Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgVis alle løparane i mål
Det som irriterer meg mest i overføringa av baneløp, er at dei ikkje viser alle løparane i mål. Når første løpar har passert målstreken, tek dei nærbilete av fjeset eller rumpa til vinnaren utan å bry seg om kven som blir nummer to, tre, fire, sju, sytten. Her sit det sjåarar frå heile verda som har sine favorittar, og så får dei ikkje ein gong sjå heltane sine springe i mål. Under Diamond League-sendinga frå Roma byrja dei til og med å vise nærbilete av tilskodarar medan innspurten heldt på.  

I fellesstartar i langrenn og skiskyting viser dei alle løparane passere målstreken. Klokka går og namn og tider til dei som passerer mål, kjem opp på skjermen. På friidrettsstemne stoppar dei klokka når første løpar er i mål, og om vi skulle slumpe til å sjå ei Karoline Bjerkeli Grøvdal passere mål i bakgrunnen av nærbiletet av Hellen Obiri, må vi gjette oss til tida.

Vis alle i mål, og lat klokka gå til alle er i mål. Lat namna og tidene komma opp på skjermen med det same. Etiopiarane – og mange andre - vil sjå innspurten til Genzebe Dibaba, britane vil sjå Stephanie Twell, vi i Noreg vil sjå Karoline Bjerkeli Grøvdal. Og så er den einaste løparane vi får sjå, kenyanske Obiri. Til gjengjeld får vi sjå nærbilete av henne – og to tilskodarar – i nærmare eitt minutt medan løpet enno held på. Eg er sikker på at over 95 prosent av TV-sjåarane kjente seg snytt. Til og med på 1500 meteren avbraut dei bileta frå målgangen for å vise nærbilete av ryggen til Sifan Hassan.

Vis passeringstider
Men det er ikkje berre ved målgang det sviktar. I maratonløp og terrengløp klarer produsentane ikkje å gjera det som dei så lett og elegant får til i langrenn og skiskyting – å stanse kamera og la løparane passere slik at vi får sjå både kven som ligg bak, og kor langt bak dei ligg. Aukar avstanden, eller er det nokon som nærmar seg teten? På maraton skulle det vera ei smal sak å laga slike passeringar for kvar femte kilometer. Da ville vi ikkje berre få sjå avstandane bakover, men òg kor fort kvar 5-kilometer vart sprungen.

I staden let dei kamera liggja pal på teten. Sjølvsagt kan ein ikkje la alle løparane få passere i storløp som London Marathon,  men å få med kor stor avstanden er til løpar eller pulje to, tre og fire, vil byggje opp dramaet på ein heilt annan måte.

Korfor tek ikkje maratonprodusentane eit grunnkurs i TV-produksjon hos dei som lagar langrenns- og skiskytingssendingar? Å sjølv vera elendig er for så vidt tilgjeveleg om det ikkje finst nokon flinke ein kan lære av, men når både teknologien og bruken av den er berre nokre tastetrykk unna, er det utilgiveleg å sulle i veg slik dei gjer, enten det er Stockholm Marathon eller EM terrengløp det handlar om.

Betring?
Så kunne eg òg klaga på at dei peisar på med kulestøt og tresteg medan 1500 meteren eller 5000 meteren held på, men det er ei heilt anna sak. Sjølvsagt ville det vori fint og haldi iallfall eit kort løp som 1500 m fri for andre innslag, men eg har forståing for at mange er meir interessert i tekniske øvingar enn det eg er. Det kan forsvarast sportsleg at ein visar vinnarhoppet i stav medan 5000 meter-løparane har tre rundar att. Men ikkje at ein bruker eit minutt på nærbilete av vinnaren medan dei 18 andre i feltet kjempar det dei kan om dei neste plassane.

Kan vi vone på betring frå Roma når NRK skal laga TV-sending frå Bislett Games no på torsdag? Med små og enkle grep kan produksjonen bli veldig mykje betre. Og NRK har kompetansen – det har vi sett når dei produserer langrenn.

Korfor senke seg ned til C-nivå når det handlar om løping?