Laurdag 25. august - ei veke etter NM - går landevegsløpet "Langs Åkrafjorden" for 16. gong i Etne i Sunnhordland. 11 km (kontrollmålt) løping på gamle E-76 mellom Kyrping Kro og Bensinstasjon og Åkrafjordtunet. Denne løypa er sterkt kupert, og vegen er eit solid handtverk, med byggjeperiode 1937 til 1942.  Bilfritt.

Laban Onderi Siro vann i 2012 og 2013 mellom anna det store Midnattsloppet i Gøteborg. Litt seinare på året sprang han på 33.51 i "Langs Åkrafjorden" i den tøffe 11 km lange løypa. Dette er verkeleg fort!
Men året etter fekk han landsmannen Francis Kipketer Chesumai som konkurrent i "Langs Åkrafjorden". Chesumai var heller ingen kvensomhelst. I 2009 vann han Montreal Marathon på 2.09. På "Bergprisen" etter 2930 m leia Chesumai. Men Siro var ikkje langt bak, tok han att, sprang forbi, og inn til løyperekord 33.35. 

Det er denne løyperekorden Okubamichael, norsk meister på 10000 m i 2016, vil prøva å slå. Klarer han rekorden, eller ein annan slår rekorden, vankar det 4000 kroner i fyrstepremie og 5000 kroner i tillegg for å sette løyperekord.

Arragørendring:
IF Klypetussen tok over "Langs Åkrafjorden" frå det som før var trelags-samarbeid.
- Me har satsa veldig mykje dette året, seier arrangøren. Mellom anna har me premiar/trekkjepremiar for rundt 40.000 kroner.

Nytt i 2018:
Kortløype 750 m for alle som ikkje klarer 11 km. 
Stafett 8 etappar 6 x 1 km 1 x 2 km & 1 x 3 km.
Her er påmeldingsfrist 20. august og lagoppsett innan 23.8. så speaker kan førebu seg på interessant informasjon til publikum.

Langs Åkrafjorden er "Kvalitetsløp" og Kondis-medlemmer får kr 40 i rabatt. 

Reportasje fra løpet i 2017; Susanne Wigene fortsatt sprek - vann Langs Åkrafjorden

PÅMELDING HER

Les også tidligere forhåndsomtale av årets løp: STORE PREMIER​

Vi ser Susanne Wigene på femteplass i starten. Sjølv om Susanne framleis er ung (39 år), så har ho lagt opp. Men ho osar framleis av løpeglede og løper fort. (Foto: Olav Samland)
2017:  Vi ser Lars Lunde i tet og Susanne Wigene på femteplass i starten. Sjølv om Susanne framleis er ung (39 år), så har ho lagt opp. Men ho osar framleis av løpeglede og løper fort. (Foto: Olav Samland)

Langs Aakrafjorden_logo_640.jpg