1. mai er det premiere for ein ny stafett: "Over Fikse" er namnet.

Løypa går på gamle postvegen over Fikse der fylkesgrensa går.  Denne vegen vart opprusta på dugnad pluss millioninvestering, og gjenopna med langløp, turmarsj og stafett i 2017. I 2018 vert det meir satsing på stafett og turmarsj, og langløp vert lagd på is.

Det er alt påmeld over 22 lag, som skal finna folk til 10 etappar, og arrangøren meldar at fleire lag er på gang.

Hovudtrekka i stafetten er at det er 5 etappar mest motbakke opp frå Ølen til Fikse, så to etappar ned på Etnesida, så flate og opp og ned siste tre etappane. Lengste etappe opp er 1,5 km, lengste etappe ned er 1.7 km. Siste etappe er kortast på 720 m inn mot mål inne i Skakkesenteret. 

Her treng laga ikkje vera tilslutta noko som helst. Her er bedriftslag, idrettslag og private lag i ulike samanhengar. Til dømes er Småfolk Barnehage i Etne blant dei store favorittane. Ein av eigarane er mor til to særs dyktige løparar som dei har kapra, nemleg Tøres og Sondre Rullestad, men dei har mange andre gode løparar som den andre eigaren av den private barnehagen, Anette Lauareid Hovda. Ein god løpar også det.

Eit spennande prosjekt. 

Meir informasjon på arrangørens nettside

Desse er påmeldt - og det er enno plass til fleire: 

  • Ølen Betong
  • Sørstranda grendelag
  • Hestanipen opp
  • Omega
  • Omega3
  • Medvind24 Næringshage   
  • Vindafjord Kommune
  • Team Roatoppen opp
  • Helgevold Elektro
  • Småfolk barnehage
  • Trimgutta Ølen
  • Berge Sag
  • Autostore
  • Kathrines fitness farm
  • Etne Senter
  • Ølen Senter
  • Fikse Næringsforening
  • Klypetussen I
  • Klypetussen II
  • Lundeneset vgs
  • Enge Skule
  • Dei kulaste jentene i Vindafjord ( J12 ølen il)  


Over-Fikse-2017-640.jpg
I samband med opninga av den gamle postvegen i 2017 vart det arrangert både løp, turmarsj og stafett. I år satsast det på ein stor stafett og ein turmarsj. (Foto: arrangøren)