Kondismedlem Sponset innhold
Mariann Roe sprang over mål som vinnar av Skuggenatten Opp i 2016. I 2018 vil det vera NM der. (Foto: arrangøren)

Mariann Roe sprang over mål som vinnar av Skuggenatten Opp i 2016. I 2018 vil det vera NM der. (Foto: arrangøren)

Løpa som inngår i Norsk motbakkecup 2018 er klare

Fem løp - frå 12. mai til 11. august - inngår i Friidrettsforbundet sin motbakkecup i 2018. Eit av dem er Skuggenatten Opp, som òg er NM i motbakkeløp.


Dei fem løpa i motbakkecupen vil òg vera uttaksløp til VM i motbakkeløp som går i Canillo i Andorra 15. september. I cupen vil fire av fem løp telje, og samanlagtvinnarane vil kjempe om ein samla premiepott på 80 000 kroner. 

Fire av dei fem løpa i cupen går på Vestlandet - frå Sauda i sør til Ørsta i nord - så slik sett vil det bli lang reiseveg for løparar frå Nord-Noreg eller Sør- og Austlandet om dei vil ha med seg så mange løp at dei har sjanse i samandraget. 

- Vi har hatt  mange velkvalifiserte søkjarar å velja mellom, og vi er svært tilfreds med interessa, uttala Jostein Hatteberg, leiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund til friidrett.no

- Vi trur det kan verta mange spennande løp og duellar i neste års motbakkecup, legg han til. 


Løpa i Norsk motbakkecup

1. Løvstakken Opp 12. mai
Arrangør: BFG Bergen Løpeklubb, Bergen, Hordaland
Nettside

2. Skuggenatten Opp (Norsk meisterskap) 2. juni
Arrangør: Treungen IL, Treungen, Telemark
Nettside

3. Hovlandsnuten Opp 9. juni
Arrangør: Sauda IL, Sauda, Rogaland
Nettside

4. Saudehornet Rett Opp 4. august
Arrangør: Ørsta IL, Ørsta, Møre og Romsdal
Nettside

5. Fanaråken Opp 11. august
Arrangør: IL Fanaråk, Turtagrø, Sogn og Fjordane
Nettside

VM arrangeres i Canilla i Andorra 15. september.
World Mountain Running Associaton si nettside

DSC_2999.jpg
Motbakkecupen vil starte med Løvstakken Opp 12. mai. (Foto: Trygve Andresen)