Atle Knut Midtbø i Syvde IL har sendt oss følgjande melding:

Desse karane på biletet dominerte langrennsporten i mange år, med fleire OL og VM- gullmedaljer der skikongen Thomas Alsgaard er den største grossisten. Dei har for alltid skreve seg inn i Norsk OL- historie og det var stort for oss i Syvde Idrettslag, då vi lanserte ideen om gjenforening av laget og dei takka ja. Det har ikkje bydd seg noko anledning for dei til å treffast etter at dei slutta på landslaget, men no skjer det altso. På Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane! 

Karane er fortsatt i god form og Anders er nok den som er mest aktiv. Han signerte i vår for tre nye sesonger som langrennsløper på toppnivå https://www.langrenn.com/uttak  og er i desse dagar på Grønland ilag med broren Jørgen for å prøve seg på å sette verdensrekord i kryssing av Grønland. Den gamle rekorden er på 6 dagar og 22 timar. Du finn bloggen deira her https://auklandmetoden.no/even  Vi kryssar fingrar og håper dei kjem i mål før tidsfristen og at Anders har igjen litt saft i beina til råsa opp på Blåfelden. 

Dei stiller til start under Blåfelden Rett Opp 2. juni 2018, som individuelle løperar og som lag. (Ikkje stafettlag slik dei er vandt med).

Sjå tidligare forehandsak om Blåfelden Rett Opp