I bakgrunnen storslagent utsyn mot Hurrungane/Jotunheimen som i løpet av natta vart dekorert med nysnø ned til omlag 1800 moh. Dette praktfulle utsynet og vidsynet er den flottaste premien med å kome i mål. Nede til venstre på fotoen nedanfor av dei raskaste i løpet ser vi også 1000 høgdemeter rett ned til Øvre Årdal. Tippar at det er mange som får lyst til å bli med til neste år nå dei ser bildene frå denne praktfulle dagen. Dette flotte arrangementet bør ha eit mykje større deltakartal enn dei 46 som deltok i konkurranseklassane med tidtaking. I tillegg var det omlag 30 som deltok i trimklassa.

640_Raskastemennogkvinne_FotoChrPrestegård.jpg

Dei raskaste Foto Christian Prestegård.

Per Ove Walaker, IL Fanaråk og Roy Forthun Olsen, Jotun IL, delte sigeren på 33.53. Det gjorde dei også i fjor på ei tid som var omlag 1 min saktare. I midten raskaste dame Hege Lien, Sprekis, som sprang opp den 6,2 km lange løypa med 620 m stigning på 39.33. I tillegg til dei 40 som sprang denne løypa på tid var det også 6 deltakarar som deltok i det 11 km lange sykkeløpet frå Torget i Øvre Årdal 10 moh til Heirsnosi 1010 moh. På tredjeplass i herreklassa i løpet kom Jan Øyvind Bolstad, IL Fanaråk med tida 35:06.

I dameklassa vart evigunge Anna M. Tråve Lærdal IL (60år) nr 2 på 42:29  med Anita Tveit Neset ,Sprekisane, på 3.pl. med 42:31.

640_Vinnarar sykkel_FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Raskaste syklist var Runar Sekse, Sogn CK 55.22 (Kl M15-19). Ann Kristin Midtun, Jotun 1:08:11 var einaste dame som sykla og det gjorde ho på den gode tida 1:08:11.

640_GuttLøp_Blåbukse_FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Det set sine begrensingar på fotoreportasjen når eg både er deltakar og fotograf/journalist. Difor blir det berre løpebilder av dei som kom etter meg. Eg sprang på 42:51 og måtte bruke litt tid på å kome meg i fotoposisjon. Denne guten, som eg ikkje har namnet, på hadde så flott driv inn mot mål at fotoet berre må på trykk på den største nettsida i Noreg for Kondisjonsidrett: Kondis.no

640_CatrinHestetun_D50dame_52.47.jpg.jpg

Foto Christian Prestegård. Catrin Hestetun, Sprekis (D50) Sprang i mål på 52:47.

640_Eirik Indrebø, Jotun_Timekl. 49.22.FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Eirik Indrebø, Jotun IL,sprang i mål på 49:22 i Timeklubben som er ei klasse for dei som vil gjennomføre løpet på under ein time. Alle som klarar det får premie. Det klarte Eirik med god margin.

640_Timekl_AndreasHestetun42ogSverreEnkerud36.FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Det vart spurtoppgjer mellom Andreas Hestetun, Jotun IL, (42) og Sverre Enkerud, Sprekis, sprang i mål på 48:47 og 48:49. Dei vart begge premierte for å klare timekravet i "Timeklubben"

640_Dameløp_kvitTskjorte.jpg

Foto Christian Prestegård. Merete Holseter, Sprekis (D50) kunne i dag verkeleg nyte det praktfulle utsynet på den flotte oppturen frå 400-meteren til 1000-metern som ho brukte 49:26 på.

640_ILFanaråk.jpg

Forrige gong eg deltok i TurTil1000 i 2006 var det premiereløp med løpsnamnet Heirsnosi Opp. Då brukte eg 41:44 i år 9 år eldre i Kl. M60 brukte eg 42:51 og var særs nøgd med turen. Då var eg raskast i M50. No var eg også raskast av alle menn over 50. Her har eg mine klubbkamerater i IL Fanaråk ( arrangør av motbakkeløpet Fanaråken Opp) Per Ove Walaker på mi høgre side og Jan Øyvind Bolstad på mi venstre side.  IL Fanaråk hadde ein topp dag opp til Heirsnosi.

640_Utsynpåturned.FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Flott utsyn RETT NED til Øvre Årdal. Nedturane frå mange motbakkeløp på Vestlandet er like store Oppturar som løpet opp. Slik vart det også på tur ned frå Heirsnosi der eg slo følge med Nils Solheim ( til høgre i Lime-Gul jakke) m.fl. Det blir god tid til å nyte utsynet og prate når ein går og småjoggar ned att. Denne gongen var det lurt å slå følge med Nils som også skulle køyre bussen ned att frå 400m til premieutdelinga på Torget i Øvre Årdal. Nils er også med i arrangementskomiteen for løpet og vil nok bidra til at bileta frå denne praktfulle løpsdagen i år blir nytta aktivt i marknadsføringa av løpet til neste. På premieutdelinga fekk arrangøren Jotun IL Ski ros for den tekniske gjennomføringa av arrangementet, så no handlar det om MARKNADSFØRING og PR lokalt, regionalt og nasjonalt..

Resultatliste

For info om løpet sjå www.turtil1000.no

Sjå Porten.no for fleire foto frå løpet