Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgHo har god grunn til å vera bekymra, noko til dømes slike oppslag i VG og TV2 viser. 

Samstundes med at pengane ser ut til å flyte nokså fritt i toppen av idrettshierarkiet – med for eksempel 3 millionar i etterlønn til generalsekretæren – slit klubbane med å gi eit godt og rimeleg tilbod til barn og unge.

I tillegg til vanleg medlemskontingent kjem høge treningsavgifter og kostnader til utstyr, konkurransar og treningsleirar. Sjølv i lite ustyrkrevjande idrettar som friidrett og fotball blir summane store.

Ein kostnad som det kan sjå ut til at statsråd Helleland ikkje har fått med seg, er den obligatoriske lisensen som dei fleste særforbunda har innført. Friidrettsforbundet sette før årets sesong opp prisen på lisensen med 12 prosent, slik at den dårlege grunnlisensen kostar 420 kroner og den langt betre utvida lisensen kostar 800 kroner.

Frå det året ungane fyller 13 år, må dei ha årslisens for å vera med på banestemne. Det gjer at terskelen for å prøve seg i friidrett blir atskilleg høgre – når ein må betale minst 420 kroner i tillegg til startkontingenten om ein vil prøve seg på til dømes ein 800 m eller eit høgdehopp.

Hovudgrunngjevinga for lisenskravet er at utøvarane skal vera forsikra, men i praksis fungerer det som ei overføring av pengar frå grunnplanen til sentralplanet. Ekstra problematisk blir det når dei fleste særforbund krev lisens til sitt eige forbund om ein skal drive deira idrett. Dei som driv fleire idrettar, blir dermed både dobbelt- og trippelforsikra.

Meiner idrettsforbunda at den økonomiske terskelen for å drive idrett bør vera låg, så kunne eit første steg vera å fjerne lisenskravet.

Meiner idrettsleiarane at det er viktig at ungane trenar allsidig og driv med fleire idrettar, så burde det iallfall ikkje vera nytt lisenskrav for kvar ny idrett dei vil prøve. Om det absolutt må vera lisenskrav – noko det etter mi meining ikkje bør vera – så burde det iallfall halde å ha ein felles lisens uansett kva slags idrett ein held på med.

Den skattlegginga av klubbane og dei aktive som lisensane representerer, burde vera noko den elles så kritiske idrettsministeren såg nærare på før ho neste gong signerer millionoverføringar til idrettsforbund og særforbund.

Å ha eit forsikrings- og skadetelefonsystem for 13-åringar er ikkje berre dyrt. Det er òg i strid med den haldninga som burde prege barneidretten – at dett ein og slår seg, så reiser ein seg, set plaster på såret og spring vidare.

Å lære 13-åringar at dei må ta MR innan tre dagar dersom dei får eit overtråkk, er å tre haldningane frå den på fleire måtar sjuke toppidretten ned på dei som enno er unge og friske.

Når det i tillegg hevar terskelen for å bli med, burde nokon seie stopp.