Pressemelding

Nuten opp 8.august blir uttaksløp for VM i motbakkeløp

Motbakkeutvalget i Norsk Friidrett har bestemt at det 6. løpet i SALOMON NorgesCup - motbakkeløpet NutenOpp i Rosendal sundag den 8. august - skal vera det siste uttaksløpet til VM (verdensmeisterskapen) i motbakkeløping i Kamnik i Slovenia den 5. september.

Publisert Sist oppdatert


For utøvarar med ambisjonar og ynskje om å delta i VM, vil difor deltaking og innsats i NutenOpp i Rosendal 8. august, få AVGJERANDE betydning for uttaket til VM (Motbakkeutvalet i Norsk Friidrett har tidlegare bestemt at NM og Norgescupen er dei løpa som skal vektleggjast når uttak til internasjonale konkurransar skal gjerast).

Deltakarar i NutenOpp vil elles få ein god peikepinne på det internasjonale nivået, sidan mangeårig verdensmeister Jonathan Wyatt, frå New Zealand stiller til start i løpet i baroni-bygda Rosendal for 4. året på rad. Det gjere òg kona hans Antonella Confortola Wyatt frå Italia. Ho vart for kort tid sidan (nærare bestemt4. juli) nr. 4 i EM i motbakkeløp i Bulgaria.

Både Antonella og Jonathan skulle difor vera ein god målestokk på den internasjonale standarden når norgescupleiar May Britt Buer, Gular og m.a. Joel Dyrhovden, Samnanger stiller i spissen for den norske motbakkeeliten.

NutenOpp kan i år elles skilta med solide pengepremiar og mange flotte gåvepremiar, både til eliteløparen og mosjonisten.

Jonathan Wyatt held elles laurdag føremiddag kurs i motbakketrening og løping. Norske motbakkeentusiastar skulle difor ha litt av kvart å sjå fram til.

For meir info sjå; www.motbakkecup.no
For påmelding; http://www.fjellstreif.no/program/2010/8/8/kvinnherad-nutenopp---salomon-norgescup-2010.aspx (trykkjer du program - ser du at det skjer mykje i løpet av helga).

For info om Rosendal; www.rosendal.net

Denne teksten er ei uredigert pressemelding frå arrangøren av Nuten Opp.
Powered by Labrador CMS