Arrangørklubben IF Klypetussen har utgangspunkt i Sævareid-Stordalen i Etne kommune, men har mange medlemmar utover i landet. Har til og med hatt islendingar og kenyanarar på medlemslista.

Klypetuss-karusellen since 1983. 

Alt året etter at IF Klypetussen vart skipa, starta ein med tre ulike løp, meint som trening og uttaking til Holmenkoll-stafetten. Trongjo Opp I, Bjørkeklubben Over I, og Trongjo Ned I - Holmenkoll-trening. Så kom dei same løpa éin gong til, men då som uttakingsløp. Dette varte til 1999. Deretter vart det berre eitt løp av kvart slag. P.S. IF Klypetussen har 53.59 i Holmenkoll-stafetten med KNUT ERIK RAME på laget. I 2018 satsar klubben på come back med lag i Mix-klasse etter mange års fråver.

Morten Gjendem med storløp i Trongjo Opp
Thomas Finshus er ein glimrande motbakkeløpar. I 2014 sprang han opp dei 1750 m motbakke inkludert dei fyrste flate 115 m på glimrande 6.40. Lenge trudde arrangøren at Morten Gjendem hadde sett ny rekord, men i 2014 var den nye løypa ferdig, og då sprang Thomas Finshus på 6.40 som er gjeldande løyperekord med Morten Gjendem sitt løp 2018 som nestbest.
Arrangøren seier seg lei for den pinlege feilen. Dei kjem attende med ei ti på topp-liste.

17. mars  2018 sprang Morten Gjendem opp på 6.46. Verkeleg sterkt! Sterke løp også av Trond Olav Halvorsen Haugesund IL på 5.57. Johannes Heien, Ternen IL i Kvinnherad kom seg opp den bratte bakken på pene 7.26 på sin fødselsdag.

Løyperekordhaldar Maryna Novik var 16 sekund bak sin eigen rekord på 8.00. 


Barneløp med ny logo og nye medaljar
I den nye mini-utgåva var det 6 som fullførte utan tidtaking. Alle fekk den nye medaljen med fersk logo i. 
Etterpå var alle som hadde tid og lyst ,samla til gratis pizza, saft og kaffi på Sævareid skule. Her vart vinnarane premierte, og premiar trekte.

Resultater:
Kvinner:
1. Maryna Novik, IF Klypetussen          8.16.
2. Elin Udstuen, IF Klypetussen         17.50


Menn:
1. Morten Gjendem, Noteam (!)            6.46   Løyperekord!
2. Trond Olav Halvorsen, Haugesund IL    6.57
3. Johannes Heien, Ternen IL             7.26


Alle resultater nederst i artikkelen

Alle foto: Olav Samland

Barn_640_IMG_3904.jpg
 Det fyrste barneløpet i Trongjo Opp er i gang....

Jente_640_IMG_3905.jpgHer er ei ung jente som ser ut til å ha løpesteget i orden.

Mor_og_barn_i fart_640_IMG_3906.jpg
Veldig kjekt for arrangøren at dei vaksne er med .  Sjå den idrettsgleda!

Mot_maal_640_IMG_3928.jpgLite trafikk i Trongabrekko, men det er viktig å minna køyretøy på at her er mjuke trafikantar på gong

Nr142_640_IMG_3931.jpg
Sterke løparar frå nabokommunen Kvinnherad, som må bruka ferja for å koma til løpet, og frå Haugesund. Det fantastiske veret og stabile snøforhold lokka vel ein del av dei som plar vera med - til fjells. Uansett god atmosfære og sterke løp på dei som kom. 

Unge_og_eldre_640_IMG_3913.jpgHer har dei vore oppe og snudd, og er på veg til mål etter ca 400 m i kortløypa. 

Premieutdeling_640_IMG_3951.jpg
Mini-løpet også for vaksne. Her med den nye, flotte medaljen rundt halsen


Les også om det første løpet i Klypetusskarusellen i år

Resultater Trongjo Opp 2018 - 18. mars 2018

Menn 1. Morten Gjendem Privat 6.46 min
  2. Trond Olav Halvorsen HIL 6.57 min
  3. Johannes Heien Ternen 7.26 min
* 4. Tor Arne Sandvik IF Klypetussen 8.25 min
  5. Harald Saghaug Ternen 8.43 min
* 6. Thorbjørn Samland IF Klypetussen 9.13 min
  7. Rokas Ivanovskis IF Klypetussen 9.53 min
  8. Steinar Lillevik Ternen 10.02 min
  9. Tore Aga Silde IF Klypetussen 10.54 min
10. Kjetil Espeland IF Klypetussen 11.05 min
11. Harald Måge IF Klypetussen 11.06 min
11. Skjalg Duesund IF Klypetussen 11.06 min
13. Olav Svendsen IF Klypetussen 14.08 min
*  14. Gisle Sellevold IF Klypetussen 18.10 min
     
Kvinner 1. Maryna Novik IF Klypetussen 8.16 min
* 2. Elin Udstuen IF Klypetussen 17.50 min
       
Barnaløp 1. Nicholas Knudsen
2. Henrik M. Krokå
3. Olav Holmen
4. Klara Svendsen
5. Petra Blikra
6. Aleksander Hovin
   
*=Funkjsonærløp    
         
Tur 1, Sigrid Øvernes    
  2, Einar Eintveit    
  3, Knut Leknes    
  4, Ingunn Frette    
  5, Line Birgitte S. Frette    
  6, Kari Svendsen    
  7, Marit Svendsen    
  8, Klara Svendsen    
  9, Alaksander Hovin    
  10, Bjørg Halleland    
  11, Leif Halleland    
  12, Gjerd Markhus    
  13, Siv Kristin Holmen    
  14, Olav Holmen    
  15, Ivar Halvorsen    
  16, Brita Halvorsen    
  17, Tore Halvorsen    
  19, Randi Frette    
  20, Siri Frette    
  21, Liv Irene Frette    
  22, Olav Samland    
  23, Egil Prestegård    
  24, Bodil Hustoft    
  25, Gunnbjørg Ljusnes    
  26, Johanna Ljusnes    
  27, Leif Arne Løvereide    
  28, Sigrid Berit Løvereide    
  29, Bjarne Ljusnes    
  30, Gurine Jensen    
  31, Jon Magnar Jensen