191 deltok totalt

Nr-60_kvadratisk_640pix_300x327

Deltakarrekordar i Åkraløpet!

58 personar deltok på tid i den vesle bygda Åkra i Kvinnherad. Imponerande 191 personar deltok på tur eller med tidtaking, i ei bygd med 236 innbyggarar

Publisert Sist oppdatert

Kjempesuksess for Åkraløpet i Kvinnherad i Sunnhordland!
Strålande sol og 22 varme gradar. Kondis vart særs godt motteke av dei flinke arrangørane i Matre IL.

Ny deltakar-rekord i løpsklassen - og totalt
Små og store deltakarar strøymde på. Sandnes, Tysvær, Etne og Rosendal var av dei plassane folk kom frå.. 58 sprang på tid og 133 gjekk tur i den flotte, men krevande 3.2 km-løypa bygda rundt. Åkrabygda har 160 innbyggarar med smått og stort. Skulekrinsen har totalt 236 innbyggjarar. Det er denne bygda som har gjeve namn til den tre mil lange Åkrafjorden.

Nytt flott løp av Vegard Årthun Bergane
Vegard Årthun Bergane har sjølv løyperekorden på 10.13 på denne tøffe løypa. Denne gongen var han berre 5 sekund bak. Han er ikkje 100% restituert etter å ha gått Noreg på langs. Til Kondis fortalte han at han kun hadde klart intervall-trening ca éin gong i månaden. Denne gongen hadde han god motstand, så han kunne ikkje "lata seg".

Landbruk, turisme, båtfolk - og pub!
Landbruk, småbåtreperatør, butikk, byggenæring, turisme er vel dei viktigaste næringane. Tre nye hytter er oppført og dei er fulle av turistar stort sett heile sommar-halvåret. Her er også ein pub!

P.S. I fjor var det over 3200 som las om Åkraløpet på www.kondis.no

Jenter:
1. Ingebjørg Haugland Uskedal IL 12.59
2. Louise Årthun Bergane Matre IL 13.23
3. Veslemøy Haugland Uskedal IL 14.21

Gutar:
1. Vegard Årthun Bergane MatreIL 10.18
2. Sindre Omvik Omvikedal IL 10.32
3. Ronny Nordal Trio IL 11.08

Full resultatliste under bileta.


Vinnaren Vegard Årthun Bergane (nr 90) var berre 5 sekund frå sin eigen løyperekord. Foto: Kondis


Flotte premiar til alle. Mange glade andlet i Åkraløpet. Foto: Kondis


Mange glade andlet i sola og varmen. Foto: Kondis


Mange glade andlet i sola og varmen. Alle får premie i Åkraløpet. Foto: Kondis


Mykje folk på Åkraløpet. Foto: Kondis

Resultater_Aakraloepet.pdf

Powered by Labrador CMS