Kondis hadde knapt høyrt om dette fjelløpet for 2 - 3 månader sidan. Og det endå det går i grannekommunen til reportaren. Tilskiparane sa sjølv at dei visste dei hadde vore varsame med marknadsføringa. Dette skulle betra seg til neste år.

Sistemann rapporterer
Som sistemann til topps i konkurranseklassen i den steikande varmen, fekk kondis.no sin reportar verkeleg testa seg! Men tilskiparane har ingenting å frykta, for dette er alt ei godt gjennomført tilskiping. 5.5 km i alt. Her er det utan så mykje meir arbeid plass til mange fleire. Tre drikkestasjonar med vatn og saft, fire postar med enkel quiz for turgåarane. Sekretariatet var enkelt, men hyggelege og flinke folk i ei fin gate i Sandeid sentrum.

Ein startar i Sandeid sentrum med boder, bord og benkar og show. Løpet startar med ca 1,2 km flatt på fortau, før gode 3.5 km traktorveg i kraftig motbakke. Dei siste 500 m er det nesten det ein kan kalla klatring opp mot toppen. Denne gong i sterk varme, men ein liten bris gjorde det rimeleg greit likevel. 

Ekstra oppleving: to med flotte sikksakk-band
Sterk varme ja: På veg ned fekk nokre av oss fyrst sjå ein brun liten ein med sikksakk-band som sola seg på grusvegen. Litt lenger nede ein mykje større, også den brun og fin. Kanskje mora? Felles for dei begge var at solinga fekk venta når det kom svære toføttingar dundrande nedover. Dei forsvann begge hurtig  buktande ned i veg-grøfta og inn i lyngen. 

Morten Gjendem i knallslag!
Sist Morten Gjendem sette løyperekord i Trongjo Opp i grannekommunen Etne i april, stod det "No team" bak namnet hans på resultatlista. No har denne gode løparen meldt seg inn i ein god klubb, nemleg Haugesund IL.

Han hadde ikkje ukjende Thomas Finshus frå Stegaberg IL å bryna seg på i Sandeid denne laurdagen. For å vinna den tredje utgåva av Øktaren 575, måtte han difor setta løyperekord. Den gamle på 30.07 som Thomas sette i fjor. For mannfolka lyder den no på 29.25. 

2018 - menn
1. Morten Gjendem    29.25
2. Thomas Finshus    31.43
3. Ola Vestbø        35.36

Ellinor Austrheim med løyperekord for jentene
Ellinor Austrheim var i godt slag og senka løyperekorden til 38.59. 7 jenter fullførte i fin stil. 

2018 - kvinner
1. Ellinor Austrheim   38.59
2. Emma Rødne          42.10
3. Ragnhild Aarekol    44.24


2016: 43 løparar
2017: 30 løparar
2018: 39 løparar  - 85 registrerte turgåarar

For ein utsikt!
Komen opp 575 m over havsnivå har ein vanvittig utsikt! Denne dagen var det klårt og utruleg god sikt. Ein grunn god nok til å ta turen, og det er gratis for dei som vil. 


T-skjorte med løpets logo på til alle
Med startkontingen på berre 50 kr var det framifrå marknadsføring for neste år at alle som fullførte fekk
ei fin t-skjorte med logo på.

Med fire-fem kilo trent vekk, så prøver kanskje sistemann på resultalista (reporteren) seg i Øktaren 575 på ny i 2019.

Gisle_Sellevold_endelig_i_maal.jpg
De siste 500 m mot toppen er tøffe, så reporteren måtte ta seg ein kvil på toppen før han kunne nyta den flotte utsikten.

Folk_og_fe_paa_toppen_.jpg


Alle resultat:
Menn:

Nr

 Fornavn

 Etternavn

Løpstid

1

 Morten 

 Gjendem

29,25

2

 Thomas 

 Finshus

31,43

3

 Ola

 Vestbø

35,36

4

 Svein Håkon

 Kringlebotten

37,58

5

 David 

Øren

38,26

6

 Sondre

 Rullestad

38,39

7

 Åsmund

 Kringlebotten

38,47

8

Yngve

 Furseth

38,48

9

 Terje

 Aarekol

39,46

10

 Leif

 Vestbø

40,35

11

 Vebjørn

 Skipevåg

40,59

12

 Terje

 Ørnes

41,09

13

 Jone

 Håheim

41,10

14

 Andreas

 Gjerde

41,58

15

 Rune 

 Vestbø

42,13

16

 Bent Magne

 Koldal

42,15

17

 Jarle 

 Kringlebotten

42,16

18

 Martin 

 Vestbø

42,18

19

 Jonas

 Vestbø

43,08

20

 Ørjan 

 Løhaugen

43,25

21

 Tage

 Aarekol

43,29

22

 Ricard

 Særsten

43,56

23

 Jonas 

 Bergem

44,15

24

 Tore 

 Solberg

45,40

25

 Arve

 Vestbø

48,31

26

 Alf Inge

 Solheim

49,23

27

 Oliver 

 Byggstøyl Ørke

49,24

28

 Knut Inge

 Kvinnesland

50,42

29

 Espen

 Steinsland

51,00

30

 Harald

 Måge

52,54

31

 Øystein

 Eide Eskeland

58,13

32

 Gisle

 Sellevold

1.13,10


Kvinner

1  Ellinor  Austrheim 38,59
2  Emma  Rødne 42,10
3  Ragnhild  Aarekol 44,24
4  Beate  Aarekol 44,48
5  Line  Fjelldalselv 45,12
6  Jane  Myrhre 51,42
7  Aurora   Aarekol 58.21




Slippers_ikke_ideelt_IMG_3822.jpgDenne mannen vart utfordra til å delta, men med slippers ville det vera tøft å komme seg til toppen.

T-skjorte_450_.jpg












Med ein startkontingent på kr 50 og kr 100 for heile familen, så er det imponerarande å få ei T-skjorte med på kjøpet. Billegare kan det ikkje bli.

IMG_3816.JPG
Kondis sin reportar er interessert i gode logoar - dette er ein av dei. Enkel, men talande.