laurdag 3. juli
Igjen klart for Jølster maraton
På førstkomande laurdag blir Jølster maraton arrangert for 28. gong. Ifjor vannHelge Hafsåsi suveren stil - for tiande gong.
Vi har fått denne pressemeldinga frå arrangøren v/ Johnny Solheimsnes:
Jølster Maraton vert arrangert laurdag 3.juli. I år er det 28. gong dette
stemnet vert arrangert, og med det er vi mellom veteranane innan
landevegsløp i Norge. Vi er godt etablert i løpsmiljøet her i landet, men
det dukkar stadig opp utlendingar som har funne fram til oss. I år ventar
vi folk både frå Spania, Belgia og Holland.
Alle løpa foregår no på sørsida av Jølstravatnet. Heilmaraton startar ved
mål på Vassenden og går austover til Sunde der ein vender og tek same veg
tilbake. For dei som ikkje ynskjer å springe så langt har vi tilbud om både
halvmaraton (21,1km) , 10km og 5km.
For dei som ikkje ynskjer å konkurrere har vi tilbud til trimmarane også.
Her kan ein enten sykle rundt Jølstravatnet eller delta på miniton (1/10
maraton = 4,2km). Her er ingen tidtaking og folk kan starte og slutte når
ein vil.
Ei hending – kanskje mest av lokal interesse – er at Jølster Kommunestyre
spring heilmaraton som stafett! Partia har foldelt løypa mellom seg og går
eller spring sin distanse. Det er sjølvsagt ordførar Gerd Dvergsdal som har
siste etappa. Det skal bli spennande å sjå korleis dette går.
Til slutt ynskjer vi alle velkomne til oss!
HER er meir detaljar om løpet.
Slik gjekk det i 2009