Kondismedlem Sponset innhold
Vegen blir graven ut - i snø. (Foto: arrangøren)

Vegen blir graven ut - i snø. (Foto: arrangøren)

Kvasshovden Opp - blir ei spesiell oppleving

Laurdag 18. juli 2015 arrangerar Ulvik Idrottslag motbakkeløpet Kvasshovden Opp for åttande gong. I år er løpet òg eitt av seks løp i Ultrahardingen 2015.

Pressemelding frå arrangøren: 
 

Kvart år har det i gjennomsnitt vore nesten 500 deltakarar – over 300 i mosjonsklassane. Dette er eit stort folkehelsetiltak for å få folk ut i naturen. Du kan lesa ti Olav H Hauge-dikt som gir deg ro i sjela, på vegen opp!

Uvanleg store snømengder har skapt store utfordringar. Løypemannskapet har gjort ein kjempejobb – rydda sti, laga klopp/bru og ikkje minst spadd veg i snøen til topps! Frå ca. 800 moh vil løypa variera mellom snødekke og berr bakke – på toppen er det snøfritt!


Frå 900 moh er løypa i år lagt på framsida av Kvasshovden pga. snøen, men er om lag like lang som tidlegare. Kvasshovden Opp i år vert ei spesiell oppleving du må få med deg!

Motbakkeløpet Kvasshovden Opp er 7,5 km langt og stig frå 10 til 1030 moh. Løpet har vanlege konkurranseklassar, der det er påbode med 2,5 kg ryggsekk.

Konkurranseklassane startar klokka 11.30 på Brakanes. Påmeldingsfrist er onsdag 15. juli innan klokka 24.00. I tillegg til vanleg premiering er det pengepremiar til dei tre beste i både menn og kvinner. 1. premie er 5000 kr frå BKK til beste mann og kvinne, 2. plass gir kr 3000 og 3. plass kr 2000.

Nokon av dei beste motbakkespesialistane i Noreg stiller til start. Kirsten M. Melkevik som har rekorden i kvinneklassa, stiller til start, i tillegg til lokale løparar som Kristen Skjeldal og Hilde Fenne. I år kan dei setja ny rekord i den nye traseen.

I mosjonsklassen er det inga nedre aldersgrense og inga tidtaking. Mosjonsklassen kan starta frå klokka 7.30 og registrerar seg på kongressen på Brakanes hotell innan klokka 11.00 Ein får høve til å vere publikum når konkurranseklassane kjem opp mot mål, der Dag Lindebjerg er speaker.

Det vert live-sending frå toppen til storskjerm i kongressen Brakanes Hotel. Premieutdeling vert i Kongressen på Brakanes Hotel klokka 16.30. I tillegg til vanleg premiering har me mange premiar trekt på startnummer! Hovudpremie er ein sykkel. 

Kom til topps i Ulvik laurdag 18. juli 2015!


Heimesida til Kvasshovden Opp

kvasshovden_opp_spading.jpg
Det er lagt ned eit stort arbeid for at det skal bli fint å ta seg opp til toppen av Kvasshovden. (Foto: arrangøren)