Pressemelding arrangøren
 

I 2010 og 2016 hadde me Norgescup , i 2011 og 2017 NM i motbakkeløp!  Fleire gode løparar kjem i år sjølv om det ikkje er verken er NM eller Norgescup, som motbakkespesialisten Torbjørn Ludvigsen, Varegg og rett frå 4. plass i EM i motbakkeløp 1. juli 2018 i Makedonia, Eli Anne Dvergsdal, Varegg.  

Les artikkel om EM Fjelløp med intervju her

3J6A0262.jpg
Eli Anne Dvergsdal er klar for nye utfordringer i Kvasshovden Opp. Foto: Arne Dag Myking

Løypa  har aldri vore så turr så ein kan venta gode tider om veret held. Turen for trimmarane vert praktfull!.

Kvasshovden opp er eit folkehelsetiltak og me ynskjer å få fleire trimmarar opp til toppen. I år kan mosjonsklassen velja om dei vil starta på Byrse (Børsheim) (230moh) eller nede ved kongressen, alle må melda seg på i kongressen. Gode parkeringsplassar på Byrse.  Det er og  rabatt for familie med 2 vaksne + 2 barn  - totalt 300 kr. (berre påmelding direkte (ikkje elekronisk).  

Johan Bugge og May Britt Buer jubler over norgesmesterskap. (Foto: Arne Dag Myking)
Johan Bugge og May Britt Buer jubler over norgesmesterskap i 2017. (Foto: Arne Dag Myking)

Kvasshovden opp går frå sentrum til Kvasshovden på 1025 moh. Totalt 7,5 km.

På veg opp til toppen kan du og få med deg 10 utvalde  Olav H Hauge- dikt (i alle fall for mosjonistane!)

Motbakkeløpet Kvasshovden opp engasjerar  rundt 70-80 frivillige dugnadsarbeidarar frå laget!  

3J6A0351.jpg
Det er meldt varmt og fint vær hele uken. Regner med flere tar en frisk dusj etter endt løp i år også. Foto: Arne Dag Myking

Sjå www.kvasshovdenopp.no 

 

Kondisreportasjer Kvasshovden Opp

2017 : Bugge og Buer norgesmestre i motbakkeløp
2016 : Torstein Tengsareid først opp til Kvasshovden