Gjesdalmilå er ein småkupert 10 km som går rundt Edlandsvatnet på Ålgård. I år sprang 44 på tid og 4 utan tidtaking. I tillegg var det 44 ungar som var med på det 800 m lange barneløpet. 

Sara Aarseth som vann dameklassen, har sjølv løyperekorden med 37.52, sett i 2018, og ho vann òg løpet i 2017. Løpet i år var ikkje hennes lettaste. 

– Det var veldig tungt, eg har vore forkjøla nokre veker, så det vart første hardøkta på ei god stund, fortel ho til Kondis og legg til:

– Den småkuperte løypa har ei tøff avslutning opp frå vatnet, og i år var det òg ein del vind undervegs. Arrangørane er flinke, så det er eit kjekt løp, sjølv om forholda og løypa er litt tøffare enn eg likar det, seier Sara som har planar om å springe Kystløpet i Egersund og kan hende 3-sjøersløpet i Stavanger seinare i haust. 

Monika Vassbø på andreplass kom i mål 18 sekund bak Sara Aarseth, og faktisk var det berre 39 sekund som skilte dei fem første kvinnene i mål. 

I herreklassen var det litt meir vatn mellom båtane. Kim Andre Haugstad var med sine 33.21 halvanna minutt framføre Kristian Bjørsvik med Bjøro Nevland 19 sekund til bak på tredjeplass. Løyperekorden er på 31.17 og vart sett av Frew Zenebe Brkineh i 2018. 

GM-Kim-Andre-Haugstad.jpg
Kim Andre Haugstad hadde tid til å juble for sigeren før han sprang i mål inne på stadion på Ålgård. (Foto: arrangøren) 

GM-Sara-Aarseth.jpg
Sara Aarseth hadde god grunn til å smile etter at ho hadde teki sin tredje siger i Gjesdalmilå. (Foto: Bjørn Sundvor) 


For dei som likar å springe rundt vatn, er Gjesdalmilå eit godt alternativ. 
 

  10 km menn    
1 Haugstad Kim Andre  NOR 33:20.7
2 Bjørsvik Kristian  NOR 34:49.8
3 Nevland Bjøro  NOR 35:08.6
4 Rennemo Anders Idsø  NOR 35:38.6
5 Høien Tore  NOR 35:50.4
6 Nevland Roger  NOR 36:06.9
7 Acarregui Steve  USA 38:31.9
8 Lædre Harald  NOR 39:38.2
9 Aalbu Ingve  NOR 39:49.4
10 Blom Jan Erik  NOR 40:00.1
11 Nesvåg Leif Inge  NOR 40:33.0
12 Vaage Harald  NOR 43:47.2
       
  10 km kvinner    
1 Aarseth Sara  NOR 40:35.9
2 Vassbø Monika  NOR 40:53.8
3 Vatland Hege Linn Eie  NOR 41:00.7
4 Glette-Iversen Ingrid  NOR 41:09.0
5 Thorsen Agathe  NOR 41:14.6
6 Kalsaas Iselin  NOR 47:34.7
7 Fjeldheim Grethe  NOR 48:46.1
8 Fjeldsbø Ella  NOR 51:54.1
9 Nevland Eliane  NOR 53:48.7
10 Heegaard Hildur  NOR 53:55.7
11 Volden Helen  NOR 54:29.9
12 Thorsen Othilia  NOR 54:47.3


Alle resultat

GM-Barnelop.jpg
Ungane hadde sitt eige løp på 800 m. (Foto: arrangøren)
 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957