Kondismedlem Sponset innhold
Arkivbilete

Arkivbilete

Solfylt avslutning på Klypetuss-karusellen i Etne

Bjørkeklubben Over er siste tilskiping i Klypetuss-karusellen i år. Det er 1250 m relativt flatt asfaltløp i austenden av det 12 km lange Stordalsvatnet i Etne kommune. Det var 59 deltakarar totalt i den 51. utgåva av løpet.

To klubbar
Den eine klubben er Bjørkeklubben. Ein "klubb" er ein liten bakke. i dette tilfellet etter ca 750 m av dei 1250. Etter 100 m over klubben, er det då ca. 400 m svak motbakke - 1 % ? - inn til mål ved ungdomshuset på Frette. Frå starten i 1983 til 1999 var det to løp av kvart karusell-løp kvart år. Det fyrste som Holmenkollstafett-trening og det andre som uttaking til stafetten. Difor var dette den 51. utgåva av Bjørkeklubben.

Den andre klubben er tilskiparen IF Klypetussen. Denne klubben vart skipa 2. april 1982. 
i49010396._szt3_.jpg
I desse dagar då utøvarar skiftar frå eine klubben til den andre så fort det er meir pengar å henta, kan det vera ein idé å peika på grunnfjellet i Idretts-Noreg: dei små klubbane.
 
IF Klypetussen vart som logoen seier, skipa 2. april 1982. Buen i logoen symboliserer Klypetunellen (30 m lang). I den står klubbnamnet som kjem av "eit klyp", ein trang dal eller eit trangt skar. Raudt, kvitt og blått er klubbfargane på vegen inn i tunellen. Det opphavelege nedslagsfeltet for klubben er Sævareid på eine sida av tunellen og Håland og Sævareid på den andre sida. Altså er tunellen eit symbol på samarbeid.

137 % finst ikkje; men om ein reknar innbyggjartal i dei tre grendene i 1999 mot medlemstal same år, så var det blant dei største idrettslag i verda... Olav Samland, mangeårig leiar av hovudlaget, har designa denne flotte logoen. 
 

Utekafé_og_premieseremoni_640x480.jpg
Utekafe og premieseremoni   Arkivbiletet (alle dei fine bileta tekne i år forsvann under overføringa frå kamera til PC. 

4 - 8 - 13 - 34
4 deltakarar i kvinneklassen.  8 deltakarar i barneløpet, 13 deltakarar i herreklassen, og 34 deltakarar som trimma utan tidtaking. Ikkje nett ei massemønstring, men skulle Sentrumsløpet i Oslo hatt like stort prosentvis oppmøte, ville de tilsvart ca 400 000 deltakarar. 
 

RESULTATER BJØRKEKLUBBEN OVER 24. APRIL
Fint vær, litt kald trekk, ca +6C

  Kvinner      
1. Eira Austad Haugesund IL 4.36 min  
2. Kristine Alne Haugesund IL 4.43 min Funksj.løp
3. Viktoria Lindgren Haugesund IL 4.51 min  
4. Jorunn Hagesæther Torvastad IL 5.13 min  
         
  Menn      
1. Trond Olav Halvorsen Haugesund IL 3.59 min  
2. Ørjan Løhaugen IF Klypetussen 4.16 min  
3. Jon Helge Lindgren Haugesund IL 4.17 min  
4. Kjetil Seljelid Privat 4.39 min  
4. Johannes Alne Ås IL 4.39 min Funksj.løp
6. Ivar Halvorsen Haugesund IL 4.57 min  
7. Steffen Rafdal Etne IL 5.23 min  
8. Albert Nerheim Rafdal Etne IL 5.25 min  
9. Jone Håheim Vindafjord IL 5.41 min  
10. Harald Måge IF Klypetussen 5.48 min  
11. Anders Løhaugen Vindafjord IL 5.54 min  
12. Kristian Lindgren Haugesund IL 6.26 min  
13. Einar Gisle Sellevold IF Klypetussen 6.30 min  
         
  Barneløp:      
  Mirabella Lindgren Haugesund IL 1.36 min  
  Andrè Løhaugen Vindafjord IL 1.56 min  
  Anna Løhaugen Vindafjord IL 1.28 min  
  Johanne Løhaugen IF Klypetussen 1.17 min  
  Sigurd Løhaugen IF Klypetussen 1.54 min  
  Signy Johanna Rafdal Etne IL 1.14 min  
  Audhild G. Sævareid IF Klypetussen 1.04 min  
  Johanna G. Sævareid IF Klypetussen 1.06 min  
         
  Tur:      
1. Einar Sævareid      
2. Aleksander Hovin      
3. Egil Prestegård      
4. Sigrid Øvernes      
5. Ana Lindgren      
6. Kari Anne Rafdal      
7. Knut Lunde      
8. Valborg Lunde      
9. Johanne Åkra      
10. Vibeke Selvaag      
11. Heine Løhaugen      
12. Jorunn Løhaugen      
13. Svein Ketil Løhaugen      
14. Per Henning Sævareid      
15. Åshild Gundegjerde      
16. Kari Svendsen      
17. Marit Svendsen      
18. Brita Halvorsen      
19. Tore Halvorsen      
20. Johannes Ripel Jensen      
21. Eirik Ripel Jensen      
22. Gurine Jensen      
23. Emma Ljusnes Jensen      
24. Elida Ljusnes Jensen      
25. Torbjørn Ljusnes Jensen      
26. Jan Eirik Jensen      
27. Olav Samland      
28. Thorbjørn Samland      
29. Elin Udstuen      
30. Sigrid Løvereide      
31. Gunnar Løhaugen      
32. Bjørg Løhaugen      
33. Einar Løhaugen      
34. Ann Hilde Løhaugen      


Bjørkeklubben.jpg
Tre spreke jenter frå Haugesund IL.