Vignett-kondiskommentaren.jpg2 av dei 20 barnetrygdkronene vi fekk i månaden, tienden, fekk vi pålegg om å putte på misjonsbøssa. Vekselvis gjekk pengane til indremisjon og ytremisjon, santalmisjon og muhammedanarmisjon, misjon bak både jarnteppe og bambusteppe.

Mosjon derimot stod ikkje høgt i kurs, med mindre den kom som ein naturleg del av gardsarbeidet. Det vart det til gjengjeld mykje av, med fjøsstell og siloslått, ugrashekting og hesjing, skogsarbeid og steinplukking, for å nemne noko. Men vi ungane fekk ikkje nok og trimma trutt på det som måtte bli att av tid når arbeidet var gjort – og det ikkje var misjonsmøte i kyrkje eller bedehus.

Pålegg eller indre trong
Det eine var pålegg. Det andre var drivi av leikelyst og indre trong. Etter kvart som eg vart gamal nok til å velje sjølv, kom misjonen i bakgrunnen, medan mosjonen stadig stod i sentrum.

Til sist vart den både hobby og arbeid. Trim og trening med kroppen. Formidling av det same – med hovud og hand. Om gleda over å vera i rørsle, om sitringa før ein konkurranse, om helseeffektane av å halde seg i form.

Sjølv om det verken var muhammedanarar eller kommunistar bak jarnteppet som skulle omvendast, så vart det kanskje likevel eit slags misjonspreg på det heile. Den glade bodskapen som skulle ut – om store opplevingar i maratonløyper og flotte turar opp og ned av høge fjell. Vandreturar langs kysten og leikande skiturar langt inn i marka. Fleire måtte få dette med seg. Sjå ljoset og komma seg ut av inaktivitetens mørke.

Visjon
Til sist vart det landsmøteformulert som Kondis sin eigen visjon: «Vi sprer treningsglede.» Og vil nokon vippse over tienden for å hjelpe oss med å fullføre oppdraget, så takkar vi ikkje nei til det.

Men så hender det at eg undrast litt på om det er så viktig å mosjonere at ein må misjonere? Finst det ikkje fleire vegar til gleda og det gode livet? Er det sikkert at det som kjennest rett og bra for meg, òg vil vera det beste for andre?

Sjølvsagt er det fint å halde seg i form, for både kropp og hovud. Vi er skapt til rørsle, det er fort gjort å sitje seg sjuk.

Men eg vonar likevel at eg ikkje er ein som prakkar på andre – på same måte som eg sjølv vart påprakka i oppveksten. Eg veit litt om kva som er bra for meg, og eg kjenner mange som har det på liknande vis. Men folk må sjølv få finne ut kva dei vil bruke tida og livet sitt på.

Ja, det er fint å springe i fjellet, og dobbelt så fint å ha nokon å springe saman med. Så bli gjerne med om du vil utforske den delen av livet og verda.

Ekte misjonær
Men det er heilt sikkert mykje anna som er bra og som eg ikkje har fått med meg. Måling, meditasjon, musikk. Kan hende fordi ingen misjonerte nok, men mest sannsynleg fordi den indre trongen tok meg ein annan stad, dit eg er i dag. Der eg har det bra, men kor mange andre heilt sikkert ikkje ville kjent seg like mykje heime.

Siste nyttårsaftan hadde eg gleda av å hamne i selskap med ein vaskeekte misjonær, nett heimkomen frå oppdrag i Mongolia. Ho forklarte at for henne handla misjon om å presentere eit alternativ som ho var overtydd om var sant og godt – slik at folk kunne velje det om dei ville.  

Lenger vil heller ikkje eg gå i mosjonsmisjoneringa. Og i motsetnad til henne trur eg ikkje at eg sjølv har funni den eine store sanninga. Berre ein måte å leva på – av mange moglege – som har gitt meg stor glede.

(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 1 - 2019)

 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton