Rapport frå arrangøren:

Som forventa vart det Eli Anne Dvergsdal og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som sigra i Vetenløpet som vart arrangert laurdag 11. juli. Det var knytta stor spenning til om det kunne verte ny løyperekord i dameklassa og kanskje ny nasjonal rekord på herresida. Den avgjerande faktoren var om det varsla regnet ville halde seg unna til løparane var i mål og det heldt akkurat, og i kombinasjon med lettskya relativt kjølig vêr låg alt til rette for gode prestasjonar.
 
Svenske Ida Nilson opna hardt og fekk ei luke på Eli Anne ved passering fjellgrinda, men når bakkane for alvor starta var Dvergsdal raskt i teten og tok ein ganske klar siger på den imponerande sluttida 31.20, som er ei forbetring på 29 sekund av May Britt Buer sin gamle løyperekord. Merete Weng kom på plassen bak med 32.27 medan Ida Nilson kneip tredjeplassen framfor Merete Helgheim.
 
Blant herrane vart det ein overlegen siger til Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, som kom inn på den utrulege tida 25.50. Det var ei stund spenning om han skulle greie å ta løyperekorden, noko som ingen hadde trudd kunne vere muleg av ein norsk løpar. Med tanke på at løypa var noko fuktig etter den våte forsommaren og at dette var første deltakinga til Ludvigsen i Vetenløpet, så var det sterkt å kome så nær rekorden.
 
Kampen om andre og tredje plass stod mellom Sindre Hoff og fjorårsvinnar Ole Martin Erdal, og den duellen var det Sindre Hoff som sigrande ut av med tida 29.15.
 

I tillegg til dei 123 konkurranseløparane som stilte til start, var det også 346 registrerte mosjonistar på toppen som lagde ei fantastisk stemning når løparane kom i mål.
--

Mvh Gisle Skjølberg

Alle resultat
 
 
Vetenløpet_2015_Eli_Anne_Dvergsdalb.jpg
Eli Anne Dvergsdal
 
Vetenløpet_2015_Ludvigsen_målb.jpg
Thorbjørn Thorsen Ludvigsen
 
klassevinnararb.jpg
Klassevinnarar