Kondismedlem Sponset innhold
Møkster flyfoto

Vermeldinga lovar godt for Møkster maraton 1.8

13 grader og halvskya må vere nærmast perfekt ver for maratonløp, og laurdag er det på øya Møkster utanfor Austevoll det skjer.

Til no er det 16 menn og fire kvinner påmelde på full distanse, det er med andre ord plass til fleire. Løypa er 10 rundar rundt på øya, med totalt ca 60 meter høgdeskilnad pr. runde.

I tillegg er vert det nautisk maraton, som er knapt åtte kilometer.

Etter løpet er det berre å ta seg eit bad i den flotte badevika, vera med på premieutdeling og seinare høyra på Jan Eggum. 

Detaljar om påmelding finn du i Terminlista http://db.kondis.no.

Les reportasjane frå tidlegare løp, med mange flotte bilete som tydeleg viser den gode stemninga her:

Natureventyret Møkster maraton og på den nye Samlesida.

Sjekk om konkurrentane dine er påmelde på Deltaker.no