BRAKVATNET HALVMARATON - PRESSEMELDING

Laurdag 13. oktober er det klart for Brakvatnet Halvmaraton for 12. gong. Arrangørane i Osterøy IL lokkar med halvmaraton, halvmaratonstafett og barneløp langs idylliske grusstiar.   

I naturskjønne omgjevnader snirklar løypa seg kring Brakvatnet som ligg i eit populært friluftsområde på Osterøy, nord for Bergen. Løypa er kupert og krev sitt både av mosjonistar og eliteløparar. Mesteparten av løypa er på idylliske og nokså breie grusstiar. Brakvatnet Halvmaraton høver godt for heile familien med eigen klasse utan tidtaking og med eige barneløp. For dei som synest åtte rundar rundt vatnet er i meste laget, er halvmaratonstafetten eit godt alternativ. Her kan frå to til åtte løparar delta på kvart lag. Kvar etappe er på minst ein runde (2,6 km). Til no er 10 lag påmelde, m.a. OIL friidrett, OIL langrenn, Mjøsdalen, Lovstafetten (juridisk fakultet), Team Joensen og fleire lokale bedrifter på Osterøy.   

Løyperekordar halvmaraton: Bjarte Vik 1.18,31 (2011) og Hilde Aasheim 1.24,29 (2013). I 2017 vann Ingri Mjelde Birkeland (1.39,07) og Stig Atle Eide (1.25,09).

Historikk: Brakvatnet halvmaraton vart første gong arrangert i 2007, mest som eit testløp for initiativtakaren Sigbjørn Reigstad – som i «eit anfall av overmot» hadde meldt seg på full maraton på Lanzarote. 16 ivrige løparar stilte til start, klare for 8 rundar rundt Brakvatnet – i heller djup snø. Av desse fullførte 12 distansen. Teståret ga meirsmak, og med ei klar satsing på å få lokale mosjonistar til å ha dette som årets store utfordring fekk ein dei første åra eit stort oppsving i deltakartal. Ein foreløpig topp blei nådd i 2014 med 249 deltakarar. 

Arkoconsult Rask jubler for stafettseieren
"Arkoconsult Rask" jubler for stafettseieren i 2016.

IMG_5668.jpg  

Brakvatnet halvmaraton er eit løp med ei heilt spesiell atmosfære. Dei som spring tek igjen løparar og gåande, med dei positive effektane det har for motivasjonen. Dei gåande er også flinke til å heia fram vener og kjente. Dette er feelgood-løpet framfor noko anna her i landet. Publikum samlar seg rundt væskestasjonen ved mål, og her er stemninga stor. Dei som vil ta seg betre tid rundt vatnet, og det er ganske mange, kan starta heilt frå klokka 8 om morgonen.


Brakvatn logo.pngPåmelding - klikk på logo 


fullbrakvatnet-1a.jpg
Løypekart Brakvatnet halvmaraton


IMG_5545.jpg
God stemning i målområdet.

IMG_5486.jpg
Barneløpet 2016


Kondisreportasjer Brakvatnet halvmaraton
2017 :  Flott stemning rundt Brakvatnet
2016 : God stemning rundt Brakvatn i finværet
 

Osterøy logo.jpg
Klikk på logo for mer info om løpet