Påmelding EQ-timing til fredag kl 22.00 og ved start til kl 13.30. Starten går kl 14.00
Les også: Store premiar i Langs Åkrafjorden
Sterke løparar påmeld
Størst av dei påmelde til no er noregsmeister på 10000 m for ei veke sidan på Byrkjelo, Okubamichael Fissehatsion, IK Tjalve.
Men også andre veldig gode løparar. Lars Lunde, Stord IL sprang 3000 m på kjempeflotte 8.32 på Trond Mohn Games på Fana onsdag. Han har vunne Langs Åkrafjorden dei to siste åra. Han er per 2017 på fjerdeplass på "All Time High" i Langs Åkrafjorden. Berre to kenyanarar og Ragnar Stølsmark er framfor han på lista.
"All Time High" for menn:
1. Laban Onderi Siro 33.35
2. Francis Kipketer Chesumei 34.39
3. Ragnar Stølsmark 35.25
4. Lars Lunde 35.53
5. Erik Rullestad 37.10
6. Robert Kibor Limo 37.24
7. Svein Erik Eide 37.34
8. Nils Hetleflåt 37.51
9. Gaute Kvåle 38.03
10.Wiktor Berg 38.18
"Bergprisen" etter 2930 m:
Francis Kipketer Chesumei 9.58
Seier og løyperekord gir kr 9000,- i premie.
Løyperekordhaldar Maryna Novik er påmeld - jentene kan få meir enn gutane
Maryna Novik har løyperekorden frå 2014. Ho er påmeld og trenar vesentleg meir og hardare enn då. Men i 2014 hadde ho lenge heng på herrevinnaren, og det var eit maksløp ifølge henne sjølv. Og kanskje kjem det fleire sterke løparar som kan trua Maryna? Kven veit?
"All Time High" for jentene:
1. Maryna Novik 40.33
2. Kjersti Fresvik 41.25
3. Miriam Berg Hovda 41.28
4. Susanne Wigene 41.34
5. Janne Vatnaland 43.14
6. Marit Årthun 43.33
7. Barbro Ramstad 43.53
8. Ellinor Austheim 44.33
9. Hege Eikemo 44.37
10.Ingrid Kristiansen 45.01
"Bergprisen" etter 2930 m:
Miriam Berg Hovda 12.17
Seier og løyperekord under 40.00 gir kr 9500,- på kontoen
40.33 er Maryna sin rekord. Spring vinnaren av jenteklassen under 40.00, får dei kr 500 meir enn gutane.
1. pr. kr 4000,- løyperekord kr 5000,- og kr 500 ekstra om ein er under "magiske" 40.00.
Barneløp 750 m med medalje til alle!
Info: Gisle Sellevold 4860 2195