Gravearbeid og stengd veg gjorde at arrangørane måtte legge om løypa som vart meir kupert. Dette vil nok rette seg til neste år.

Hafsås leia heile løpet sjølv om avstanden bakover skrumpa inn. I mål (2.52.35) var han snaue eitt og eitt halvt minutt føre Øyvind Loftås. Av dei tjue som starta på maraton var det fem som braut løpet. Liv B. Jegteberg Lystad fullførte løpet (3.59.23) som den einaste i dameklassen

Eigil Instebø var suveren på halvmaraton (1.15.50) medan Stine Mari Taule vann kvinneklassen (1.43.18)

PÅ 10 km imponerte veteranane Magnar Solheim (37.57) og Anna Magrethe Tråve (45.19)

Vetle Uhr Hammersvik (18.05) og Ane Brekke (20.48) var dei beste på 5 km

Resultat konkurranseklassane

Mosjonsklassane og Kongleløpet

Arrangøren er svært fornøgde med arrangementet.
Ein god del fleire enn ifjor på alle distansane, men det kan jo vere mange årsaker til det.
(I fjor var det kollisjon med Bergen City Marathon, det hadde nok litt å seie

Facebook ligg det over hundre bilete

Du kan lese om løpet i Firda

loftaas.jpg
Øyvind Loftås, Baker Brun var ikkje langt bak Hafsås på andreplass.

fretland.jpg
Bjørn Fretland kom på tredje etter eit jamnt løp.

osognygaard.jpg
Geir Nygård og Torbjørn Os
oddgunnartveit_428x640.jpg
Odd Gunnar Tveit, Steinsland... den lengstfarande ?
bjoerbek.jpg
Lars Bjørbæk i lett fottøy

Geirraaheim.jpg
Geir Råheim

svein-rune.jpg
Svein Rune Johannessen

marcus_428x640.jpg
Marcus Vedeler sprang godt i tre mil. Neste gong blir det under fire ??

insteboe.jpg
Eigil Instebø er allereide i tet på halvmaraton

halvmaraton.jpg
Halvmaraton er i gang

10kmtid.jpg
10 km

5kmtid.jpg
5 km på tid

5kmmosjon.jpg
...og 5 km utan tid

uwc.jpg
...og til slutt ein glad gjeng frå United World College

liv.jpg
...men vi kan ikkje gløyme einaste dama som fullførte maraton...på under fire timar - Liv B. Jegteberg Lystad