hauge-dikt plassert på ulike stader i løypa som skal gje deg inspirasjon til å nå toppen!

Lindebjerg_Melkevik_IMG_0964.jpg
Kirsten Marathon Melkevik, som har løyperekorden i Kvasshovden Opp, blir intervjua av Dag Lindebjerg. (Foto: Arrangøre) 

Toppen_IMG_0956.jpgBåde stemninga utsynet på toppen av Kvasshovden er god, ikkje minst når sola skin. (Foto: Arrangøren) 

Heimesida til Kvasshovden Opp