Vetenløpet 2018

Kondis har motteke denne rapporten av Gisle Skjølberg frå arrangøren, Bremanger IL:

Førehandsfavorittane Eli Anne Dvergsdal og Thorbjørn Thorsen Ludvigsen - begge frå Varegg Fleridrett innfridde og tok kvar sin klare førsteplass under Vetenløpet 2018. Til tross for nær optimale forhold og forventningar om tider som nærma seg dei gamle løyperkordane vart det tungt både for Thorbjørn Ludvigsen og Eli Anne Dvergsdal. Sistnemnde kjende forsatt EM-fjelløpet i beina og var ikkje heilt restituert. Men sjølv på ein ikkje heilt topp dag for to av dei aller største motbakkeprofilane i Norge, så heldt det til klare sigrar for begge to.

Fra begynnelsen av løpet.jpg
Frå starten av Vetenløpet - like før den første skikkelege stigninga begynner.

Dama som har vore flest gongar på pallen under Vetenløpet, derav 4 sigrar, Merete Helgheim, Gloppen Friidrettslag tok andreplassen på 36,22 og knappe to minutt bak der igjen kom Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy i mål på tida 38,21. På herresida sette Vegard Holsen frå Førde solid pers med tida 29,35 framfor Ole Martin Erdal, Førde IL Friidrett på tida 29,42 som var identisk med vinnartida hans frå 2014.

Dvergsdal_2018.jpg
Eli Anne Dvergsdal i fint driv inn mot mål.

Ludvigsen i mål_2018.jpg
Thorbjørn Ludvigsen i det han går i mål.

Sjølv om det vart ingen klasserekordar i junior- og seniorklassane vart det heile 5 nye klasserekordar blant veteranane, og den som kanskje imponerte mest av alle deltakarane var 75 år gamle Birger Normann Hanstveit som sprang frå Grotlesanden til Veten på 44,54 i klasse 75-79.

I tillegg fekk vi følgande klasserekordar:
H45-49: Jann Olav Tjønneland - 32,41
D60-64: Norunn Stavø - 40,54 (hadde også den gamle rekorden).
H60-64: Magnar Solheim - 35,42
H65-69: Harald Nygård - 39,18

I alt 77 konkurranseløparar fullførte det trettande Vetenløpet lag med 264 registrerte mosjonistar. Totalt 345 påmelde er ein liten auke i høve til i fjor. Takk til alle som stilte opp og gjorde Vetenløpet til nok ein suksess, både deltakar, frivillege, Svelgen Røde Kors, grunneigarar på Grotle og alle sponsorane!!



Alle resultat

Facebooksida til arrangøren


Fleire bilder:

Mot Grotlesanden.jpg
Fin utsikt mot Grotlesanden kor løpet startar.

Luftig parti ved Olasteinen.jpg
Frå eit luftig parti ved Olasteinen.

Flere løpere nærmer seg mål.jpg
Fleire løparar nærmar seg mål.

Et herlig spurtoppgjør.jpg
Terje André Nigardsøy (21) frå Bergen (21) og Bjørnar Gangsøy, Almenning Idrettslag (22) i eit herleg spurtoppgjør. Nigardsøy gjekk sigrande ut av duellen på den sterke tida 33,35, med Gangsøy sekundet bak.

Etter målgang.jpg
Ein glad og nøgd gut etter målgang.

Etter målgang-2.jpg
Her er to til som er glade for å vere ferdig med slitet. Bjørnar Gangsøy til høgre.

Målområdet-2018.jpg
Målområdet på toppen av Veten (527 moh.).

Birger Normann Hanstveit-2018.jpg
Birger Normann Hanstveit, Mjøsdalen IL (M75-79) gjorde flott løp og kom i mål på tida 44,54 (ny klasserekord).

På toppen av Veten.jpg
Ein kan ikkje klage på utsikta frå Veten.