Vignett-kondiskommentaren.jpgNike-skoen vart laga som ein del av sub2-prosjektet som enda opp med at Eliud Kipchoge sprang maratondistansen på 2.00.20 på Monzabana i Milano våren 2017, med god drahjelp av både bil, laserljos og ei rad med menneskelege harar. 

Sjølvsagt er det ingen sko som gir 4 prosent betre løpsøkonomi, tenkte mange av oss som er opplært til å vera kritisk til reklamen, da vi høyrde om den rekordraske skoen. Det får vera grenser for å hausse opp ein sko, sjølv til ein pris på 2500 kroner.

Ille ville det vori om det ikkje var sant – at folk vart lurt til å bruke så mykje pengar på ein sko som ikkje heldt det som vart lova.

Men omtrent like ille er det òg om det er sant – at Vaporfly-skoen verkeleg gir 4 prosent betre løpsøkonomi. For da handlar det om ein fordel og ein framgang som er minst like stor som det ein kan forvente av eit omfattande dopingprogram.

Forskarane reknar med at 4 prosent betre løpsøkonomi vil gi om lag 3 prosent betre løpstid. Det vil seie at det handlar om 5-6 minutts forbetring for ein som spring maraton på 3 timar. Hadde eg hatt Vaporfly4 og 4-talet fungerte den gongen eg sprang Chicago Marathon på 2.28, ville eg vori 2.24-løpar.

Det må trenast hardt og mykje for å skjera så grovt av persen.

Ei forskingsgruppe har, rett nok på oppdrag frå Nike, konkludert med at Nike-skoen med karbonplata og det spenstige skummet gir ca. 4 prosent forbetring av løpsøkonomien. Folk eg har snakke med som har prøvd skoen, seier i stor grad det same: «Sjølv på dagar med dårleg dagsform, går det fort når eg tek på meg Vaporfly.»

New York Times har studert ein halv million maraton- og halvmaratontider frå resultatlister og Strava-opplastingar og sett på samanhengen mellom skoval, framgang og persefrekvens, og konklusjonen deira er den same: Vaporfly er ca. 4 prosent raskare enn snittskoen og ca. 2 prosent betre enn det nest beste alternativet.

Kan hende er det berre placeboeffekt. Frå før veit vi at eit placebo fungerer betre jo dyrare det er, og har ein teki på seg sko til 2500 kroner, forventar ein gjerne å springe fort. Når skorne i tillegg blir laga i så små opplag at ein omtrent må på svartebørsen for å få tak i dei, blir forventingane enda større når ein først har dei på beina.

Sjølv har eg ikkje klart å få tak i vidunderskorne, og godt mogleg er eg berre misunneleg på dei som har lukkast, og som har sprungi fort i dei. Men eg må vedgå at eg synest litt synd på dei topputøvarane som er sponsa av merke som ikkje har Vaporfly i sortimentet, og som fort kan føle at dei har tapt før løpet startar. 

Truleg burde IAAF for lengst gått skorne nærare etter i saumane. Det var ein farse da Oscar Pistorius fekk stille i ordinære løp med sine karbonblad, og stort betre blir det ikkje om det materialet som gir ekstra sprett, berre er betre gøymd i sålen.

Eit kjenneteikn ved løpinga har vori at det ikkje er utstyret som avgjer. Alle skal ha tilgang på det same, og det skal ikkje gå an å kjøpe seg til suksess. Slik bør det få vera òg i framtida.   

(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 6- 2018)

 

Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.