Bildeler Førde og Rekneskap Fjordane står bak ein Jackpot verd kr 50 000 for ny løyperekord i dame eller herreklassen ved Storehesten Opp 25. august. 

- Om begge rekordane ryk blir det 50 000 på kvar, - det vil si at vi har 100 000 kroner i potten, seier Helge Kårstad i Storehesten Opp og fortsetter:

- Med dei tilhøve som er i år burde Heidi Weng eller tilsvarande lett sette rekord i dameklassen. Og utbetalinga er jo ikkje så liten, inkludert vinnarpremie og løyperekord blir det totalt 55 000 kroner. Vi trur vel også at løyperekorden til John Sompol frå Kenya (som no er død) bør vere muleg å slå av ein nordmann.

- Dette altså fordi løpet er flytta til haust og då slepp ein nokre hundre meter snø i bratt terreng, og det går nok betydeleg fortare. Løpet vil heretter gå siste helga i august.

Løyperekorder:
Heidi Weng 1:11:53 (2014)
John M. Sompol 1:03:15 (2011)


Andre Haugsbø_Knut_Kongsvik (1280x720).jpg
Andre Haugsbø (Rekneskap Fjordane) til venstre på biletet og Knut Kongsvik (Bildeler Førde) er sjølve løparar og meiner at løypetilhøva for å setje rekord aldri har vore betre. 

Løpets heimeside
Påmelding (EQ timing)

Kondis.no 2017: Spennande duellar i nedkorta løype i Storehesten Opp


Løypekart.jpg

Foto: Arrangøren
Arrangørfoto