Kondismedlem Sponset innhold
Starten på maraton i Hornindalsvatnet Maraton 2014 i den nye løypen. Foto: Bastian van der Werve

Starten på maraton i Hornindalsvatnet Maraton 2014 i den nye løypen. Foto: Bastian van der Werve

Spring maraton nr. 500 i Hornindalsvatnet maraton 25. juli

Pressemeldinga frå Irene Lødemel i Hornindalsvatnet maraton.


Dei fleste hugsar ekstremværet "Dagmar" som i desember 2011 vaska vekk vegen til den vesle bygda Otterdal i Hornindal. Bygda vart veglaus i 700 dagar. Vegen er bygd opp att med fast dekke og autovern. I hovudsak er det her den nye traseen for maratonløpet ligg. Løypa vart nytta i fjor for første gong, og det vart sosialt og godt motteke av løparane og publikum. Både maraton, halvmaraton og 10 km vil gå her. Laurdag 25. juli 2015 er datoen for arrangementet.

Grunnen til omlegginga er rasfaren ved Kjøsahammaren i den tidlegare traseen. Også i år er dette den andre store styrkeprøven i juli i Hornindal. Ultraløpet Hornindal rundt vart arrangert første helga i juli. Hornindalsvatnet maraton blir i år arrangert for 24. gong.
 

Norsk rekord på heimebane
Grunnleggaren av Hornindalsvatnet maraton, Inge Asbjørn Haugen, vil springe sin maraton nr 500 på heimebane. Inge er også innehavar av rekorden i antall maratonløp i Norge. Denne laurdagen blir ein stor merkedag for arrangementet og bygda Hornindal.

Laurdag 25. juli ynskjer vi å markere Inge Asbjørn sin rekord i antall maratonløp. Så vi oppfordrar alle til å delta i løpet, enten som tilskodarar eller springe ein av distansane. Vi vil gjere dagen til ein festdag, og alle er hjarteleg velkomne. Vi ber alle som møter opp om å ta med flagg og stå langs løypa for å heie fram Inge og dei andre løparane.

Bankett
På kvelden den 25. juli kl. 18.00 vil Hornindal IL og Hornindal kommune gjere litt stas på bygda sin maratonkonge. Dei vil arrangere ein bankettmiddag på Best Western Raftevold Hotel der det vil bli høve for løparar til å melde seg på. For påmelding, kontakt leiar i Hornindal IL Robert Grodås på e-post: robert.grodaas@gmail.com eller på telefon: 95770520. Fristen for påmelding er lørdag 18. juli, men det er "først til mølla"-prinsippet som gjeld p.g.a begrensa kapasitet på Raftevold.

Løypebeskrivelse

Heimeside med informasjon om løpet

Vegen før og etter "Dagmar"
No skal det springast maraton her.......

PÅMELDING
NB ! Etterpåmeldingsgebyr etter 20. juli

PÅMELDE:  (blir oppdatert kvar dag)
Maraton
Halvmaraton
10 km
Minimaraton

I år blir all startnummerhenting i Honndalshallen ved Hornindal idrettspark

Samleside

VELKOMEN TIL HONNDALEN !

Start_halv
Starten på halvmaraton 2014. Foto: Bastian van der Werve